Foto konfirmant.no

Konfirmant 2018

Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkommen til konfirmasjon i kyrkja.

Konfirmant 2018


I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla i livet saman med andre. Vi snakkar om livet – på godt og vondt. Samstundes får du oppleve mykje nytt. Bli med på ei spennande reise fram til den høgtidelege konfirmasjonsdagen.

 

Konfirmasjonsdagen

Sjølve konfirmasjonsdagen er ein stor festdag for deg, familien og kyrkjelyden. Den markerer avslutninga på ei spennande tid der du har vore saman med andre for å snakke, lytte og lære, skape og erfare.

I Den norske kyrkja er konfirmasjonen ei forbønshandling. Konfirmasjonsgudstenesta er høgtideleg, og alle konfirmantane kneler ved alterringen. Presten eller konfirmantleiaren din ber for deg.

 

 

 

 


Konfirmant 2018
Konfirmasjonar i 2018

Laurdag 28. april kl 11.00 og kl 13.00 | Bryne kyrkje
Sundag 29. april kl 11.00 | Bryne kyrkje
Sundag 6. mai kl 10.30 og kl 12.30 | Bryne kyrkje

Torsdag 10. mai kl 10.30 og kl 12.30 | Time kyrkje (Kristi himmelfartsdag)
Sundag 13. mai kl.10.30 | Undheim kyrkje

 

TRYKK HER FOR PÅMELDING

Påmeldingsfrist: 15. juni
 

Tilrettelagd konfirmasjonstid

Alle har rett til ei god konfirmasjonstid. Dersom du har behov for tilrettelegging, tar du kontakt med oss!

 

Kva snakkar vi om i konfirmasjonstida?

Her kan du sjå fire korte filmar som tek opp nokre av dei tema vi snakkar om i konfirmasjonstida.

Kven er eg? Har nokon skapt jorda? Finst det meining i det som skjer? Dette er spørsmål menneske har grubla på til alle tider. I konfirmasjonstida ønskjer kyrkja å tenke desse tankane saman med deg

 

Relaterte dokumenter

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone