Familiegudsteneste

Familiegudsteneste

Barn og unge høyrer til i kyrkja. Difor har vi eit breitt tilbod for denne gruppa. Vi har Familiefokus og familiegudstenester i Brynekyrkja.

Familiefokus i Bryne kyrkje

- Ein sundag i månaden.

På Familiefokus er det fleire barn enn vaksne som er i sving når vi feirar gudsteneste. Det liker vi.

Vi ønskjer at barna skal få vera deltakande og involvert i gudstenesta. Vi ønskjer at det skal vera deira gudsteneste. Tysdagen før vi har Familiefokus er det ei eiga gudstenestegruppe for barn som møtast i kyrkja kl.13-15 for å planlegga gudstenesta. Dette kallar vi for "Familiefokus etter skuletid"

ADVARSEL: Fare for at vaksne også liker gudstenesta veldig godt!


Familiegudsteneste i Bryne kyrkje

- Ein sundag i månaden. Dette er gudstenester som ofte er knytta opp til eit trusopplæringstiltak.

Tårnagenthelg, dåpsskulen, Lys Vaken o.s.v.

 

Velkomen til Familiegudsteneste i Brynekyrkja!

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone