Bryllaup – felles mål for livet

Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

Ei ekteskapsinngåing kan skje borgarleg eller kyrkjeleg – juridisk sett er det ingen skilnad. Men ein kyrkjeleg vigsel har eit kristent perspektiv i tillegg til den juridiske sida. Handlinga ber preg av å vere ei gudsteneste. Det blir lese bibeltekstar om ekteskapet, og ein ber for dei som giftar seg. Ektepar som er vigde borgarleg, kan i ettertid velje å ha ei kyrkjeleg forbønshandling for ekteskapet.

Ta kontakt med Time kyrkjekontor for å bestille vigsel på tlf.: 51 77 03 77
eller e-post: kyrkjekontoret@time-kyrkja.no

Les meir om ekteskapsinngåing på kyrkja.no

 

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone