Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje

Guds tid inn i vår tid

Av: Stein Ødegård
Publisert 08. Januar 2018
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg, set Jesus sine fotspor. Evangelieforteljingane held fram. Her. Nå. Med oss.

Første dagen i eit nytt kalenderår. Jesu navnedag  i kyrkja sitt festhalvår. Kalenderåret startar nyttårsdag og kyrkjeåret starta med advent.  Alle på jorda gjer seg nokon tankar om det nye året.  Alle i kyrkja gjer seg i tillegg tankar om Jesus, om tru og håp.

Chronos og kairos
2 fokus samtidig, to dagar oppå kvarandre. 
Det passar å minna om dei to greske orda for tid i Nytestamentet, og dei to måtane å leva i tida på.  Det eine ordet er Chronos.  Etter guden som slukte ungane sine.  Me kjenner ordet i form av kronologi.  Dette er tida som styrer klokka og kalendrar og registrerer tid for arbeid og fri og merkedagar.  Det er tida som går, og som gjer at me bekymrar oss for det me skal rekka, og sørgjer over at tida gjekk så fort og gjerne frå meg.  På godt og gale går chronos langs tidsaksen og hukar av kva eg fekk med meg og gjekk glipp av.  Det er mykje ubarmhjertig med chronos-tida.

Den andre tida er kairos.  Den fylte tida.  Tida som plutseleg er inne.  Tida som ikkje går, men som kjem.  Gyldne øyeblikk, på verda sitt språk.  Evigheten sitt nå, på trua sitt språk.  Det kjem mykje nåde med kairos-tida.

Kyrkjeåret
Me skal tenkja kyrkjeåret som kairos. 
Som gylden tid i tida.  Som Guds tid inn i vår tid.  Kyrkjeåret går i ring, og legg seg i 3 lag oppå den kronologiske tidsaksen.  Mens chronos legg nye årstal og grånar og fjernar hår  og fører oss og andre frå A til B til C, så er kyrkjeåret eit kairos med trua og håpet sin ABC.  I mine tider kjem Guds tid.  Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd.  I mine travle steg, set Jesus sine fotspor.  Evangelieforteljingane held fram og fortset.  Her. Nå. Med oss.  

I dag tek dei vegen om Josef til Jesus.

Dilemma for Josef
Det kan ikkje ha vore lett å vera Josef. Den dagen Maria fortalde at ho var med barn, må mykje ha rasa ihop. Kven av oss ville akseptert og trudd på ei forklaring som gjekk ut på at Gud sjølv sto bak ein uventa graviditet. Det dei hadde i hop og hadde planlagt, var i ferd med å rasa for Josef. Kva framtid kunne han ha med Maria? Tankane tumla om utruskap, om folkesnakk, om belastninga med å tru på noko som folk bare ville rista på hovudet av. Han såg ikkje anna utveg for framtida enn å bryta forlovinga for å berga seg sjølv. For ikkje å gjera ting verre for Maria, skulle han dyssa det ned.

Det var bare Gud sjølv som gav han ein ny grunn å leva på.  Han fekk englebesøk.  Og han måtte ta dei utfordringane som den nye situasjonen stilte han overfor.  3 stk.  Me skal gjera dei til våre.

Utfordring 1: Menneskefrykt 
«Ver ikkje redd», sa engelen først.  Josef hadde menneskefrykt. Han ville ikkje gjera feil, ikkje verta ledd av, ikkje såra Maria, ikkje gå imot skrivne og uskrivne lovar om rett og galt.

Kva gjer oss redde for menneske nå? Kva meir eller mindre galne statsledarar kan finna på?  Kva fanatikarar og ekstremistar kan gjera? Me kan vera redde svære ting, men også nære ting.  Ein engstelse for slikt som andre kan spreia på nettet, eller seia og meina om meg. Då kostar det meir å stå opp for det eg trur på og verdiar eg har.  Menneskefrykta kan ta frimodighet og halda oss tilbake, slik at me ikkje gjer det me innerst inne vil og veit er rett.

Det var ein engel som fekk Josef på rett spor. Slike frelses-historiske inngrep kan me neppe gå og venta på.  Me treng ikkje heller.  For det var ikkje engelen i seg sjølv, men det han sa, som snudde greia for Josef.  Engelen minte han om Guds løfter til Davidsslekta, som var hans slekt. Det som gav han mot til å overvinna menneskefrykta, var tillit til Guds løfte.  I dag har me høyrt det me treng om det: «Herrens miskunn er frå æve til æve, over dei som fryktar han!»  (Og ingen andre!)

Josef si første utfordring var å overvinna menneskefrykt.  Den andre var å finna sin plass i Gud sin store plan.

Utfordring 2: Min plass i Guds plan
Engelen sa: «Ta Maria heim til deg som kona di.»

Det hadde han nok tenkt på lenge.  Det står at han brukte tid til å tenkja kva som var rett å gjera.  Kanskje bad han Gud om visa vegen slik han hadde lært i Ordtaka:  «Lit på Herren av heile ditt hjarte, støtt deg ikkje på eiga innsikt.  Ha han i tankar kvar du ferdast, så gjer han stigane dine jamne.» (Ordt 3,5-6)

Me tumlar i veg med planar og valg me også.  Heile tida.  Slik må det vera.  Slik er det å leva.  Men farane og fallgruvene er like store for oss som dei var for Josef.  Å tumla seg inn i tankar som er for nærsynte og sjølvsentrerte. Tilsynelatande gode, men likevel ut av det beste og rette sporet.  Det førelåg ein betre plan for Josef enn den han var i ferd med å leggja sjølv. Josef sin plan var å berga seg og Maria best muleg frå skam. Guds plan var å frelsa folket frå syndene deira, å løysa frå band som vil binda meir enn skam.

Josef lytta så oppmerksomt til det som vart fortalt han om Guds plan, at han snudde om på sine planar.  Han kunne sjå resten av livet som gift med Maria. Han såg seg sjølv dregen inn i ein stor himmelsk plan. Han forsto at Maria snakka sant. Det vart ikkje så viktig å innretta livet etter folkesnakk. Det vart han, barnet, Jesus, som Josef skulle kalla han, det var han som vart livet sitt vendepunkt og holdepunkt.

Det er eit godt prosjekt å spørja og finna vår plass i Guds plan.  Det kan handla om samliv for oss også.  Om å stilla opp fullt og heilt for den næraste.  Om å finna vår plass i den kyrkja som Gud har store planar for.  Han har ein plass for oss.  Han har planar om å frelsa menneskeslekta frå syndene deira gjennom kyrkja, gjennom dei som trur på og følgjer frelsaren.  Det er sterkt å vita kva som er mitt kall, kva som er Guds plan for meg.  Det fører til betre valg.  Det får større betydning for andre.  Snakk med Jesus i inngangen til det nye året.  Skal eg ha ein ny plass i Guds store plan for verda?  Eller skal eg vera der eg er med glede og frimod?

Utfordring 3: Rett navn er Jesus
Josef si tredje utfordring var å gje barnet rett navn
.  Det skulle vera Jesus. Gjenkjennbart for nybakte foreldre, ikkje sant?  Kva skal barnet heita?  Kanskje ikkje sååå viktig som i bibelsk tid, der navnet definerte personen, kven han eller ho skal vera og bli.

Engelen sa til Josef:  «Du skal gje han navnet Jesus, for han skal frelsa folket frå syndene deira.»  Nå skal det skje.  Nå skal dei befestast, dei navna som har svirra i profetiar og forventningar.  Messias – den salva.  Immanuel – Gud med oss. Underfull rådgjevar, veldig Gud, evig far og fredsfyrste.  Og dei som møtte han i nytestamentet si tid og ikkje visste at Josef var utfordra til å gje han rett namn, dei kalte han gjerne rabbi og lærar.

Men det fullstendige navnet, det programmatiske navnet er Jesus.  Det som betyr: Gud frelser. Det er ikkje galt om me kallar Jesus for forbildet vårt, for inspirasjonen vår.  Men i dag på året sin første dag er utfordringa å gje han det navnet han skal ha: Jesus, min frelsar.  Det var det navnet du fekk og skulle ha, Jesus.  Du skal ha det hos meg. I min tillit.  I bønnene eg bed.  I måten eg møter utfordringar i tida.  Når eg trør inn i kyrkja, når eg opnar bibelen og døra til arbeidsplassen, når eg lurer på kva eg skal velja og kva eg skal gjera.  Då vil eg seia navnet Jesus.  Og tru at eg snakkar med frelsaren, han som er full av tilgivelse og håp.

Trua sitt blikk på 2018
I dag skiftar me kalender i Jesu navn. Jesus er overskrifta.
Slik vert det understreka på overgangen mellom 2017 og 2018 at det viktigaste er frelse.  At synd ikkje får herja med meg og andre og dra med seg alt slikt som gjer livet og året vondt og trasig og prega av frykt og uro.  At Jesus og hans frelse får gjera året til eit år med tru, håp og kjærleik.

Josef fekk sine utfordringar med menneskefrykt, med å finna sin plass i Guds plan, med å sørgja for at det var navnet Jesus som skulle varsla det beste frå Gud. Han lot seg leda på rett veg.  Det kan me også i dag!

Tenk om me også kunne få mykje av trua sitt blikk for 2018!  At Gud kjem med si gyldne tid, mens veker fyk.  At me lever i kyrkjeåret, slik at året er fylt tid, ikkje bare tapt og travel tid.  Så me stoppar opp. Grip dagen. Møter kvar dag og kvart medmenneske i Jesu navn.  Med ei frimodig tru på å få gå i ferdiglagde gjerningar. For om me skulle verta ei kyrkje som helst gjekk rundt og var bekymra og såg forfallsteikn, då var me jo ei kyrkje som hadde mista trua på Jesus!

Han er frelsar!  Det er nok. Ingen grunn til å vera redd.  Ingen grunn til å leggja vegen utenom Guds plan.  Ingen grunn til å skjemmast over navnet Jesus.  Det navnet er det frelse i!

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017
Kva skal me gjera og venta på?
Lukas 3,7-18. Tredje sundag i adventstida 17.12.2017
Kva skal me gjera og venta på?
Guds ord er ikkje ferdig snakka når det er avlevert. Ordet er skapande. Ordet ventar respons. Det kjem frå Gud. Det skal tas imot og føra til noko.
LES MEIR Publisert: 18. Desember 2017
Evigheten og øyeblikka
Matteus 25,31-46. Siste sundag i kyrkjeåret 2017
Evigheten og øyeblikka
På dommens dag vert det ikkje spurt etter plass i kyrkjelandskapet eller dogmatiske teoriar og læresetningar, men etter kjærleik. Trua sin kjærleik som ser Jesus overalt der Jesus er å sjå.
LES MEIR Publisert: 27. November 2017
Vellukka eller salig
Allehelgensdag 2017. Matteus 5,1-12
Vellukka eller salig
Dei folka Jesus kallar salige, har ikkje vunne i livet si store lottotrekning eller karra seg opp klatrestigen eller bygd eit image som tyder på at her går livet på beine...
LES MEIR Publisert: 08. November 2017
Rekkefølgenåde
Reformasjonsdag 29.10.2017 - Rom.1,16-17
Rekkefølgenåde
Nytt ord for dagen. Rekkefølgenåde. Nåden først. Ubetinga. Gjerningane etterpå. For menneske kan gjera uendeleg mykje godt, viss det bare slepp å gjera godt i eit strev...
LES MEIR Publisert: 29. Oktober 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone