Å vita kven han erFoto: Johannes Kleppe | BibelTypografi.no
Joh.1,29-34 2.sundag i openberringstida

Å vita kven han er

Av: Stein Ødegård
Publisert 10. Januar 2016
Johannes peikar på Jesus som er lammet som ber vekk verda si synd, og eg er 15 år ein dag og kjenner at eg trur jo at Jesus døde for meg. Og begge me to veit på ein ny måte, der og då, kven Jesus er. Slik det har skjedd og skjer med så mange, overalt i tida og verda.

Kven er Jesus?  Kven er Jesus for deg?  Me spør i konfirmanttida.  Me spør i livet.  Me kan spørja oss sjølv, bibelen, nokre me har tillit til.  Kven er Jesus?  Verkeleg!  Og for meg?

Johannes døyparen har eit svar til oss.  2 svar. Enormt sterke: 
«Sjå, Guds lam som ber bort synda i verda!»
«Eg har sett det og vitnar:  Han er Guds son.»

Eit kraftig vitnesbyrd.  Men før han peikar og snakkar på denne måten, er Johannes heilt på linje med slik som dei fleste av oss har det, eller har hatt det.  «Eg visste heller ikkje kven han var.»

Ei merkeleg greie
Det er ei merkeleg greie.  Johannes visste jo. Han kjende Jesus.  Dei var slektningar.  Mor Elisabeth og Maria, mor til Jesus, hadde snakka og fortalt. Johannes visste at Jesus hadde fått ei større rolle enn han sjølv.  Johannes skulle bare rydda veg for han som var større. Og likevel var det eit slør over augene. Han gjentek det to gonger: «Eg visste ikkje kven han var.»  Eg hadde ikkje forstått.

Slik har eg også hatt det.  Eg vaks opp med Jesushistoriar.  Ikkje påtrengjande, men nok i massevis.  Me hadde barneandaktsbok før legging heime.  Eg fekk Jesusforteljingane på skulen.  Og på sundagsskulen viss eg gadd å gå.  Etterkvart på yngres og skulelag.  Det var greitt og godt det eg fekk vita og fekk forkynt. Eg var verken tvilar eller rabbagast, Det var greitt og godt med Jesus og livet var fullt av mykje anna som hovud og hender var fulle med. 

Då eg var 15
Men ein dag då eg var 15 vart det alvor. Eg kan ikkje forklara kva som hende. Eg var ikkje ulukkeleg forelska eller plaga med det å vera ein syndar eller hadde spesielt lyst på ein klar omvendelse. 

Det var kanskje bare det at barnetrua tok eit steg, summen av opplæring i trua, kristen heim og forkynnelse og gode ungdomsmiljø slo inn og gjorde at ei slags sjølvsagt-tru i hovudet vart ei overbevisningstru i hjarta.  Og kjernen i den trua var 8 ord:  «Eg trur jo at Jesus døde for meg!»

Det vart så tydeleg at det fekk konsekvensar:  Trua fekk praksis: Eg las bibelen systematisk, endå meir systematisk enn det å be, sjølv om det også kom.  Eg gjekk til nattverd og engasjerte meg aktivt i kristent arbeid.  For eg visste jo for alvor kven Jesus var.

Å vita kven han erFotoJohannes Kleppe | BibelTypografi.noOpenberring for Johannes
Korleis skjedde det for døyparen Johannes?  At han plutseleg visste kven Jesus var? 

Ja, det også var ein gave som kom utanfrå.  Ei openbaring.  Johannes hadde fått frå Gud at han skulle merka seg kven Guds ånd dalte ned over og blei verande over.  Mens Johannes står i Jordanelva og døyper dei som kjem for å få vaska av seg syndene sine, skjer to ting.  Det eine er at den beste han kjenner, slektningen Jesus, kjem for å verta døypt.  Då får Johannes trøbbel, for dåpen hans er for syndarar og der passar ikkje Jesus inn.  Men Jesus overbeviser han om at dette må skje, så Johannes døyper Jesus i Jordanelva.

Og då skjer det andre: Han ser Guds ånd dala ned frå himmelen som ei due som vert verande over Jesus.  Då såg han.  Då oppdaga han.  Då kjenner han Jesus på ein ny måte.  Så ny at han må sei to gonger: Eg visste ikkje kven han var.  Men nå veit eg, og nå vitnar eg:  Han er Guds son.  Nå peikar eg han ut for andre: «Sjå, der er Guds lam som ber bort synda i verda

Gud si løysing
Høyrer me kva han seier?  Det er ein som ber vekk synda i verda!  Løysinga er ikkje å senda syndarane i fengsel (då hadde det vorte fullt!), gje dei bøter og fengselsstraff, setja dei i gapestokk på sosiale og andre medier, gå til hellig eller rettferdig eller mykje mindre hellig krig mot dei.  Gud si løysing er å bera vekk synda i verda.  Å gjera noko med grunnproblemet.

Johannes peikar på Jesus som er lammet som ber vekk verda si synd og eg er 15 år ein dag og kjenner at eg trur jo at Jesus døde for meg.  Og begge me to veit på ein ny måte kven Jesus er.  Slik det har skjedd og skjer med så mange, overalt i tida og verda.

Erfaring om synd
Då eg var 15, var eg ikkje plaga av synda mi.  Men eg visste at eg forsømte gode ting eg skulle eller ville ha gjort.  Eg visste at synd skiller meg frå Gud og gjer livet vanskelegare for meg og andre.  Eg visste om avhengighet eg skulle ønska eg var fri frå.  Eg visste at det stemte på ein prikk det me sa i den gamle syndsvedkjenninga i kyrkja at eg har såra Gud og andre i tankar, ord og gjerningar, og i den nye syndsvedkjenninga at synda både er i det eg har gjort og det eg har forsømt.

Seinare i livet har eg sett at synd kan trivast minst like godt i moral som i umoral, at synd er det kalde hjarta, at det er vanskeleg for oss å gå rundt og stadig erkjenna at eg er ein syndar og liksom vera skikkeleg lei seg for alt ein burde vera lei for.  Og eg har sett kor grusomt ondskap kan herja i verda og kor små marginane er før vondskapen festar seg i hjarta og handlingar der ein ikkje kunne tru det var muleg.

Og så mykje har eg kjent og sett og snakka med folk at eg veit at det er mykje dårleg samvittighet, mykje sorg over avhengighet, mykje valg som ga dårlege relasjonar og vonde kvardagar.  Det er ikkje lett å tilgje seg sjølv.  Det er ikkje lett å tilgje andre.  Så det er godt om Johannes i dag får peika på ein tilgivelse som er guddommeleg.  Ei vekkbering av synd som gjer at Gud ikkje står der som ei forsterking av vår eigen dårlege samvittighet.  Gud er han som set oss fri, som gjer alle relasjonar heile.  Guds lam som ber vekk synda i verda.

Nokre trudde gjerne me skulle vera ferdige med å snakka om synd. Men å vri seg vekk frå dei vanskelege nederlaga vil vera å lukka augene for det utruleg sterke og gode budskapet som kristen tru kjem med.  Det er ein som ber vekk verda si synd, og kvar gong me ser det og erfarer det, kjenner me Gud på ny og veit kven Jesus er.

Johannes si oppdaging
Så nå skal me prøva å følgja Johannes si oppdaging og be den vera vår. Følgja han på vegen frå det å ikkje vita, til å undra oss, opna opp for å sjå, til å verta vist noko me ikkje har sett skikkeleg før?  Det handlar om eit lam.

Kjerneordet i trua og teksten: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda»

Sjå for ditt indre auga at dette har me menneske lengta etter frå den dagen i Edens hage der Adam vart redd og gøymde seg for Gud.  Kjenn på lengselen, anten han nå er eit slags anonymt trykk, eit sukk over å vera så ufullkommen. Eller du ser syndene dine klart og tydeleg, veit at du svikta Gud, medmenneske og deg sjølv.  Sjå Guds lam som ber vekk synda i verda, og ver med på lengselen og lammet si vandring opp mot korset på Golgata.  Til alle tider føregår den.

Dette lammet i tradisjonshistorien
Ver med Abraham der han og Isak og eselet er på veg mot Moriafjellet. Den eine går med ei mørk, tung aning, den andre med uvisshet. Me høyrer Isak sitt spørsmål: "Kor er lammet som me skal ofra?"  Det evige spørsmålet etter det som kan skaffa soning og tilgivelse. Me høyrer Abraham mumla i denne rystande situasjonen: "Gud vil nok sjølv sjå seg ut eit offerlam, gutten min!"  Trua sitt stammande svar!  Gud vil nok.

Slik me kan sjå det når me vandrar vidare til ei natt i Egypt. Den siste natta i gammal trelldom, der lammet alt var slakta og påske-måltidet i gang, mens blodet av lammet var klint på dørstokkane for at øydeleggaren skulle gå forbi. Og mens me prøver å vera der i tanken, så kan me langt der framme sjå eit anna påskemåltid og eit sett med dørstolpar som er forma som eit kors.

Men først kan me ta ein tur innom det gamle Israelsfolket på den store forsoningsdagen og sjå at ein bukk, syndebukken, symbolsk får lagt folket sine synder på seg og vert sendt ut i ørkenen for å bera folket sine synder vekk. Og det er som me forstår dei når dei strevar med å halda seg til Herren, for korleis kan ein i lengda tru at ein vanleg bukk kan bera vekk synder?  Eller er det derfor me er så harde etter å leita etter syndebukkar når vonde ting skjer i vår tid, for me slit så sjølv med det vonde og vanskelege, at det lettar å leggja det over på syndebukken.

Til slutt kan me løfta blikket på han som jødane aldri riktig fekk tak i, han som likna på syndebukken, men hadde eit menneske sine trekk, forakta var han, mishandla og rekna for ingenting.  Først då langfredag kom, vart den gamle profetien i Jes.53, til å gripa. Men då er han utruleg trusstyrkjande, slik me snakka om det i gudstenestegruppa denne veka.  Og han gjev eit utruleg innhold til døyparen sine ord: "Sjå, Guds lam… 

«Vi gjekk oss alle vill som sauer, kvar tok sin eigen veg,
men skulda vi alle hadde, lèt Herren ramma han.
Han vart mishandla, han vart plaga, og han opna ikkje munnen,
lik eit lam som blir ført til slakting.»

Bera bort all synd
Alt dette var kjent stoff for Johannes.  Så  når Jesus går inn under den dåpen som er for syndarar, då demrer det noko for Johannes. At Jesus kjem med langt meir enn appellar om å venda om . Han kjem for å bera. For å ta på seg alt det grumset som folk har prøvd å vaska av seg i elva.  Han skal vera Guds lam. Alt anna er for lite til å ordna opp med det som synd gjer i oss, mellom oss og i forholdet til Gud.  «Sjå, Guds lam…»

I teksten frå kolossarbrevet avslutta Paulus slik:
«Ved han ville Gud forsona alt med seg….
… då han skapte fred ved hans blod på krossen.»

«Sjå, Guds lam som ber bort synda i verda…» Han ber det vekk så det aldri skal finnast meir.  Guddommeleg tilgivelse.  Han kjem ikkje etter oss med det som er bekjent.  Det er bore vekk, heilt vekk i Guds auge, og me kan gje slepp på det i tankane våre.

Kva kan du gjera med dette?
Du kan takka for Jesus sitt kors.  Det er sant at han døde for deg.

Du kan takka for dåpen sin gave.  Der fekk du Guds ånd, så Jesus bur i deg og gjev deg alle muligheter for å oppdaga stadig nye ting om kven han er.  Om du er 15 eller 85.

Men me kjem ikkje lenger enn Johannes:  Han er Guds lam og Guds son.  Eg har sett det og vitnar om det!

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017
Kva skal me gjera og venta på?
Lukas 3,7-18. Tredje sundag i adventstida 17.12.2017
Kva skal me gjera og venta på?
Guds ord er ikkje ferdig snakka når det er avlevert. Ordet er skapande. Ordet ventar respons. Det kjem frå Gud. Det skal tas imot og føra til noko.
LES MEIR Publisert: 18. Desember 2017
Evigheten og øyeblikka
Matteus 25,31-46. Siste sundag i kyrkjeåret 2017
Evigheten og øyeblikka
På dommens dag vert det ikkje spurt etter plass i kyrkjelandskapet eller dogmatiske teoriar og læresetningar, men etter kjærleik. Trua sin kjærleik som ser Jesus overalt der Jesus er å sjå.
LES MEIR Publisert: 27. November 2017
Vellukka eller salig
Allehelgensdag 2017. Matteus 5,1-12
Vellukka eller salig
Dei folka Jesus kallar salige, har ikkje vunne i livet si store lottotrekning eller karra seg opp klatrestigen eller bygd eit image som tyder på at her går livet på beine...
LES MEIR Publisert: 08. November 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone