Samlivsbrot

Nær halvparten av alle inngåtte ekteskap går i oppløysing, og også blant sambuarar er det mange som vel å gå frå kvarandre. Mange born opplever at foreldra skilles. Brynekyrkja vil være nær i sorga...

Støttegruppe ved  samlivsbrot

Samlivsbrot blir ofte omtala som «Sorga det ikkje blir sendt blomster til». Etter eit samlivsbrot sit mange igjen med ei usynleg sorg. Då kan det vere godt og nyttig å kome saman med andre som er i, eller har opplevd ein liknande situasjon.

Ønskjer du å gå i ei slik gruppe ta gjerne kontakt med diakonen på diakon@time-kyrkja.no eller på telefon 51 77 03 77

 

Samtale

Ta gjerne kontakt med diakon eller prest dersom du treng nokon å prate med. Det finnes også andre menneske som vil snakka med deg dersom du ønskjer det. Dersom det er meir naturleg for deg, kan du ta kontakt med :
Kirkens SOS , Nettpresten, Samlivssenteret på Modum Bad eller Kirkens Familievern.

Les meir på kyrkja.no

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone