Felleskyrkjeleg reformasjonsjubileum i Brynekyrkja

Felleskyrkjeleg reformasjonsjubileum i Brynekyrkja

Av: Stein Ødegård
Publisert: 04. Oktober 2017
På kveldsgudsteneste sundag 15.oktober vert reformasjonsjubileet hausten 2017 markert med fellesgudsteneste for kyrkjeforsamlingar i Bryne. Tema er: «Frelsa er ikkje til sals».

Fellesgudstenesta er eit resultat av tillit og godt samarbeid mellom dei lokale kyrkjene. Dette er ikkje sjølvsagt, men desto viktigare.  Resultatet av reformasjonen vart nemleg oppdeling i ulike, splitta kyrkjer som sto og har stått mot kvarandre.  Då kjennest det ekstra viktig å markera eit jubileum med å forplikta seg til samarbeid og eit godt vitnesbyrd om å vera eitt i Kristus og stå saman om det sentrale i kristen tru.

Kveldsgudstenesta har Stein Ødegård som liturg, Johannes Kleppe som predikant og panelinnlegg om sider av reformasjonen som er viktige i dag i dei ulike forsamlingane.  Her bidreg Håvard Sandve frå Frikyrkja, Thorleif Bruseland frå Misjonskyrkja, Thomas Rake frå Bedehuskirken og Jens Olav Mæland.

Som alltid har kveldsgudstenester i Bryne kyrkje stille tid med nattverd og bønnevandring.  Lovsangsband bidreg med god musikk.  Kvelden blir avslutta med kyrkjekaffi med god tid til drøs og til å knytta kontakt og vennskap.  

Fleire sakar:
ORDET ALENE
Vi fortsetter suksessen! Her er datoene for kveldssamlingene over en åpen Bibel i Brynekyrkja Høsten 17...
LES MEIR | 05. September 2017
Reformasjonsjubileet: Dag Jørund Lønning i Brynekyrkja
Sundag 17.september er det tid for Tema nr.2 reformasjonsjubileet hausten 2017: «Skaparverket er ikkje til sals».
LES MEIR | 07. September 2017

Kva skjer?
Les også:
Artistdugnad for nytt flygel i Brynekyrkja
En komite bestående av kantor Per Olav Egeland, Hilde Hanevik, Jostein Tollaksen og Håkon Urstad er i full sving med innsamlingen til nytt flygel i Brynekyrkja. 19. oktober...
LES MEIR | 27. September 2017
CAMP HIMMEL&HAV
Bli med på Brynekyrkja sin menighetsweekend CAMP Himmel & hav 27. – 29. oktober på Sola. Dette blir en helg med mye god mat, samlinger for store og små, gudstjeneste,...
LES MEIR | 01. September 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone