Vellukka eller saligFoto: BibelTypografi | Johannes Kleppe
Allehelgensdag 2017. Matteus 5,1-12

Vellukka eller salig

Av: Stein Ødegård
Publisert 08. November 2017
Dei folka Jesus kallar salige, har ikkje vunne i livet si store lottotrekning eller karra seg opp klatrestigen eller bygd eit image som tyder på at her går livet på beine skinnar. Dei er salige i håpet, i framtida som alt har begynt.

Dette er vilt vakkert og rått radikalt! Jesus sine ord i starten av bergpreika.  Både det han seier og måten han seier det på. 8-9 strofer som startar med ordet makarios – som betyr at ein er lukkeleg, heldig, velsigna – eller rett og slett salig, sæl.  Det må ha vore fantastisk å ha vore der, å vera den folkemengda han såg og talte til. Samla om han vart dei prist salige.

Ei moderne saligprisning
Men me var ikkje der, me er her. 
Og for å høyra kva Jesus seier då og nå, må me kanskje først høyra ei omskriving av orda til ei moderne saligprisning, slik me har lett for å tenkja i vårt samfunn.  Magnus Malm har gjort det i boka «Et hjerte større enn verden  Ei skildring av vår tids kultur med ord som liknar på Jesus sine i bergpeika:

«Salige er de rike, de eier verden.
Salige er de som alltid er glade, de trenger ingen trøst.
Salige er de selvsikre, de skal innta landet.
Salige er de vellykkede, de skal mettes.
Salige er de sosialt kompetente, de trenger ingen barmhjertighet.
Salige er de høyt utdannede, de er verdens guder.
Salige er de som får være i fred, de skal kalles lykkens sønner.
Salige er de som har et fleksibelt syn på rettferdighet, de tar seg frem i verden.»

Er det slik 2017-kulturen her i Vesten tenkjer?  At det er dei sterke, vellukka og kompetente som er lukkelege?  At det er dette som er draumen for livet, verd å jaga etter?  Ja, då må ein koma seg på vinnarsida og ikkje havna på taparsida.  Og resultatet vert klatresamfunn med spisse albuar, og mange som kjenner seg mislukka og tråkka på.

Å lukkast eller gje inntrykk av det
Det kan sjå ut som nokre lukkast med klatringa. 
Minst like mange strevar livet og sjela av seg i dette prosjektet.  Det er som å leita etter skatten der regnbuen endar.  Målet flytter på seg heile tida. 
Det er ikkje muleg å nå fram.  Det vert aldri godt nok.  Aldri mykje nok og vellukka nok.

Så då er det jo praktisk å endra målsettinga.  Viss den store draumen om å vera på topp er uoppnåeleg, så er det nest beste å gje andre inntrykk av at me har lukkast.  Å skapa eit image som andre ser opp til.  Slik vert det viktigare korleis folk opplever deg, enn kven du er. Sosiale medier er perfekte til å gje inntrykk av image og perfeksjon.  Lukka det er å fylgja vennene sine og dela opplevingar, ber også i seg muligheten til forvrengte oppfatningar om livet.  Usanne inntrykk som i neste omgang vert ei ekstra bør å bera, både for meg sjølv og andre.  Kanskje utan å ønskja det, byggjer me opp om eit samfunn som priser dei sterkaste salige.

Sist sundag sa eg litt om prestasjonskulturen og strevet med å vera god nok.  Og denne hausten har det vore ein del debatt og fokus på filosofiar og menneskesyn som vil maksimera lykke og minimera det som er svakt, og då heng menneskeverdet i ein tynn tråd.  Og i dag legg eg til at det å jaga mot toppen av lykke, eller noko som gjev inntrykk av noko sånt, er drepande.  Det er nådelaust mot oss sjølv og andre.  Det er falskt og uekte. Det hindrar sanning og det bind, for det er alltid bare sanninga som set fri, som kan helbreda sår og sørgja for at relasjonar er ekte og gjera meg verkeleg fri.

Jesus opnar ein større horisont
Med dette til bakteppe er me kanskje litt meir klar for å høyra kva Jesus seier til oss i dag, slik han sa det til andre disiplar i bergskråninga ned mot Genesaretsjøen.

For dei folka Jesus kallar salige, dei kan slett ikkje oppfattast som spesielt lukkelege, heldige eller velsigna.  Tvert om.  Dei er fattige, sørgjande, hungrande, ydmyke og forfulgde.  Dei har ikkje vunne i livet si store lottotrekning eller karra seg opp klatrestigen eller bygd eit image som tyder på at her går livet på beine skinnar.  Dei har liten sikkerhet for morgondagen.  Dei er ikkje av dei priviligerte i samfunnet. Dei står langt nede på samfunnsstigen i eit fattig og okkupert land. 

Likevel seier ikkje Jesus: «Stakkars de fattige og sørgjande». Han gjev dei ikkje eit klapp på skuldra eller ord om at han forstår at dette kan vera vondt og tungt.  Han gjer noko mykje viktigare.  Han definerer situasjonen deira på nytt.  Han opnar ein større horisont over livet deira.  Han ser dei med sine auge.  Han fòrar dei med sitt verdisett. Han tilseier dei evangeliet. Han begrunnar at det er desse som er lukkelege, sæle!  Ikkje for noko dei har gjort, men for noko dei har del i allereie og skal få.  Dei som hungrar og tørstar skal mettast, dei som sørgjer skal trøstast.  Dei er salige i håpet.  I framtida.  Den som alt har begynt der disiplar lar seg forma av Jesus og følgjer han som kom, kjem og skal koma med Guds rike.

Å sjå og bli sett
Eitt ord går igjen i tekstane for i dag. 
Det er ordet sjå.  Jesus såg folket, og så talte han.  Sjåaren i openbaringsboka såg ein flokk så stor som ingen kan telja.  Og ei av saligprisningane seier at dei reine i hjarta skal sjå Gud. 

Dette ordet sjå kan me halda fast i på allehelgensdagen då me jo ser med det lange blikket.  Grensa mellom himmel og jord, tid og evighet er så tynn og gjennomsiktig.  Me ser inn i det evige og tenkjer på dei som har gått føre.  Me ser vårt eige liv i lys av det som skal koma.  Me ser himmelriket og Jesus først av alt.  Og så er det han som ser oss.  Han som løftar oss opp til noko som er salig.  Meir lukka enn annan lukke me kan streva etter.

Han såg og ser ein flokk av disiplar.  Kvar enkelt. Djupt inn i hjertene. Han såg og ser sorga over det som har skjedd meg i livet, behovet for trøst, kroppen og sjela sin hunger, tørsten etter rettferdighet. Alt dette som kjenneteiknar mennesket utanfor paradiset. Jesus ser det, ser oss, sterkt, klart og kanskje skræmande.

Men han ser også noe anna, han ser mennesket sin storhet med auge som ser sannare og riktigare enn me sjølv og andre gjer. Han ser det enkle barnlege sinnet. Han ser ydmykheten hos dei som ikkje set seg sjølv for høgt. Han ser barmhjertigheten hos den som har omsorg for nesten sin.  Han ser dei med hjarte uten baktankar, dei som er og handlar slik at dei skaper fred. Og Jesus gledde og gled seg over at slike menneske er til.

Og så seier han det.  Han priser salig.  Han løftar dei opp, til det me er sett som, og til det me skal få.  Saligprisningane teiknar eit bilde av framtida, som skapar meining og håp til nåtida.

Denne sundagen skal me prøva å sjå oss med Jesus sitt blikk, og høyra evangeliet han tilseier oss.  Og ta til oss glimtet av det som skal koma.  For det er ein sjåar som tek oss med inn dit.

Allehelgensdags-sjåaren
Johannes på Patmos ser
. Ein stor skare av alle nasjonar og stammer, folk og tungemål.
I synene sine såg han inn i sjølve gudsmysteriet. Gud åpna det for han i bilder som han kunne begripa og gjengje med ein slags forståelege ord.  Sjølv om det evige, himmelriket, er så mykje meir. Vakrare og større enn noko menneskeord kan skildra.

Glade stemmar og lovsang, kvite kappar, glede, jubel, tilbedelse. Opphøgd er den Gud som Jesus viste oss, den Gud som gav oss Lammet som sette livet til, Frelsaren, vår Forsonar og Forløysar.

Johannes er eit allehelgendagsmenneske som står ved tida si ytre grense og får kikka inn bak horisonten i eit land han ennå ikkje har besøkt, eit land som fins bak den fælaste forfølgjinga, bak sorga, bak synda, bak tårer og alt me strevar for å halda ut med oss sjølv, bak døden si dør, den som kjem til oss alle og altså er både ein utgang og ein inngang.

Der bak, der framme, der inne fins dei som har vaska sine kappar og gjort dei kvite i Lammets blod. Der er vegen til kjelder med livets vatn.  Der er auge som ser med ny og større klarhet, fordi Gud har tørka bort kvar tåre frå auga.  Dei skal ikkje lenger stirra mot allslags uløyselege gåter og få auga fylt av tårer. Dei skal sjå Gud og vera sett av Gud. Dei som har fått Guds fred og sjølv er med og skaper fred.

Saligprist av Jesus
Det er i dag Jesus ser oss og seier oss kva som verkeleg tel.
Åtte saligprisningar dirrar og vibrerer i spennet mellom tid og evighet, himmel og jord, nåtid og framtid, løfte og oppfyllelse.
Det er slik me må lesa og høyra dei.

Dei er løfter om den nye evige tilværelsen som ingen kan klatra seg til.  Dei er ord om det livet eg og du skal leva, med å følgja etter Jesus i verda, prega av hans blikk, hjarta, offervilje, nåde og barmhjertighet.

Høyr på Jesus!  Følg han!  Han ser deg.  Slik du er.  Han løftar deg opp.  Han lar deg pusta fritt. Han løyser deg frå strevet.  Han lar deg leva i lyset frå Guds framtid. Han trur at det gjer mykje med måten du er mot andre.  Salig er du!

Kom til nattverd og ta det inn på dagen då kyrkja i himmelen og på jorda smeltar i hop.  Gå heim med lyfta hovud og blikk.  Gå ut i verda med ein nåde og eit nærvær som verda treng.  Gå mot heimen der framme i tru på Guds nåde.  Salig er du, og salig skal du verta!

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017
Kva skal me gjera og venta på?
Lukas 3,7-18. Tredje sundag i adventstida 17.12.2017
Kva skal me gjera og venta på?
Guds ord er ikkje ferdig snakka når det er avlevert. Ordet er skapande. Ordet ventar respons. Det kjem frå Gud. Det skal tas imot og føra til noko.
LES MEIR Publisert: 18. Desember 2017
Evigheten og øyeblikka
Matteus 25,31-46. Siste sundag i kyrkjeåret 2017
Evigheten og øyeblikka
På dommens dag vert det ikkje spurt etter plass i kyrkjelandskapet eller dogmatiske teoriar og læresetningar, men etter kjærleik. Trua sin kjærleik som ser Jesus overalt der Jesus er å sjå.
LES MEIR Publisert: 27. November 2017
Rekkefølgenåde
Reformasjonsdag 29.10.2017 - Rom.1,16-17
Rekkefølgenåde
Nytt ord for dagen. Rekkefølgenåde. Nåden først. Ubetinga. Gjerningane etterpå. For menneske kan gjera uendeleg mykje godt, viss det bare slepp å gjera godt i eit strev...
LES MEIR Publisert: 29. Oktober 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone