Velkommen til gudsteneste i Brynekyrkja!

Vi byr på variert og inspirerande gudstenesteliv som frigjer, utruster og rører ved menneske, gjennom musikk, aktive deltakarar og forkynning og vitnesbyrd som deler livsnær og åndeleg erfaring.

Les meir om dei ulike typane gudsteneste i Brynekyrkja:

Gudsteneste
Brynekyrkja feirar gudsteneste kvar sundag. Gudstenesta har ei form som er fast nok til å gje kvilerytme og variert nok til å ta dagen og livet på pulsen. I eit vakkert kyrkjerom skal gudsteneste i Brynekyrkja vera eit ekte møte mellom himmel og jord, for barn, unge, vaksne og eldre, om ein går ofte eller sjeldnare i kyrkja.
Les meir
Familiegudsteneste
Barn og unge høyrer til i kyrkja. Difor har vi eit breitt tilbod for denne gruppa. Vi har Familiefokus og familiegudstenester i Brynekyrkja.
Les meir
Kveldsgudsteneste
Sundag kl.19. Eit tema i tida. Ein god føredragshaldar. Ekstra musikarar. Nattverd der folk vandrar til stasjonar med kreative tekstar, symbolhandlingar og bønner. Noko som har kome for å bli.
Les meir
Sundagstreff
Ein sundagskveld i månaden avsluttast Sundagstreffet (som byrjar i peisestova kl. 18.00) med ei enkel gudsteneste kl. 19.00 i kyrkjesalen. Denne gudstenesta er tilrettelagt for menneske med utviklingshemming. Fleire av dei liturgiske ledda er forenkla, mellom anna med at dei er bytta ut med songar med same innhald.
Les meir

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone