Visjon og handlingsplan

Visjon: Den opne famns kyrkje

 


DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning!

 

Visjon og handlingsplan

 

 

OPPOVER i Guds famn - Eit liv nær Gud

 

INNOVER i kyrkje og fellesskap - Eit liv nær kvarandre

 

UTOVER i byen og verda - Eit liv for andre

 

Med visjonen tek vi på alvor at vi er folkekyrkja på Bryne.  Som folkekyrkje ønskjer vi å nå alle med Guds kjærleik, evangeliet om Jesus Kristus, og med kristen opplæring, kultur og omsorg. Folk skal oppleva mange gode grunnar til å bli deltakar i kyrkja sitt truande og tenande fellesskap.

 

Kan ei kyrkje vera både «raus i mangfald» og «tydeleg i retning»?

Både ha låge tersklar og vera sentral i innhald?

«Den opne famns kyrkje» ønskjer å vera begge deler, og vi trur at det å ha Bibelen som basis og rettesnor, gjer det mogleg. Bibelen er Guds ord, og gjennom bodskapen i Bibelen, gjev Gud oss sin nåde. Det er også grunnen til at apostelen Paulus sterkt la inn over dei første kristne at dei måtte gje Kristi ord rikeleg med rom hjå seg (Kol.3,16) Guds ord er rettesnor for livet både i kyrkjelyden, familien og samfunnet.

Å søkja rettleiing i Guds ord hjelper oss til å leva eit liv i tråd med Guds vilje, godt både for oss, den andre og verda. At Brynekyrkja ønskjer å vera tydeleg i retning og raus i mangfald, gjev stort rom for å vera undervegs. Vi har ulike utgangspunkt og historie. På den gode vegen med retning oppover, innover og utover, ønskjer vi at Guds ord skal vera ei kjelde til inspirasjon og hjelp i alle sider av livet.

Berre Gud kan gje vekst og utvikling i Brynekyrkja. Vår oppgåve er å be og arbeida slik at Guds Ord blir rett forkynt og gjort relevant for vår tid og for ulike aldersgrupper. Alle i kyrkja har eit ansvar for å gje Ordet rom, ta detforkynte Ordet til oss og prøva det i lys av Guds ord i Bibelen.

Les meir om korleis Brynekyrkja ønskjer å vera "Den opne famns kyrkje" i strategiplanen vår.

Relaterte dokumenter
VISJON
Klikk bilde for å laste ned bosjyre!

Klikk bildet for å laste ned brosjyre

STRATEGIPLAN

Klikk bildet for å laste ned brosjyre

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone