Time kyrkjelege fellesråd

Kyrkjelydane innanfor same kommune skal gjennom fellesrådet samarbeide om visse oppgåver.

Dette gjeld:

  • Administrative og økonomiske oppgåver, t.d. koordineringa av budsjettarbeidet på vegner av kyrkjelydane.
     
  • Mål og planar for den kyrkjelege verksemda i kommunen. I dette ligg det bl a å koordinere planane kyrkjelydane har for si verksemd, og å sjå dette i høve til tilgjengelege ressursar.
     
  • Arbeidsgivaransvar (tilsetjingar, ledelse, arbeidsmiljø, stillingomtalar osb.)
     
  • Fremje samarbeid mellom sokna og ivareta ansvaret sokna har overfor kommunen.

Fellesrådet legg tilhøva til rette og hjelper til med å organisere arbeidet i kyrkja i Time på ein best mogleg måte. Fellesrådet har på mange område fått fullmakt til å gjere sjølvstendige vedtak på vegner av Bryne, Time og Undheim sokn. Det vil utfordre sokna til samarbeid og kompromissløysingar. Fellesrådet vil vidare vere viktig som talerøyr for den felles strategien i kyrkjelydane, og for prioriteringar og økonomi overfor kommunen.

Time kyrkjelege fellesråd 2015-2019 er satt saman av fylgjande representantar:

Willy Finnbakk | Time sokneråd | Leiar
Kjell Ragnar Thu | Bryne sokneråd | Nestleiar
Stein Arild Boi Pedersen | Bryne sokneråd
Karin Lima Friestad | Time sokneråd
Kari Siqveland Undheim | Undheim sokneråd
Gunnar Undheim | Undheim sokneråd

Varareprestentantar:

Bryne: Olaug Bekkeheien
Time: Jostein Stokka og Jorunn M. Ueland
Undheim: Hanna Undheim og Silje Hegelstad

Kyrkjeverje er saksbehandlar/ sekretær for fellesrådet.

 

Les meir på kyrkja.no

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone