Kveldsgudstenesteserie om korset
Arvid Kaspersen ved Utstein pilegrimsgard kjem 21.januar

Kveldsgudstenesteserie om korset

Av: Stein Ødegård
Publisert: 11. Januar 2018
«Kva betyr det at Jesus døydde på eit kors?» Gjennom 5 kveldsgudstenester våren 2018 skal dette sentrale temaet i kristen tru verta belyst gjennom føredrag, musikk og små glimt om korset i kunsthistorien. 21.januar startar det med innblikk i retreatarbeid og pilegrimsvandringar.

«Kva betyr det at Jesus døydde på eit kors?»  Gjennom 5 kveldsgudstenester våren 2018 skal dette sentrale temaet i kristen tru verta belyst gjennom føredrag, musikk og små glimt om korset i kunsthistorien.

21.januar startar det med innblikk i retreatarbeid og pilegrimsvandringar.  Dagleg leiar ved Utstein Pilegrimsgard Arvid Kaspersen har føredrag.

Arvid Kaspersen og er fødd og oppvaksen på Klepp, er utdanna sosionom,  har hatt arbeid i Jæren Industripartner og JSI Jobbkompetanse både som rettleiar, attføringsleiar og dagleg leiar.

Hausten 2016 overtok han som dagleg leiar ved Utstein Pilegrimsgard på Mosterøy. Bispedømmet sitt retreat- og pilegrimssenter arbeidar med stillhet, bønn, meditasjon og vandringar ute i naturen. Arvid arbeidar med å vidareutvikla senteret til ein variert og mangfaldig rasteplass på livets veg, slik at alle som treng nokre rolege dagar og tid til eigne tankar, skal finna roen på Pilegrimsgarden og i det vakre landskapet rundt Utstein kloster og Fjøløy.

I føredraget på sundag spør han korleis korset kan vera ei kjelde for alle tørste.

Det gode koret i Undheim kyrkje «DeKor», deltek med song og musikk. 
Heidi Strand Harboe står bak bønnestasjonar som folk kan vandra til, i ein atmosfære av stillhet, bønn og meditativ musikk.  Ei kjelde for tørste.  Med korset i blikkfeltet.

Plakat for kveldsgudstenesteserien finn du nedanfor...

Relaterte dokumenter
Fleire sakar:
Velkomen til misjonshelg med Den Norske Israelsmisjon 27 - 28 januar.
Den årlige misjonshelgen på Bryne blir 27 - 28. januar. Hovedtaler blir ass generalsekretær i DNI, Vegard F. Soltveit.
LES MEIR | 03. Januar 2018
Bibekveldar i Brynekyrkja
Denne vinteren blir det Bibelkveldar med fokus på liding sett ut frå Guds Ord og korleis me kan møte smerte og liding. Bryne kyrkjelyd, saman med Klepp kyrkjelyd står for...
LES MEIR | 17. Januar 2018

Kva skjer?
Les også:
MEDARBEIDARFEST 2018
Fredag 16/3 inviteres medarbeidarar i Bryneyrkja til fest! Tradisjonen tro sett staben si æra i å gjera stas på våre kjære medarbeidarar i kyrkja.
LES MEIR | 17. Januar 2018
Semesterprogram våren 2018
Velkommen til en mangfoldig vår i Brynekyrkja!
LES MEIR | 03. Januar 2018

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone