Glaskunst i Bryne kyrkje

La glasmaleriet opna sinn og sansar, la det tolka trua og livet, la det farga eit kyrkjebesøk og samlingar med lyset som nå kjem gjennom farga glas.

Bryne kyrkje fekk innvia sitt store glasmaleri i fondveggen sundag 30. januar 2011. Kunstverket var første steg i ei meir omfattande rehabilitering av Bryne kyrkje, som er bygd i 1979. 

I 2013 vart kyrkjerommet fornya, etter plan av Link Arkitektur. Kyrkja fekk nye fliser i koret, rullestolrampe og ny belysning. Taket vart lysna ved å kvitmala dragarar og lasera takbord. Mursteinsveggene vart slemma med lys skuringsmørtel og sekkeskurings-teknikk.  Palmesundag kunne kyrkjelyden «flytta inn» i eit rom som let glasmaleriet koma til sin rett.

Den sentrale personen i utsmykninga av Bryne kyrkje er Per Odd Aarrestad, ein av våre mest anerkjente kyrkjekunstnarar, fødd i Time.

Aarrestad står også bak det ”gamle” kunstverket over altarveggen i kyrkja frå 1990. Denne utsmykninga med tema Guds kjærleik vart fullført av kunstnaren i 2015, i form av eit kors forlenga ned på alterveggen, utført i smaltoglas og betong.

Glaskunst i Bryne kyrkje

Glaskunstverket i Bryne kyrkje er det største  i ei norsk kyrkje.  Det er produsert og montert i to trinn, i 2011 og 2015. Verket er monumentalt og unikt både i storleik og funksjon.  Eit vinn-vinn-prosjekt i samarbeid mellom  kyrkje og byutvikling, der den nord-sør-vende kyrkja gjennom glaskunsten både har fått dempa motlyset inne og ivareteke den sentrale plasseringa i byrommet med utsmykning til byen. 

Gjennomtenkt lyssetting har gitt glaskunsten tovegs-funksjon, som eit vakkert maleri innvendig og som lysande kunst ut i byen når det er mørkt.

Trinn 1: Glasmaleri i kyrkja sin fondvegg (2011)

Kunst i 98 kvm flate, integrert med kunstverket frå 1990. Arbeidsteknikken gjer det muleg å visa alle bruddflater, der glasfargen er mørkast, vert brudd og brest lysande spor.  Idègrunnlag: Lyset kjem – den treeinige Gud sitt lys inn i tida og livet.
 

Trinn 2: Glasmaleri i fasaden på kyrkjetårnet (2015)

Kunst i 75 kvm flate. Integrert med trappegangen si oppstigning. I mørke kveldar er det lyssett, indirekte ved bruk av kvitmåla trapperom. Idègrunnlag: Vegen i vår kvardag, frå idè, gjennom motstand og samhandling til målet.

Les artikkel frå kulturfesten 21. november 2015.

Kyrkje- og byutvikling

Eit stort spleiselag har realisert glaskunsten. Time sparebank sitt gåvefond ga 1.750.000 og Time kommune 1.250.000.  Av samla kostnad på 4 millionar har innsamlingar, privatpersonar, bedriftssponsorar og legat gitt frå 5.000 til 200.000.

Glaskunst i Bryne kyrkje Kunstverket er produsert hos og saman med glasmester Ole Richard Lauritsen i Kristiansand. Det er montert i Bryne kyrkje av Egil Idsø.

Monteringsarbeidet var ei utfordring i seg sjølv. Kunstverket veg fleire tonn, det består av to-lags farga kunstglas limt på eit centimeters tjukt herda fasadeglas inn mot kyrkjeromet og tårntrappa.

Alle valg har hatt eit dobbelt siktemål:

Kunsten skal lysa ut i byen og gje kyrkja større symbolrikdom og høgtid. Eit vinn-vinn-prosjekt av kyrkje- og byutvikling. 

 


 

Til meditasjon over enkelte hovudmotiv er det skrive ein salme:

LYSET KJEM TIL OSS

Salme til Per Odd Aarrestad sin glaskunst i fondveggen i Bryne kyrkje.
Tekst: Stein Ødegård.  Melodi: Irsk folketone  (”Deg å få skode”, NoS 479)

1  Lyset kjem til oss i fargar og glas

Kyrkja er pryda og kledd i ny stas

Lyset vil nå oss med regnbogeglans,

by opp til tru og liv i ein rik fargedans

 

2  Vakna til dagen og sovna mot natt:

Livet sin rytme og glaskunstens skatt.

Lys meg inn i dagen med arbeid og leik.

Send meg til kvile når kveldsglød blir bleik.

 

3  La meg få sjå deg i trekanta kor.

Gud, du er tre-einig, mektig og stor.

Fader, Son og Ande, til oss går din veg.

Lyset ditt strålar og dreg oss mot deg.

 

4  Auga ditt ser meg med varme og lys,

tiner bort frosten i meg når eg frys,

jagar bort mørket for den som går vill!

Far, i din opne famn, høyrer eg også til.

 

5  Steinen frå stranda er komen til ro,

Kviler i handa ved korstreet no.

La meg bli funnen og nådig bli sett.

Kristus, din kjærleiks blod let meg koma til rett.


6  Dua som landar og søkjer mot jord,

mjuknar eit hjarta og tolkar ditt ord.

Ande, fyll segla i skipet med vind,

la livet lokkast fram av kjærleiken din

 

7  La meg få undrast, trassa alt som er smått

knela i lyset frå rødt, gult og blått,

spegla kunst i kalken så fargane skin,

nåden din når meg i brød og i vin.

 

8  La meg sjå livet i glasbrot synt fram,

knust og sett saman or sorg og av skam.

Fuger fangar sola, gjev form og motiv,

smerte og nederlag får nytt perspektiv!

 

9 La meg få skimta gjennom glaskunst min by,

den eg er glad i, få sjå han på ny,

sjå han frå huset for håp og for tru,

be Gud velsigna han, ja her vil eg bu.

 

10  Lyset kjem til oss frå himlen kvar dag.

Bildet og Ordet skal spela på lag:

Din veg til jorda blir vår veg til deg.

Lei oss til livet på lyset sin veg.  Amen.

   

 

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone