Diakoni - Kyrkja si omsorgsteneste

Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste.

Bryne kyrkjelyd ser i stor grad sitt diakonale arbeid saman med Time og Undheim kyrkjelydar og deler på diakonstilling i 100%. Kyrkjelyden har eige diakoniutval som sokneråd og diakon rekrutterer og fylgjer opp.

Visjon og mål for diakonien i Bryne:

Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste.

Bryne kyrkjelyd er eit fellesskap:

  • som stadig er opptatt av å integrere diakonien som ein naturleg og sentral del
  • som inkluderer (ønskjer velkomen)
  • som er stader å vere både i glede og sorg og når livet opplevast vanskeleg
  • som møter kvarandre med varme og respekt
  • som formidlar Jesu kjærleik gjennom forkynning og praktisk diakonalt arbeid
  • som har eit engasjement for lidande menneske

 

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone