Kveldsgudsteneste

Kveldsgudsteneste

Sundag kl.19. Eit tema i tida. Ein god føredragshaldar. Ekstra musikarar. Nattverd der folk vandrar til stasjonar med kreative tekstar, symbolhandlingar og bønner. Noko som har kome for å bli.

Gudstenesteutvalet i Brynekyrkja har gjennom mange år skapt ei gudstenesteform som mange er veldig glad i – og andre finn det lett å koma til. 

Kveldsgudsteneste har ein undervisande profil, gjerne utradisjonelle føredragshaldarar om aktuelt i tida.  Dei siste åra har ein hatt semestervise  tema som gjer at kveldar utfyller kvarandre.  Bønnevandringane er vakre – og dei musikalske uttrykka har stor breidde. 

Velkommen til ei gudstenestefeiring som utvidar perspektiv på ein tradisjonsrik og eksperimenterande måte.

Relaterte artikler

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone