Trøst mot døden
Lukas 7,11-17 Jesus vekkjer opp son til ei enke i Nain

Trøst mot døden

Av: Stein Ødegård
Publisert 20. September 2015
Me skulle så gjerne ha trøst når sakn riv i oss, og me ikkje forstår korleis me skal kunna leva vidare når den – eller dei – me elska, er gått bort. Fins det ei slik trøst?

Kven ga Jesus den unge mannen til? Kven vart dette ufattelege underet gitt til?  Død til liv.  Gravfylgje til festfylgje. Sorg til glede. Fortvilelse til håp. Knuste draumar til opna framtid.  Kven er adressaten?  Kven ga Jesus den unge mannen til?

Var det til klasseromet: «Sjå her, disiplane mine, kva tru kan utretta og kva lag de er med på?»

Var det til scene og publikum til alle tider og kulturar? «Sjå her, kva eg kan og kven eg er?»

Var det til teologane som leitar etter gudsbevis og nyateistane som søkjer det motsette?

Medkjensle
Til kven ga Jesus den unge mannen med livet i ny gåve?
De veit det?  Han ga han til mor hans.  Der slutta forteljinga, og der begynte ho.  «Då Herren såg enkja, fekk han inderleg medkjensle med henne»…. og stoppa like godt heile gravfylgjet. Ikkje for å gjera eit mirakel, men ei handling i medkjensle. Ho var ei fattig enke i ein marginal landsby. Alt ho hadde, var tapt med den døde sonen. Bånnlaus sorg.  Framtid utan forsørgar.

Eg trur me må leita etter kjernen i evangelieforteljinga i dette:  Jesu medkjensle.  Ei handling som førte til at han ga den unge mannen til mor si på nytt.

Det var der me var sist sundag også her i kyrkja.   Då galdt det møtet mellom den medlidande korsfesta og menneske som må bera sine kors, for trua si skuld og pga krigen som sender dei på flukt.  Det bør ikkje vera så vanskeleg å sjå samanhengen mellom vår tids flyktningkatastrofe og eit sørgjande gravfylgje, mellom treåringen som ligg død på ei strand og ein ung mann på ei båre i Nain.  Begge rivne vekk frå dei som elska dei og var knytta til dei. Begge eit taust rop om å bry seg om.

Men den viktigaste samanhengen til sist sundag er Jesus.  Han  som ser og får inderleg medkjensle.  Legen Lukas brukar eit uttrykk som antyder at dei fysiske innvollane er i opprør.  Klump i magen og verk i hjarta er gjerne tilsvarande norske uttrykk. 

Avskjedstid
Dei fleste av oss har fulgt eit medmenneske til grava. Me har stått der, bleike og kalde av døden si gru, og sett kista forsvinna i jorda. Det er avskjedstid. Me veit at me aldri meir får møta eit kjent og kjært blikk. Og denne personen skal aldri meir kunna møta vårt blikk. Aldri meir verta bekrefta som eit medmenneske, ein venn, ein elska person, ein som kan spegla seg i oss og me i han eller ho. For det er jo slik me erkjenner oss sjølv, når me speglar oss i kvarandre. Slik er me.  Me er skapte relasjonelle. 

Når Jesus «gjev den oppvekte til mora hans»,  betyr det at han gjenopprettar den brotne relasjonen. Mor og son skal igjen kunne sjå kvarandre og smila til kvarandre, blikk mot blikk.

Eg har vore på mange dødsleier. Eg veit kor mykje dette betyr.  Forsvinn evnen til å snakka, held blikk fast i blikk.  Og når til og med auge glir igjen, er dei intenst viktige, dei hendene som held i kvarandre.  Den sjuke og døyande klamrar seg til håndtrykket.  For døden sin angst er fråver, tap av relasjonar, tap av menneske som ser og speglar oss og gjev oss identitet.

Når me døyr, forlet me alle relasjonar. Andre skal leva vidare, smila, le, sjå kvarandre, vera ihop, vera støtter og trygghet for kvarandre.  Men den eine skal ikkje vera der.  Eg skal tas vekk frå dei levande sitt land.  Døden er fråver av relasjonar.  Angsten for dette fråveret er noko me alle kan kjenna på.

Liv bak døden?
Så då står jo spørsmålet der, til alle tider, i alle tenkjande, i dei fleste religionar:  Fins det ein relasjon som varer ut over døden? Noko eller nokon som held fast meg når kjente relasjonar ryk?

Før eg seier meir om det, må me halda oss ei stund til på denne sida av døden si grense. For det er her Jesus står i dagens evangelietekst. Og det er her profeten Elia utfører sitt mirakel ved å vekkja opp sonen til den enka som han bur hos. Mykje er likt i desse to forteljingane.

Både profeten Elia og Jesus gjer miraklet eller underet i inderleg medkjensle med ei sørgjande mor. Dei deler smerten over den brotne relasjonen. Dei gjer noko med smerten, for å gjenoppretta det som døden har øydelagt. «Sjå, son din lever,» sa profeten Elia. Og kvinna såg. Ho såg sin elska son venda tilbake frå døden.  Ho såg at det kom liv i det stivna ansiktet. Ho såg at lyset igjen begynte å spela i augene hans, då profeten bar barnet ned til mora. Det same som skjedde, då Jesus stoppa eit gravfylgje og reiste den unge mannen i Nain opp, og ga han til mora.

Han gav han til mor.
Det må vera ein av dei vakraste setningane i heile Det nye testamente: «og Jesus ga han til mor hans!»
Fins det noko enklare og betre som kan uttrykkja kva Gud vil med oss  menneske? Me er gitt til kvarandre. Me er overgitt til kvarandre av Gud sjølv, for at me skal sjå kvarandre, spegla kvarandre, tilhøyra kvarandre, ha omsorg for kvarandre og finna vår eigen verdighet i dei andre sitt blikk.

Og Jesus ga han til mor hans.
Gode venner, kjære kyrkjelyd, me må sjå kvarandre som gavar!
Kjenna at me er gitt til kvarandre for å skapa meining og identitet, gje lys og varme til kvarandre.  Me kallar oss den opne famns kyrkje. Me flaggar at me vil vera ei kyrkje for gode relasjonar.  Det er ikkje bare det beste me treng og kan vera. Det er også Guds vilje med at me er til. Og Jesus ga han til mor hans. Ein broten relasjon blei helbreda.

Trøst mot døden
Kanskje tenkjer du at det er forferdeleg vemodig at denne hendinga skjedde for 2000 år sidan. Både mora og sonen har kvilt i grava i alle desse åra. Dei jordiske kroppane deira har vorte til støv, ein del av det store kretsløpet som me alle er ein del av. Me treng rett og slett ei sterkare trøst mot døden enn den me finn i dei to forteljingane om Elia og om gravfylgjet i Nain. Mot døden treng me ei trøst som sprenger dei rammane som døden set.
Me treng ei trøst som er så god og sterk at ho hjelper oss når me står ved eit dødsleie utan at Jesus er der og talar til den døde.
Me treng trøst når sakn riv i oss, og me ikkje forstår korleis me skal kunna leva vidare når den – eller dei – me elska, er gått bort.

Fins det ei sånn trøst?
Det er mitt gode oppdrag å sei at denne trøsta fins. Hos Jesus Kristus, i evangeliet sitt ord, i dåpen og nattverden sin gave.

Paulus forkynner
I første korinterbrev 15, 35-45 har apostelen Paulus ei trøstande preike om dette.  Der brukar han eit nydeleg bilde på ei gravferd, ei jordfesting.  Han tolkar det som ei såmannsgjerning.  Noko blir sådd, og noko nytt veks opp. Ei ny skapargjerning. Eit nytt menneske vert til.  Det har ikkje bare sitt jordiske preg.  Me skal bera den himmelske sitt bilde. Me skal vera like Jesus Kristus, slik han var i oppstandelsen. Me skal vera gitt til kvarandre, til ei nyskapt verd, der Gud er alt i alle og alle relasjonar er fullkomne.  Ingen kan forstå det. Men alle som trur på Jesus Kristus, får erfara det.  Det er håpet om liv etter døden, knytta til hans død og oppstandelse for oss.

Glimtet inn i dette kan me ana av evangeliet i dag.  Jesus bryt døden si makt, reiser opp ein ung mann og gjev han til mor hans. Det er gjort i inderleg medkjensle av han som veit at det er relasjonar som gjeld.  Han ga han til mor hans.

Eit møte ventar
Dette er ikkje bare ein setning som rommar det beste i livet. Det er også eit bilde på himmelen, på håpet, på oppstandelsen sin morgon for oss alle. «Ja, glad skal eg vakna hos Jesus ein gong….» Det ventar oss eit møte. Det venter oss noko som er kjent. Etter at kroppane våre har gått til grunne og navna våre er gløymde, skal me likevel kunne sjå og kjenna Gud. Ja, me skal også – på ein måte eg ikkje vil prøva å forklara – sjå og kjenna kvarandre, i ein annan form for nærvær enn me veit om nå.

Grunnlaget for dette og lengselen etter dette har fått eit sterkt uttrykk i den nye korsutsmykninga på alterveggen i Bryne kyrkje.  Korset fortel faktumet, at alt er fullbrakt.  Den røde straumen av Guds kjærleik, av han som ofrar livet, fortel om den inderlege medkjensla som ligg bak.  Ei hånd ovanfrå vil halda om vårt jordvende liv.  Det røde for kjærleiken si medkjensle sprengjer seg midt inn i den grå kvardagen. Går heilt ned i det aller djupaste.  Der står ei spire og vil sprengja seg fram og ut.  Eit håp som trassig trur på nytt liv. 

Denne spiren gror godt  i lengselen og bønna.  For den går til han som har inderleg medkjensle med oss, og meir enn gjerne vil gje oss til kvarandre og ta imot oss til sist.

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017
Kva skal me gjera og venta på?
Lukas 3,7-18. Tredje sundag i adventstida 17.12.2017
Kva skal me gjera og venta på?
Guds ord er ikkje ferdig snakka når det er avlevert. Ordet er skapande. Ordet ventar respons. Det kjem frå Gud. Det skal tas imot og føra til noko.
LES MEIR Publisert: 18. Desember 2017
Evigheten og øyeblikka
Matteus 25,31-46. Siste sundag i kyrkjeåret 2017
Evigheten og øyeblikka
På dommens dag vert det ikkje spurt etter plass i kyrkjelandskapet eller dogmatiske teoriar og læresetningar, men etter kjærleik. Trua sin kjærleik som ser Jesus overalt der Jesus er å sjå.
LES MEIR Publisert: 27. November 2017
Vellukka eller salig
Allehelgensdag 2017. Matteus 5,1-12
Vellukka eller salig
Dei folka Jesus kallar salige, har ikkje vunne i livet si store lottotrekning eller karra seg opp klatrestigen eller bygd eit image som tyder på at her går livet på beine...
LES MEIR Publisert: 08. November 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone