Evigheten og øyeblikka
Matteus 25,31-46. Siste sundag i kyrkjeåret 2017
Evigheten og øyeblikka
På dommens dag vert det ikkje spurt etter plass i kyrkjelandskapet eller dogmatiske teoriar og læresetningar, men etter kjærleik. Trua sin kjærleik som ser Jesus overalt der Jesus er å sjå.
LES MEIR | 27. November 2017
0
Vellukka eller salig
Allehelgensdag 2017. Matteus 5,1-12
Vellukka eller salig
Dei folka Jesus kallar salige, har ikkje vunne i livet si store lottotrekning eller karra seg opp klatrestigen eller bygd eit image som tyder på at her går livet på beine skinnar. Dei er salige i håpet, i framtida som alt har begynt.
LES MEIR | 08. November 2017
0
Rekkefølgenåde
Reformasjonsdag 29.10.2017 - Rom.1,16-17
Rekkefølgenåde
Nytt ord for dagen. Rekkefølgenåde. Nåden først. Ubetinga. Gjerningane etterpå. For menneske kan gjera uendeleg mykje godt, viss det bare slepp å gjera godt i eit strev om å vera god nok. Det er dønn slitsomt for meg og for alle som måler seg etter...
LES MEIR | 29. Oktober 2017
0
Frelsa er ikkje til sals
Reformasjonstema 15.okt. 2017. Jesaja 55,1-3. Apg.8,4-24. Luk.20,45 - 21,4
Frelsa er ikkje til sals
Å tru og halda fast på at frelsa ikkje er til sals, er frigjerande. Det opnar blikket og hjarta for Guds nåde. Det set opp eit beskyttande vern mot misbruk av makt. Det vernar respekten for mennesket sin integritet.
LES MEIR | 23. Oktober 2017
0
Lengsel og lovsang
16.sundag i treeiningstida 2017, Markus 7,31-37
Lengsel og lovsang
Det er lengselen som gjer mennesket så unikt. Det er Jesus sitt møte med lengselen som gjer han så unik. Sjå han føre deg nå, ansikt til ansikt med ein isolert, døvstum mann.
LES MEIR | 27. September 2017
0
Talent
Matteus 25,14-30. Konfirmantpresentasjon 13.sundag i treeiningstida
Talent
Har du tenkt at du gjerne skulle ha vore ein annan? Hatt andre og fleire talentar? Hatt eit anna utgangspunkt? Vore litt meir som andre?
LES MEIR | 06. September 2017
0
Som ei høne samlar...
Matteus 23,37-39 - Semesterstart 11.sundag i treeiningstida
Som ei høne samlar...
Dei me er glad i, har me lidenskap for. Der hjarta svulmar, veks lidenskapen fram. Der me ser med hjarta, vert empati til handling. Slik er Gud mot oss. Slik vil me gjerne vera mot våre.
LES MEIR | 24. August 2017
0
Vitne om Jesus - eit pinseeventyr
Fellesgudsteneste på hovudscenen Jærdagen 28.05.2017
Vitne om Jesus - eit pinseeventyr
Trollet stakk fram det kritiske hovudet sitt og brølte: ”Nå kjem eg og tek deg…” ”Å, nei, å nei, ikkje ta meg. Eg er så altfor liten til å bry seg om,” summa det tilbake frå kyrkja.
LES MEIR | 29. Mai 2017
0
Ut av verda eller inn i ho
Kristi himmelfartsdag 25.05.2017. Markus 16,19-20
Ut av verda eller inn i ho
Med takk til Eyvind Skeie sin tekstverkstad...
Kristen tru og samtida sin kunnskap vert ikkje konkurrentar. Trua minkar ikkje av etter kvart som universet utvider seg. Det vert ikkje mindre og mindre plass for Gud, når ein ser det slik.
LES MEIR | 26. Mai 2017
0
Liten og stor forteljing
Kveldsgudsteneste 21.05.2017. Apg.16,25-40
Liten og stor forteljing
Kyrkja sin truverdige misjon og visjon tenkjer aldri at målet eller gode hensikter helligar midlet, eller overser enkeltmennesket.
LES MEIR | 22. Mai 2017
0
Lam og konfirmantar
Konfirmasjonshelg april 2017. Joh.10,11-18
Lam og konfirmantar
Når gjerder og grenser for livet vårt vert utvida eller fjerna, når me sjølv må setja grensene og skal håndtera den friheten me får: Treng me vegvisar? Gode gjetarar?
LES MEIR | 02. Mai 2017
0
Det varme fellesskapet
Kveldsgudsteneste 23.04.2017. Joh.21,1-14
Det varme fellesskapet
Nattestrev. Då morgonen kom, var ingenting forandra, bortsett frå at hovudet verka, augene var tunge og geispinga aldri ville gje seg.
LES MEIR | 24. April 2017
0
Langfredag eller Good Friday
Langfredag 2017. Lukas 22,39 - 23,46
Langfredag eller Good Friday
Palmesundag blei 44 drepne og over 100 skada i terrorangrep mot to kyrkjer i Egypt. Biskop Thomas i den koptiske kyrkja fortel at kyrkjene var fulle av kristne i bønn kvelden etter angrepa. Han seier: «Vi bærer korset i smerte og tårer. Men vi er ikke redde. Vi stoler på Gud.»
LES MEIR | 19. April 2017
0
Kjærleik med stor K
1.Kor.13,1-7 Fastelaven 2017
Kjærleik med stor K
Slik er kjærleiken. Uunnværleg og uoppnåeleg. Vakker og vanskeleg. Menneskeleg og guddommeleg. Eit høgt ideal og kvardag med brunost og kjærleik på brødskiva.
LES MEIR | 27. Februar 2017
0
God jord - eller?
Lukas 8,4-15. Såmannssundag 2017
God jord - eller?
Du kan få ein frisk diskusjon, men klippa sjølv er ikkje til å rokka. Tankesystemet er lukka. Du får ikkje ein kile inn i steinblokka.
LES MEIR | 13. Februar 2017
0
Etikk for livet
Kveldsgudstenesteserie 29.01.2017: Kva skal me med ei kyrkje?
Etikk for livet
Bibeltekst for 4.s. i openberringstida: Lukas 18,35-43
Det skal me med ei kyrkje. Eit fellesskap på tvers av alle landegrenser, tider og kulturar som ber den store Mesteren sitt spørsmål vidare: «Kva vil du at eg skal gjera for deg?»
LES MEIR | 30. Januar 2017
0
Knallstart!
Johannes 2,1-11. 3.sundag i openberringstida 2017
Knallstart!
«Knallgod start å begynna i eit bryllup» sa ein i gudstenestegruppa. Me tenkte på at det er slik Jesus begynnar gjerninga si og startar å visa kven han er. Knallstart. Å koma med gleda og berga ho.
LES MEIR | 24. Januar 2017
0
Det blivande mysteriet
Matteus 2,1-12 Kristi openberringsdag 2017
Det blivande mysteriet
Dei hadde gått ein lang veg i lengsel inn til mysteriet. Dei hadde søkt ein konge og funne Guds ansikt. Mysteriet som forblir og blir større dess meir me nærmar oss.
LES MEIR | 09. Januar 2017
0
I alle tider er du
Juledag 2016 - Joh.1,1-14
I alle tider er du
Den som trur på Jesus som alt er skapt ved, trur på meining i tilværelsen, på håp for alt det skapte, på sant lys å følgja, på nåde å reisa seg i, på arbeid for rettferd og miljøvern, på engasjert misjon så stadig fleire får sjå hans herlegdom. Me får tru på ein så stor Jesus!
LES MEIR | 27. Desember 2016
0
Fest i Guds hus
Adventsmessa Fest i Guds hus - 3.sundag i advent, Jes.35,3-8
Fest i Guds hus
Ein god draum for alle urolege hjarte, at dei finn ein sterkare medisin enn vival og rus og anna som gjer viktige følelsar flate. Ein ekte gudsteneste, der livet får verta ærlege ord å møte Gud med, og der orda vert liv.
LES MEIR | 11. Desember 2016
0
Det oppreiste mennesket
Festgudsteneste Time kyrkje. 150 årsjubileum for biskop Peter Hognestad sin fødsel
Det oppreiste mennesket
26.sundag i treeiningstida - Lukas 13,10-17
Me vil ikkje gløyma at det nære ordet inn i kyrkja, bidreg til det oppreiste mennesket ut frå kyrkja. Det har gått meir oppreiste menneske inn og ut av kyrkja, fordi dei næraste orda, dei som byggjer identiteten vår, fekk lyda og tona.
LES MEIR | 14. November 2016
0
Å sitja på gjerdet
16. sundag i treeiningstida 2016. Matt.11,16-19
Å sitja på gjerdet
Evangeliet sine fløytetonar kan godt få by opp til dans utan at personlegheten skal vera mi tvangstrøye og evangeliet sin altfor lunkne venn.
LES MEIR | 04. September 2016
0
Sunt, sant og salig å tru?
Kveldsgudsteneste 28.08.2016
Sunt, sant og salig å tru?
Gudstru og religiøse erfaringar kan opplevast som ei sterk, frigjerande kraft. Og det motsette: Ei kjelde til angst og vonde bindingar.
LES MEIR | 29. August 2016
0
Å tilgje
10.sundag i treeiningstida 2016. Ef.4,29-32
Å tilgje
Hadde tida lækt sår og mildna hat? Var forsoning mogleg? Kunne det utrulege skje at Esau var stor nok til å tilgje og lysten på å vera god bror etter alle desse åra?
LES MEIR | 24. Juli 2016
0
Flisa og bjelken
9.sundag i treeiningstida 2016. Lukas 6,36-42
Flisa og bjelken
Ein vanleg forsvarsreaksjon: For å halda ut med meg sjølv, finn eg ein å la det gå utover. Andre sine fliser er veldig godt stoff for den som vil fortrengja sin eigen bjelke i auga.
LES MEIR | 18. Juli 2016
0
Ansikt til ansikt med anna tru
Kveldsgudsteneste treeiningssundag 22.mai 2016 - Apg.17,22-34
Ansikt til ansikt med anna tru
Han har gjort ansikt til ansikt-inntrykket som gjer at dei nå er lyttande til den talen som seinare har vorte rekna for eit mønster i kommunikasjon, i misjonstale, i dialog med andre om kristen tru.
LES MEIR | 22. Mai 2016
0
Hjarte i uro
4.sundag i påsketida - Johannes 14,1-11
Hjarte i uro
Enkelte hus virkar større innvendig enn dei ser ut utanpå. Det er gode hus. Sånne kyrkjer er gode kyrkjer. Dei fleste menneske er slik, betydeleg større inni enn utanpå. La bare hjartet få ein større herre enn eigen uro: Jesus sjølv!
LES MEIR | 20. April 2016
0
Han som ser meg
3. sundag i påsketida - Markus 6,30-44
Han som ser meg
Å verta leda av Jesus er å gå rundt med gode spørsmål og ope blikk: Er det noko av mitt han kan få i hendene og velsigna, så det rekk så mykje lenger?
LES MEIR | 10. April 2016
0
Nye steg
Påskedag 2016 - Joh 20,1-10
Nye steg
Påskedag og kristen tru er ingen trygg plass å søkja til for dei som vil mimra om det som var og pleia minnene om ei fortid som var betre enn nåtida. Trur me at Jesus er stått opp og lever, så trur me på framtid, så trur me på nye veger, så trur...
LES MEIR | 27. Mars 2016
0
Trusreiser - med kvinner som forbilde
Hanna, Elisabet, Maria og Lydia gjekk føre, og så må kvar av oss finna ut korleis me går inn i ein myndig teneste i Guds rike, og kor vår trusreise går.
LES MEIR | 14. Mars 2016
0
Den opne, gjestfrie handa
Kveldsgudsteneste 21.01.2016: Ansikt til ansikt med flyktningar blant oss
Den opne, gjestfrie handa
Bibelen sitt ideal for livet mellom menneske, er å leva med open hand og ansikt til ansikt. For bibelens Gud gjer ikkje forskjell på folk. Han elskar innflyttarane. Han bed oss gjera mot andre det me vil at dei skal gjera mot oss. Han bed oss...
LES MEIR | 23. Februar 2016
0
Uriaspost og Getsemanekamp
1.sundag i faste 2016. Matteus 26,36-45
Uriaspost og Getsemanekamp
Sjølv den beste kan falla. Sjølv den verste ugjerninga kan verta tilgitt. Så realistisk er bibelen. Så stor er nåden!
LES MEIR | 16. Februar 2016
0
Kveite og ugras
Matteus 13,24-30. Kveldsgudsteneste: Ansikt til ansikt med humanismen
Kveite og ugras
Å leva ansikt til ansikt med Bibelen som veileder er å prøva oss sjølv, og ikkje dei andre. Me skal ikkje sortera, me skal elska! Me skal ikkje leita etter ugras, me skal så korn og gje det gode vekstvilkår. Me skal vera humanistar som heller vil vinna venner enn å finna fiendar.
LES MEIR | 24. Januar 2016
0
Å vita kven han er
Joh.1,29-34 2.sundag i openberringstida
Å vita kven han er
Johannes peikar på Jesus som er lammet som ber vekk verda si synd, og eg er 15 år ein dag og kjenner at eg trur jo at Jesus døde for meg. Og begge me to veit på ein ny måte, der og då, kven Jesus er. Slik det har skjedd og skjer med så mange, overalt i tida og verda.
LES MEIR | 10. Januar 2016
0
Josef og Maria hadde ikkje mobil
Josef og Maria fekk ikkje lagt fødselen ut på Instagram. Dei fekk ikkje teke ein snap. Maria fekk ikkje filma og dela det med mor og svigermor på Facetime og Facebook. Ikkje ein einaste liten selfie fekk dei teke.
LES MEIR | 28. Desember 2015
0
Gleda som ventar bak uro
2.sundag i adventstida - Johannes 16,21-24
Gleda som ventar bak uro
Vond uro dukkar helst opp i brytningstider. Når det gamle og kjente får besøk av det nye og ukjente. Brytningstider er mat for det urolege hjarta. Men dei er like mykje handlingsrom for Guds rike.
LES MEIR | 06. Desember 2015
0
Frå kraft til kraft
Allehelgensdag 2015. Tekstar: Salme 84, Hebr.12,1-3 og Matteus 5,13-16
Frå kraft til kraft
Gjer me gudstenestefellesskap til ei sporadisk greie me oppsøkjer når ingenting anna står på kalenderen, vert resultatet deretter. Kraftløyse. Eit folk utan lengsel og glede. Påfyll og tilkobling er livsnødvendig for eit folk som vil gå frå kraft til kraft.
LES MEIR | 02. November 2015
0
Trøst mot døden
Lukas 7,11-17 Jesus vekkjer opp son til ei enke i Nain
Trøst mot døden
Me skulle så gjerne ha trøst når sakn riv i oss, og me ikkje forstår korleis me skal kunna leva vidare når den – eller dei – me elska, er gått bort. Fins det ei slik trøst?
LES MEIR | 20. September 2015
0
På flukt
Konfirmantpresentasjon, Matteus 5,1-12, 16.sundag i treeiningstida
På flukt
Dei er små, dei bølgene som vaskar over ein død treåring sitt halvt begravde ansikt, men dei tek oss inn til dei enorme bølgene som nå rullar over Europa og set oss på prøve.
LES MEIR | 13. September 2015
0
Kloke økonomar
Semesterstart, Lukas 12,42-48, 13.sundag i treeiningstida
Kloke økonomar
Er det noko barn og by treng, så er det unge som veks opp og kjenner den trua som gjev håp og menneskeverd og gjer at dei ønskjer å ta over bruket og ta det eit steg vidare.
LES MEIR | 26. August 2015
0
Grådig eller nådig?
7.sundag etter treeiningstida - Lukas 19,1-10
Grådig eller nådig?
Du hadde det sikkert fint ganske lenge, Sakkeus! Men sanninga er, det varte ikkje. Det kunne ikkje vara. Å leva bare for seg sjølv, er ganske enkelt ikkje berekraftig liv.
LES MEIR | 14. Juli 2015
0
Kom og sjå!
Joh.1,35-51. 3. sundag i treeiningstida 2015
Kom og sjå!
Kva er det med oss menneske som begynnar så tidleg med ønskje om å sjå og oppdaga, bli sett og møtt, glade i å koma, nysgjerrige i å leita, behov for å finna og bli funnen? Me er visst skapte slik!
LES MEIR | 14. Juni 2015
0
Det som dreg
Krosshaug 2.pinsedag - Joh.6,44-47
Det som dreg
Å søkja til den gamle krossen på Krosshaug er halda fast på identitet, festa røter på ny, ha krossen til merket for tru og liv i våre tider, her me har funne eit sete i røys, tuer og stolar 2.pinsedag 2015. Det er løye med det som dreg.
LES MEIR | 28. Mai 2015
0
Spor av vinden
Pinsedag - Joh.14,15-21
Spor av vinden
«Vinden bles der han vil.» Du merkar han titt på Jæren. Men kor helligåndsbrisen i vår by kjem frå og fer av? Ikkje godt å forutsjå og forstå seg på.
LES MEIR | 24. Mai 2015
0
Stressa konfirmantar?
Konfirmasjonshelg april 2015 - Jes.43,16-19
Stressa konfirmantar?
Er eg god nok? Kva tenkjer andre om meg? Blir det nokon gong pause på dei to spørsmåla når mange konstant er online og på søk etter andre sin respons, ikkje bare i eit ansikt, men i «likes» frå ein skjerm? Opplegg til stress? Nådelaust press?
LES MEIR | 26. April 2015
0
Inn i påskeveka
Palmesundag - skjærtorsdag - langfredag
Inn i påskeveka
Preiker påska 2015
Påskeveka inneheld alt! Dei siste dramatiske hendingane i Jesus sitt liv. Det første den kristne kyrkja bare måtte feira. Djupet i Guds kjærleik til sine skapningar. Breidda i mennesket sin vondskap og uforstand. Dei store tema i livet samla i eit...
LES MEIR | 07. April 2015
0
Det som aldri brenn opp
2.Mos.3,1-6 - Kveldsgudsteneste om det heilage
Det som aldri brenn opp
Ein mann med blikket mest på det som gjekk galt. På eigen skam. Utbrent. Er det rart han vert fascinert av dette som står og brenn utan å brenna opp.
LES MEIR | 08. Februar 2015
0
Ein bukett i fanget - kva nå?
4.sundag i openberringstida. Johannesevangeliet kap.9
Ein bukett i fanget - kva nå?
Me var vel ikkje akkurat staurblinde frå før, då denne litteraturperla kom dalande og blanda seg med bibelen sine forteljingar og livet sine. Men me vart litt meir sjåande og litt meir sansande av buketten si duft og berøring.
LES MEIR | 26. Januar 2015
0
Fred over året!
Joh 14,27 - midnattsmesse nyttårsaften
Fred over året!
Minnene kom med fred. Dei kom ikkje med noko som var uoppgjort, med noko det ikkje var løysing på, med slikt som slår blikket ned. Dei hadde ikkje nederlaget sveipt om seg. Dei kom med fred.
LES MEIR | 01. Januar 2015
0
Å takka mysteriet opp!
Luk.1,39-45 - fjerde sundag i adventstida
Å takka mysteriet opp!
Fosterutviklinga, fødselen, livet, kjærleiken, undringa, språket, dei gode møtene, sansane, musikken, lengten, håpet, trua. Litt av nokre mysterium! Me tek dei med i kyrkja og høynar dei. Snakkar dei opp. Takkar dei opp!
LES MEIR | 21. Desember 2014
0
Me går for opprykk!
Temagudsteneste om entusiasme
Me går for opprykk!
Ord for dagen etter panelsamtale med entusiastar i Bryne FK
Dei vert overraska. Dei høyrer noko dei ikkje hadde sett sjølv, ikkje ante rekkevidden av. Dei visste ikkje kor viktig det var. Men i seierens lys kjem det fram. Kva då? Eg seier det med ordet som Bryne FK har på drakta og satsar på: Global Dignity.
LES MEIR | 23. November 2014
0
Me kom i gang!
Kveldsgudsteneste og UK-jubileum om ENTUSIASME
Me kom i gang!
Joh.1.35-51
Å koma i gang... Det er strålande når me erfarer miljø og måtar å møta kvarandre som liknar på måten Jesus sette dei første disiplane i gang på.
LES MEIR | 26. Oktober 2014
0
Jesus kjem heim
Matteus 8,14-27
Jesus kjem heim
Oppreist i livet sitt! Ei feberfri husmor med hjartelag og gjestfrihet. Slike går jo ikkje av moten!
LES MEIR | 12. Oktober 2014
0
Entusiasme
Matt 6,24-34 - betraktning etter samtale med industrigründer Aarbakke
Entusiasme
Denne kvelden i kyrkja utvider Arne Garborg sitt gamle maleri av jærbuen, anten me lyttar til gründaren eller til gudsordet. Gud er den første og vedvarande entusiasten. Det er ingen grunn for at skapningane hans ikkje skulle følgja opp...
LES MEIR | 31. August 2014
0
Hønemor
Matteus 23,37-49
Hønemor
Nokre ville ikkje. Dei ville ikkje samla, men spreia og øydeleggja. Dei ville ikkje det som Gud. Dei ville ikkje det humane. Dei tillet seg det som Jesus aldri gjer, å gradera ned menneskeverdet, radera menneskelivet og sløkkja ut håp.
LES MEIR | 24. August 2014
0
Du er ein Gud som ser meg
17.aug her i kyrkja får me besøk av 30 ungdommar som prøver forståinga, freden og forsoninga sin vanskelege veg. I trua på at Gud er ein Gud som ser. Ikkje gå glipp av å møta brubyggjarane, Ismael og Isak og Norge sine søner og døtre.
LES MEIR | 27. Juli 2014
0
Det skjer visst noko nytt...
Kristi himmelfartsdag og Markus 16
Det skjer visst noko nytt...
Er det slik det er å tru at Jesus har all makt og ser meg? Gjer det meg utrygg, ufri, ute av stand til å tenkja nytt og stå for det eg trur er rett og godt, sant og hellig? Slik eg ser det, er det ingen andre enn Jesus som er god nok til å ha all makt og allvitande blikk.
LES MEIR | 29. Mai 2014
0
Å bera frukt
Johannes 15,1-8
Å bera frukt
Dåpen podar oss inn på den stammen som gjer at me og frukta vår er av edlaste sort. Det er Gud si store gåve til alle oss som ønskjer å bera god frukt. Podinga er sterk og held for heile livet. Me skal bare halda livsforbindelsen open ved å bli verande i Jesus...
LES MEIR | 19. Mai 2014
0
Ei forteljing om livet
Skjærtorsdag - Matteus 26,17-30
Ei forteljing om livet
Eg førestiller meg at Jesus lot Judas vera der heile måltidet for å fortelja at gaven er for alle og større enn alle svik...
LES MEIR | 17. April 2014
0
Timen er komen
Palmesundag - Johannes 12,12-24
Timen er komen
«Timen er komen..» er det første Jesus uttaler i dagens tekst. Og då er det alt langt på dag, oppstyret er sikkert over, og eselet har fått mat og kviler.
LES MEIR | 13. April 2014
0
Gud er vår tilflukt
Salme 62,8-9
Gud er vår tilflukt
Grunnlovsjubileet - fri til å tala, tru og tena
Gud er vår tilflukt når me bed. Me fortel historien vår med å gje han til Gud i bønn. Me bed for vårt folk og alle folk si framtid med å gje oss over i Guds nåde og Guds hender. Gud er vår tilflukt. Denne bønnetenesta har kyrkja i Norge hatt...
LES MEIR | 23. Februar 2014
0
Kven skulle vi gå til?
Johannes 6,63-69
Kven skulle vi gå til?
"Herre, kven skulle vi gå til?" Kva er alternativet? Når dagleglivet går ganske greitt. Og me alltids kan støtta oss til familie og venner, gå til facebook og nettet og finn.no og fastlegen og coachen. Treng me plent Jesus for å få livet til sviva?
LES MEIR | 09. Februar 2014
0
Døypt til liv på lang sikt
Matteus 3,13-17 Jesu dåp og vår dåp...
Døypt til liv på lang sikt
For me sit alle med det store ansvaret i livet å unngå å betala kortsiktig suksess med langsiktig trøbbel. Dei beste valga me gjer, er ofte dei langsiktige. Slik ser eg Jesus ved Jordanelva. Han går for langsiktig seier og betalar med kortsiktig fornedring.
LES MEIR | 12. Januar 2014
0
Å bera frukt i eit nytt år
Lukas 13,6-9 Nyttårsaften
Å bera frukt i eit nytt år
Nyttårskvelden er spesiell. Ingen andre kveldar i året får oss til å tenkja så mykje på det som var og på det som kjem. I kyrkja blir me møtte i ønskjet vårt om å bera god frukt i året som kjem.
LES MEIR | 01. Januar 2014
0
"Vi såg hans herlegdom" - Var det når...?
Johannes sitt juleevangelium endar med eit vi! ”Vi såg hans herlegdom!” Kven er ”vi”? Er det oss? Er me rett og slett målet for Johannesprologen sitt enorme sveip over tid og rom, historie og evighet, mørke og lys, skaping og frelse.
LES MEIR | 27. Desember 2013
0
Guds forundringspakkar lag på lag
Kva med jul i Brynekyrkja?
Guds forundringspakkar lag på lag
Ære vere den som tek imot Guds forundringspakke og gjev sine barn den beste gaven dei kan få: ubetinga kjærleik. Guds veg til fred på jord! La oss gå like til Betlehem og få og læra...
LES MEIR | 04. Desember 2013
0
Ørsmå hol i dagen
Lukas 13,10-17
Ørsmå hol i dagen
Å bruka ei salme til å retta ryggen
Vår eigen Heidi Strand Harboe har introdusert Bryne kyrkjelyd for sine eigne salmar og Norsk Salmebok 2013. Noko å retta ryggen av! Slik det skjer i sundagens evangelium...
LES MEIR | 17. November 2013
0
Lengsel - Guds og vår
Lukas 15,11-32
Lengsel - Guds og vår
Likninga om sonen som kom heim og Far som ventar
Gud spør ikkje etter om livet har vore rotete eller ordna inn til det nevrotiske. Gud lengtar bare etter at me kjem.
LES MEIR | 27. Oktober 2013
0
Liturgi a la Lukas
Lukas 10,25-37 saman med tekstar som berre fins i Lukasevangeliet
Liturgi a la Lukas
Gir gudstenesta meining i dag?
Eg fann, eg fann! Fekk det for meg at eg skulle leggja særstoffet i Lukasevangeliet og liturgien i gudsteneste 2012 ved sida av kvarandre. Lesa dei synkront. Eg fann meir enn eg hadde drøymt om...
LES MEIR | 20. Oktober 2013
0
Mega ekstase!
Markus 5,35-43
Mega ekstase!
På 12 år, like lenge som jenta i teksten levde, har Kaizers Orchestra skapt sitt eige tekst- og musikkunivers. Dei har vorte folkeeie slik at ein haug med folk elskar noko dei ikkje visste at dei likte...
LES MEIR | 16. September 2013
0
Svigermors draum
Rut 1,7-11, 16-19
Svigermors draum
Ei preike som blei til etter samtale i ei kreativ gudstenestegruppe
... ei svigermor som gjer svigermorvitsar flaue. Ei svigerdotterhistorie som gjer det meiningslaust å tru at svigermors drøm plent gjeld mannekjønn. To kvinner vender tragedie til framtid.
LES MEIR | 01. September 2013
0
Grøda er stor
Matt.9,35-38
Grøda er stor
Kva er det Jesus ser, som fortel at grøda er stor?
LES MEIR | 16. Juni 2013
0
Jesus og borna
Markus 10,13-16
Jesus og borna
Det er muleg at vegen til denne gode tenesta går om det viktigaste i teksten for i dag: At barn er rollemodellar for vaksne. At vaksne blir som barn.
LES MEIR | 09. Juni 2013
0
Det nye kyrkjerommet
Markus 6,30-44
Det nye kyrkjerommet
Midthelga i april 2013 vart det nye kyrkjerommet feira. Kva skal nye Bryne kyrkje vera for oss?
LES MEIR | 14. April 2013
0
 
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone