Jungelgjengen

Sundagskulen i Brynekyrkja!

Sundagsskulen i Brynekyrkja heiter Jungelgjengen. Når det ikkje er familiegudsteneste er det Jungelgjeng i kjallaren. Løva kjem og hentar ungane i gudstenesten.

Jungelgjengen bruker Sundagsskulen Norge sitt pedagogiske opplegg Sprell Levende. Sprell Levende er eit skreddarsydde pedagogiske opplegget for barn 3-10 år.

Under alle gudstenester er det leikekrok for dei minste borna bak i kyrkja. Her finn du også teiknesaker.

 

Medlemskontingent

Det er medlemskontingent i Jungelgjengen. Kontingenten er på 50 kr per år per barn og betales til sundagsskulelærar enten kontant eller med kort. Jungelgjengen får Frifondmidler for kvart betalande medlem.

 

Frivillige medarbeidarar

For å drive eit godt sundagsskulearbeid treng vi mange frivillige medarbeidarar. Ta kontakt om du kunne tenkje deg å vere med i teamet å drive Jungelgjengen i Brynekyrkja. Vi draumer om å starte ei eige gruppe for dei eldste borna.

Bli med å gje vidare det viktigaste til neste generasjon. Jesus til borna!

 

 

 

 

Aktiviteter for barn og unge i Brynekyrkja

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone