Trusreiser - med kvinner som forbilde
Maria budskapsdag

Trusreiser - med kvinner som forbilde

Av: Stein Ødegård
Publisert 14. Mars 2016
Hanna, Elisabet, Maria og Lydia gjekk føre, og så må kvar av oss finna ut korleis me går inn i ein myndig teneste i Guds rike, og kor vår trusreise går.

3 bibeltekstar pregar denne sundagen
- 1 Sam 1,21-28 om Hanna og Elkana
- Apg 16,12-15 om Lydia og Paulus
- Luk 1,39-45 om Maria og Elisabeth

4 kvinner stig ut av bibeltekstane og inn i kyrkjerommet denne sundagen.  Hanna i opptakten til kongetida eit tusenår før Kristus.  Maria og Elisabeth i denne underlege opptakten til Jesu fødsel.  Og Lydia i Filippi, i opptakten av verdensmisjonen der evangeliet sprenger seg ut av Asia og over i Europa, rundt år 50 e. Kr.

Føregangskvinner
Dei er føregangskvinner. Sterke kvinner. Kvinner som endra historien.  Kvinner som sette seg og sitt til side for noko større.  Dei hadde fått av Gud og dei ga Gud.  Barnet sitt, heimen sin, tida si, livmora si. 

Dei 4 kvinnene er forbilder på noko me må få tak i denne sundagen.  Dei er kvinner som trur. Kjem til tru eller tek han dei trur på, på djupaste alvor. Dei er kvinner som står midt i viktige reiser. Ei  ytre, fysisk reise og ei omveltande indre reise.   Hanna skal ta steget og reisa til Herrens hus for å gje Gud han ho først har fått frå Gud.  Maria reiser frå Galilea til Judea, til Elisabeth for å finna ein mentor og sikkert også seg sjølv i ei djuptgripande endringstid for ei ungjente.  Lydia tek steget inn i si nye, kristne trusreise. Ho opnar heimen for Paulus og Silas og for evangeliet si grensesprengjande reise ut i heile verda.

Dei 4 er truskvinner.  På vandring og i endring.  Eg trur me må la dei veileda oss i våre trusreiser.  Der me er i endring.  Der me spør Gud: Kva nå?  Kor vil du me skal gå?

Til hausten skal me gjera mykje av dette her i kyrkja.  Me vil ha ein kveldsgudstenesteserie om trushistoriane våre og kva me kan læra av forsking og erfaring.  Og nå er det desse 4 kvinnene i Bibelen som viser veg i den vandringa med Gud som trua er.

Hanna
Først er det Hanna. Den barnlause. Ho som bar sorg og lengsel og bønn inn i Herrens hus i Sjilo og lova Gud at han skulle få gutten om ho fekk han først. Ho vart både høyrd og velsigna.  Det dampar av bibelsidene i 1.Samuelsbok når Hanna og Elkana drøftar kva tid overleveringa av gutten skal skje.  Faktisk ein for-standig mann som først lyttar til kona og så seier til henne: «Gjer som du tykkjer best.»  Ikkje verst!  Eit mannleg forbilde også.

Og Hanna hadde gjerne brystmelk lenge!  Ho ga gutten sin alt, desse første viktige leveåra som la grunnlaget for at Samuel vart ein vis og god åndeleg og samfunnsmessig leder i Israel då han var vaksen. For Hanna klarte å slutta å amma.  Ho og Elkana føretok trusreisa si til Sjilo.  Gud fekk takken for alt dei hadde fått. Han fekk Samuel. 

Det er det vakre og takknemlege som har fått prega skildringa av dette som må ha berørt alle 3 sterkt.  Ei avgjerande vegkryss på den største trusreisa i livet.  Kort og konsist er det fortalt at «dei bøygde seg og tilbad Herren der.»  Altså ho som var ærleg om sorga si, trufast mot løftene sine og levde i ein from takknemleghet som tok tru og tilbedelse inn i familien og kvardagslivet og dei store livsvalga.

Lydia
For Lydia er det ein litt annan historie. Eit møte med den reisande Paulus, som nettopp har kryssa grensa frå Lilleasia til Makedonia, får hennar trusreise til å begynna.  Gud opnar Lydia sitt hjarta for det Paulus seier.  Ho kjem til tru på Jesus, ho som høyrer til dei som allereie tilbed Gud utan å kjenna han som Jesu Kristi Far.  Ho tok i alle fall imot det forkynte evangeliet ved elva utanfor byporten i Filippi.  Hjarta var opna for budskapet om Jesus, og ho opna heimen sin for reisande misjonærar, både då alt var fredeleg og seinare når dei kom etter fengsling og fare.  Mykje tyder på at Lydia fekk ein sentral plass i Paulus sin misjonsvirksomhet.  Vegen frå tru til teneste var kort. Hennar trusreise handla raskt om gjestfrihet og å støtta opp om framveksten for det evangeliet som hadde funne henne.

Elisabeth
Elisabeth hadde ein liknande historie som Hanna.  Barnlaus ba ho og vart bønhøyrd.  Og mens alt dette er ferskt og sterkt, kjem den unge slektningen Maria og bankar på døra.  Ho treng ein mentor og venn, for livet og trusreisa blei plutseleg så snudd og endevendt.

Elisabeth er godt eigna som mentor.  Ho er sjølv gravid, godt uti svangerskapet.  Ho er klok og gudfryktig.  Mannen er stum for tida, så ho tek vel i bruk heile seg, kanskje også noko som presten kunne ha sagt.  Elisabeth, midt i si eiga nye reise, vert fødselshjelpar for noko i Maria si ekstreme trusreise.  Elisabeth lyftar den sårbare ungjenta si sjølvkjensle opp.  Ho støttar ikkje bare Maria i at ho er utvalgt, men styrkjer henne i trua på å vera velsigna av Gud. Elisabeth er ei menneskeleg støtte og ein åndsfylt stemme med profetiske ord om barnet Maria ber.  

Der, i mentoren sin heim vert Maria sin lovsang fødd.

Maria
Maria, den første og største av alle forbilder.  Ikkje bare for kvinner, men for oss alle.   Ho som opnar seg for eit englebesøk.  Ho som ikkje avviser eit personleg kall.  Ho som er ærleg om spørsmåla sine og heil i sitt ja til å vera Herren si tenestekvinne. Ho som tek behovet for åndeleg og menneskeleg veiledning på alvor.  Ho som legg ut på si trusreise i tru på at barnet ho ber, skal verta sentrum i alle sine trusreiser og frelsa ei heil verd.

Maria er forbildet i å la seg leda av Gud og leva i lydighet og lovsang. Den største av 4 kvinner. Hanna, Lydia, Elisabeth og Maria. Dei legg ut på trusreisene som fekk så store følgjer for dei sjølv og så mange, mange andre.

Dei måtte ikkje dette.  Men dei ville. Og dei handla.

Trusreiser
Det er kanskje slik dei beste trusreisene er.  Når Gud sender oss inn i noko me vil, meir enn me må.  Og me svarar ja fordi me vil, ikkje fordi me må.

Kva er det som kan utløysa eit slikt ja?  For trusreisene våre vert slappare, sløvare og færre viss dei helst handlar om noko me føler me må eller burde eller allereie er fulle av dårlege samvittighet for.

Kva er det som gjer at me vil ei trusreise?  Følgja eit kall?  Gå ein veg som tydeleg kretsar mindre om meg sjølv og meir om det som me har som visjon i Brynekyrkja.  Eit liv oppover, nær Gud.  Eit liv innover, nær kvarandre.  Eit liv utover, mot byen og verda.

Kva er det som utløyser den gode trusreisa og dei gode valga på vegen?

Nå spør me dei 4 kvinnene.  Då er svaret åpenbart:
Dei var møtt av Gud i djupet av seg sjølv.  Dei hadde fått store ting av Gud.  Dei lukka ikkje augene for det dei hadde fått og søkte til dels andre si støtte for å bekrefta det og halda det fast.

Dei hadde fått ein nåde.  Ei helsing om nåde og omsorg frå Gud.  Dei hadde fått eit bønnesvar, eit barn, ein graviditet, ei tru, ein tilbedelse.  For 3 av dei kretsa alt dette om han som Maria fødte. 

Opne auge og hjarte
Eg trur at alle trusreiser i lyst og lydighet handlar om det me har fått.  Opne auge for livet sin gåve, for nåden sitt under, for trua på at Gud ser og elskar meg, slik han fann Maria og ga henne nåden å vera frelsaren si mor.

Guds nåde er først og størst og den store grunnen for alle slags trusreiser.  

Men det gjer ikkje akkurat ringt at nokon først har bedd og lengta, diskutert med Gud, fått veiledning av ein mentor, lytta til Guds Ord ved ein elvekant eller ein annan plass.

Det gjer heller ikkje ringt at det er nok tak og vilje i eit menneske til å ta konsekvensane av det eg har fått og sett.  Bryta opp i tru.  Våga ein ny veg.  Opna hjarta. Opna heimen. Sei så ja til kallet at det vert føter som går og fysiske reiser av det.

Kvinner som kyrkjelege forbilde
Opp gjennom kyrkja sin historie har mange fleire kvinner vore forbilder på trua og kallet si gode reise.  Dessverre har historien om kvinner og deira styrke langt på veg vore ein skjult historie. I alt for stor grad er historien skriven av menn.  Dei mest synlege på historien sin arena har vore mennene.

Denne ubalansen har vore skadeleg for kyrkja og for Guds rike. Han har nok gjort kyrkja meir oppteken av makt enn av teneste, meir prega av posisjon og hierarki enn av å følgja etter Jesus i kvardagen.

Nokre er kanskje litt ueinige i dette og tykte det var litt unyansert.  Men akkurat i dag, på Maria budskapsdag og med desse tekstane, har eg lyst til å sei det slik, til ettertanke og inspirasjon.

I løpet av det siste halve århundret har kvinnene skapt seg ein rettmessig, synleg plass i kyrkja, på ein heilt annan måte enn før.  Kyrkjebildet er endra. Hanna, Elisabet, Maria og Lydia gjekk føre, og så må kvar av oss finna ut korleis me går inn i ein myndig teneste i Guds rike, og kor vår trusreise går. Det som er heilt klart, er at kyrkja i verda, har bruk for kvinner og menn.

Og mannen kan gjerne vera den mjuke mannen Elkana som seier «Gjer som du tykkjer best:»  Like mykje det som den nyskapande Paulus med evangeliet si overbevisningskraft.  Men han også trong Lydia sitt husrom og veldekka bord.

Og alle treng me denne underlege gleda som gjer at Johannes dansar i fostervatnet sitt og me går til nattverd i undring, takk og lovsang.  For Jesus, som gjev oss nåde og følgjer oss på trusreisa med si kraft.

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017
Kva skal me gjera og venta på?
Lukas 3,7-18. Tredje sundag i adventstida 17.12.2017
Kva skal me gjera og venta på?
Guds ord er ikkje ferdig snakka når det er avlevert. Ordet er skapande. Ordet ventar respons. Det kjem frå Gud. Det skal tas imot og føra til noko.
LES MEIR Publisert: 18. Desember 2017
Evigheten og øyeblikka
Matteus 25,31-46. Siste sundag i kyrkjeåret 2017
Evigheten og øyeblikka
På dommens dag vert det ikkje spurt etter plass i kyrkjelandskapet eller dogmatiske teoriar og læresetningar, men etter kjærleik. Trua sin kjærleik som ser Jesus overalt der Jesus er å sjå.
LES MEIR Publisert: 27. November 2017
Vellukka eller salig
Allehelgensdag 2017. Matteus 5,1-12
Vellukka eller salig
Dei folka Jesus kallar salige, har ikkje vunne i livet si store lottotrekning eller karra seg opp klatrestigen eller bygd eit image som tyder på at her går livet på beine...
LES MEIR Publisert: 08. November 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone