Dåp – vegen inn i kyrkja

Det skjer et under i kirken større enn verden vet. Barnet får del i Guds rike, svøpt i hans kjærlighet.

(Frå ”Det skjer et under i verden”, Gerd Grønvold Saue, S97 93)


I Brynekyrkja vert dei fleste døypte som spedbarn, ofte i løpet av dei første tre månadene, men det er inga aldersgrense for dåp. Konfirmasjonstida fører til at fleire unge ønskjer dåp. Dei døypte vert automatisk medlemmer i det kyrkjesamfunnet der dei vert døypte. Samstundes vert dei del av ein større fellesskap med alle døypte – den universelle kyrkja

Ynskjer du dåp i ei av kyrkjene i Time kan du senda forespørsel her.

For å starte registreringa treng du personnr. til barnet. (eller du kan bruka ditt eige om du ikkje har fått barnet sitt) Etter eit par dagar vil du motta stadfesting på e-post. Har du ikkje all informasjon klar nå kan henta opp igjen registreringa og fullføre på eit seinare tidspunkt. På fadrane treng du kun fylla ut namnet. NB!  Du kan ikkje bruka nettbrett til registreringa.

kyrkja.no er det meir detaljert informasjon om dåp i Den norske kyrkja og praktiske råd til den som skal ha dåp.

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone