Rapport fra Åslaug Ihle Thingnæs
Prosjekt Midtøsten

Rapport fra Åslaug Ihle Thingnæs

NMS representant Midtøsten og Pakistan
Av: Bryne kyrkjelyd
Publisert: 19. Oktober 2016
Det har vore ei varm veke på fleire måtar. Mellom 35 og 40 grader er krevande, men varmen frå alle menneska eg har møtt er overveldande. Kjenner meg privilegert som får erfara dette på vegne av alle givarar i Norge. Vil berre gi eit par glimt frå besøket i Kairo sist veke.

SAT-7 i Kairo har fått ny leiar, Albert Fawsi. Han har vore tilsett der i fleire år, men for berre eit par veker sidan begynte han i si nye stilling. Eg kom til SAT-7 ein av dei siste feriedagane, men aktiviteten var stor. Det einaste som enno var i feriemodus var det faktum at live sendingane ikkje var komne i gang att. Ein av dei nye seriane dei skal i gang med i haust er «Praise Factory» for SAT-7 Kids. I eit konstruert fabrikklokale jobber barn i kjeledressar og hjelm, og det dei ‘produserer’ er lovsongar.
I Middle East Media heldt animasjonsteamet på med ein av sine nye produksjonar. Det handlar om flyktningejenta som har mista mor si og må flykta med far til ein heilt ny stad. Animasjon er ein arbeidssam prosess, så det er langt fram for dei, men traileren eg såg lova godt! Elles er det gledeleg å sjå at langtidseffekten av kvinneserien «Mirjams dagbok» som NMS og NORAD støtta i mange år, er stor. Eg fekk delta på ein kvinnedag som var for lesarar av nettsida deira. 110 kvinner mellom 16 og 50 år var samla ein laurdag til zumba, leik og samtalegrupper. Det var også boklansering denne dagen; for mange av artiklane frå nettsida er gitt ut i bokform på eit vel renommert forlag, - Alle jenter er vakre! Det handlar nemleg om sjølvtillit og sjølvbilde.
På Bibelselskapet fortalde dei om korleis ei spesiell utgåve av Det Nye Testamentet vart brukt som takkegåve når venner og familie viste medkjensle ved gravferd. Dei pårørande kjøper ein del eksemplar og gir det til dei som kjem på kondolansevisitt. Butikken kan ikkje sjølv distribuera gratis; det er ulovleg. Då eg var innom bibelbutikken i Gamle Kairo, fortalde Waahel Sadek om ein mann som kom innom og var forundra over ordet på plakaten vår: Kom til meg alle de som strever og har tungt å bera! - Korleis kunne de veta at eg er så trøytt og sliten? spurde han.
Det vart også tid til ein liten visitt på det diakonale senteret NMS støtter. Der er det like før dei kan montera heisen som skal gjera det mulig å ta imot fleire pasientar til operasjon. Då vert det nemleg mulig å ta i bruk etasjane oppover på annan måte, mellom anna til ei lita postoperativ avdeling. Men utfordringa er framleis å nå ut til flest mulig i nabolaget med tilboda dei har på senteret.
Fleire av dei tilsette ved det teologiske fakultetet stilte på møtet med generalsekretær Jeffrey Huseby og underteikna, og deira ivrige og offensive innstilling smitta. Fakultetet er nært knytt saman med den presbyterianske eigarkyrkja, og samarbeider mykje med den, t.d. med menighetsplanting og –utvikling. For tida er det to av deira studentar som tar master på VID/MHS.
Siste dagen i sjølve Kairo møtte eg representantar for arbeidet mellom syriske flykningar i Jordan som NMS har engasjert seg i. Menigheten i Egypt har sendt ein pastorfamilie som bur i Mafraq ved den syriske grensa. Minst annakvar månad reiser eit team til byen og jobber ei veke saman med pastor Nour og gjengen hans. Dei fortel at det som skiljer folka deira frå mange av dei andre hjelparane, er at dei tar seg tid til å lytta, ikkje berre dela ut utstyr mm. – Flyktningane får fortelja historiene sine, kanskje klarer dei knapt fortelja, for gråten tar dei, men me gir dei tid og oppmerksomhet, og det er ikkje vanskeleg å sjå at det gjer dei godt.
Så avslutta eg veka i Egypt på Anafora hjå biskop Thomas og alle han omgir seg med der. Det synest som han har henta inn dei flottaste englane til å ta imot gjester. Smilande svarer dei på spørsmåla dei får, dei ordner opp og skaper ein atmosfære av ro, raushet og trygghet rundt seg. Programmet NMS er med dei på er eit tilbod om traumehealing for kvinner. Desse kursa fyllest fort no, for dei som har deltatt, spreier godt rykte, så mange nye ønskjer å vera med.

05.10.2016

Åslaug Ihle Thingnæs
NMS representant Midtøsten og Pakistan
Det Norske Misjonsselskap

 

 

Fleire sakar:
Kveldsgudstenesteserie om korset
Arvid Kaspersen ved Utstein pilegrimsgard kjem 21.januar
Kveldsgudstenesteserie om korset
«Kva betyr det at Jesus døydde på eit kors?» Gjennom 5 kveldsgudstenester våren 2018 skal dette sentrale temaet i kristen tru verta belyst gjennom føredrag, musikk og små...
LES MEIR | 11. Januar 2018
Velkomen til misjonshelg med Den Norske Israelsmisjon 27 - 28 januar.
Den årlige misjonshelgen på Bryne blir 27 - 28. januar. Hovedtaler blir ass generalsekretær i DNI, Vegard F. Soltveit.
LES MEIR | 03. Januar 2018

Kva skjer?
Les også:
MEDARBEIDARFEST 2018
Fredag 16/3 inviteres medarbeidarar i Bryneyrkja til fest! Tradisjonen tro sett staben si æra i å gjera stas på våre kjære medarbeidarar i kyrkja.
LES MEIR | 17. Januar 2018
Semesterprogram våren 2018
Velkommen til en mangfoldig vår i Brynekyrkja!
LES MEIR | 03. Januar 2018

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone