Inn i påskeveka
Palmesundag - skjærtorsdag - langfredag

Inn i påskeveka

Preiker påska 2015
Av: Stein Ødegård
Publisert 07. April 2015
Påskeveka inneheld alt! Dei siste dramatiske hendingane i Jesus sitt liv. Det første den kristne kyrkja bare måtte feira. Djupet i Guds kjærleik til sine skapningar. Breidda i mennesket sin vondskap og uforstand. Dei store tema i livet samla i eit intenst drama: Hylla liv og grusom død, sterkt vennskap og rått svik, svart motløyse og tynt håp, pinefull liding og himmelsk glede. Påskeveka inneheld alt.

Denne påska fekk eg vera på rundttur til kyrkjene i Bryne, Undheim og Time i første del av påskeveka.
Lenker til preikene er å finna nederst i artikkelen.
Her kjem eit lite utdrag:

Bryne kyrkje palmesundag - Matteus 26,6-13:

Menneskelivet på sitt mest intense handlar om berøring. 
Det gjer også evangelia på ein grensesprengande måte.
Kristen tru handlar om berøring frå himmelen til jorda.  Gud kom til oss som kropp.  Hud og hjarta mot hud og hjarte. Jesus kom som sann Gud og sant menneske i ei tid og ein kultur der berøring var tabu.  Du vart urein av berøring. 

Kva gjorde Jesus?  Han berørte!  Han rører ved ein spedalsk, er det rart at han vert salva i ein spedalsk sitt hus?  Han legg hånda på ei febersjuk kvinne og tek ein gut med krampar og døvstum ånd i hånda. Han berører blinde sine auge, stikk fingrar i øyre og rører tunger med spytt, så folk kan høyra og snakka og sjå.  Alle som hadde plagar, trengde seg fram for å røra ved han, står det.  Ei kvinne med blødningar berører seg til helbredande kraft. Mødre med småbarn vil at Jesus skal røra ved dei og får eit fang og ein velsignelse. Dei vert forbilder på tru. 

At folk var i sjokk når kvinner berørte han med salve, var nettopp evangeliet sitt poeng:  Gud hadde berørt dei som lengta etter å verta berørt.  Nå ville dei berøra kroppen med kjærteikn som hadde truffe sjela. Så sterkt hadde Jesus berørt dei.  Dei fann eit berøringsspråk tilbake mot han, eit som var både sjokkerande og akseptabelt på same tid.  Berørt i hjarta berørte dei tilbake med hender og salve.

Heile tida benka og omgaJesus seg med dei som var rekna som ureine, utstøtte og utenfor.  Han åt med dei, kropp mot kropp, og dei gjekk vidare med ny verdighet, litt meir oppreiste.  Dei var ikkje lenger definert vekk frå Gud.  Når Jesus rekte ut hånda og tok imot såra kroppar og tørka sorgene sine tårer, då var det Guds eigen finger som ga liv.  Det var Gud som kjærteikna sine slitne skapningar.  Det var ein forsmak på det som skal skje på ny himmel og jord: «Han skal turka kvar tåre frå augo deira

Kven var kvinna som var berørt av evangeliet, fant takken sitt berøringsspråk og salva Jesu hovud? 

 

Undheim kyrkje skjærtorsdag - Lukas 22,14-22

Den siste kvelden. Fortetta stemning.  Fellesskap. Måltid. Dirrande ord. Gave. Svik. Tretting.  Jesus og læresveinar. 

Forresten: Ikkje læresveinar, men apostlar, seier Lukas. For kvart evangelium har sitt preg på den siste kvelden.  Lukas kallar dei 12 for apostlar denne kvelden.  For det som nå skal skje, er kyrkjehistorie. Nå vil Jesus byggja si kyrkje, sitt rike på jorda. Nå skal ny pakt med Gud opprettast. Nå skal eit nytt gudsfolk innviast.  Dei skal få eit måltid til å halda fast på kven dei er og kva den nye pakta byggjer på.

Apostlar kallar Lukas dei 12 denne kvelden.  Og for riktig å understreka kva som er hans særlege innfallsvinkel til innstiftinga av nattverden, begynnar han slik:

"Då tida kom..."  Nattverden er sett inn i eit tidsperspektiv.

Det er så mange slags briller å ha på nasen når me ser inn i Guds Ord. Så mange slags spørsmål, erfaringar, opplevelsar og bakgrunn.  I dag kan me ta på oss tidsperspektivet sine briller og la det vera vår vei inn i møte med Jesus sine ord. «Då tida kom»…

... Tenk gjerne på det lange perspektivet når du deltek i nattverden.  Liturgien er full av det. Du smeltar ihop med dei mange andre, det gamle Israelsfolket samla til påskemåltid, dei 12 apostlane på skjærtorsdags kvelden, alle som opp gjennom åra har fått tru seg som Guds folk på grunn av den nye pakta i Jesu blod. Nokre har gått føre. Nokre kneler og tek imot ihop med deg. Andre kjem etter. Nokre har du usynleg med deg fram i bønn. Du kan ikkje la vera. Du elskar, slik du sjølv er elska.  Du høyrer til i ein uteljande skare frå utgangen av Egypt til inngangen i det riket då påske- og nattverdmåltidet har nått si fullending. Gle deg over det lange perspektivet og kjenn kven de er: Guds eige folk!

 

Time kyrkje langfredag - Matteus 26,30 - 27,50:

”Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?”
Evangelietradisjonen fortel om 7 ord av Jesus på korset.  Matteus nøyer seg med eitt av dei: ”Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?”

Kvifor akkurat dette?  Gjorde det så inntrykk?  Var det så uventa?  Grip det korset si gåte meir enn dei andre orda?  Er det bare så uforståeleg at Jesus kunne seia dette?

Så ser eg deg gå den tunge vegen med korset, Jesus.  Utlevert til spott og slag. Til folk som ikkje forstår kva dei gjer.  Du går vegen til endes. I rekka av dei som fornedrast med å måtta bera sitt eige henrettelsesredskap. Som skulder til skulder med andre må grava si eiga massegrav før folkemordet skjer.  Som andre jødar som måtte kjøpa sine eigne togbillettar til Auschwitz.  Herre, min Gud, korleis det er me som har forlatt deg!

Og så fortel Matteus den eine tingen om deg på korset – bare dette. Du ropar ikkje ut vår skuld!  Du tier om den og naglar i plassen skuldbrevet fast til korset for å sletta det.  Du ropar ikkje ut den anklagen mot oss som dansar over og under og på og mellom linjene i påskedramaet.  Du ropar i plassen vårt smerterop.  Du anklagar oss ikkje for at me har forlatt Gud.  Men du ropar i hop med alle oss som slit med å finna meining og håp i livet sitt kaos: ”Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?”

Det er vårt rop og det er ditt.  Du gjer vårt til ditt. 

Relaterte dokumenter

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017
Kva skal me gjera og venta på?
Lukas 3,7-18. Tredje sundag i adventstida 17.12.2017
Kva skal me gjera og venta på?
Guds ord er ikkje ferdig snakka når det er avlevert. Ordet er skapande. Ordet ventar respons. Det kjem frå Gud. Det skal tas imot og føra til noko.
LES MEIR Publisert: 18. Desember 2017
Evigheten og øyeblikka
Matteus 25,31-46. Siste sundag i kyrkjeåret 2017
Evigheten og øyeblikka
På dommens dag vert det ikkje spurt etter plass i kyrkjelandskapet eller dogmatiske teoriar og læresetningar, men etter kjærleik. Trua sin kjærleik som ser Jesus overalt der Jesus er å sjå.
LES MEIR Publisert: 27. November 2017
Vellukka eller salig
Allehelgensdag 2017. Matteus 5,1-12
Vellukka eller salig
Dei folka Jesus kallar salige, har ikkje vunne i livet si store lottotrekning eller karra seg opp klatrestigen eller bygd eit image som tyder på at her går livet på beine...
LES MEIR Publisert: 08. November 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone