Nye stegFoto: BibelTypografi
Påskedag 2016 - Joh 20,1-10

Nye steg

Av: Stein Ødegård
Publisert 27. Mars 2016
Påskedag og kristen tru er ingen trygg plass å søkja til for dei som vil mimra om det som var og pleia minnene om ei fortid som var betre enn nåtida. Trur me at Jesus er stått opp og lever, så trur me på framtid, så trur me på nye veger, så trur me på lette steg, så trur me på gjensyn, så trur me at påskemorgon for alltid har forandra vegen til det siste farvel.

Nokre veger er så mykje lenger enn andre.  Nokre timar er så dryge, nokre bører så tunge.  Nokre øyeblikk er så metta. Vegen til eit siste farvel er slik.  Vegen til ei sykeseng for siste gong.  Eller til ein vårkald gravstein med lite spirande grønt rundt seg.  Han står der med tause ord om det som ikkje kan forandrast.  Eller me har vår eigen gravplass av knuste håp og døde lengsler inni oss.  Skulle så gjerne ha tatt farvel med dei, men det er ikkje så lett.

Maria
Maria frå Magdala var på veg til ei grav.  Tidleg om morgonen.  Så hadde vel savnet tatt søvnen.  På veg til ei grav.  Med langsomme steg.  Den lange vegen til ein høgt elska venn.  Det aller siste farvel.  Salva kroppen. Pakka han inn og aldri meir sjå han igjen.  Kanskje begynna på den lange vegen med å pleia sitt eige knuste håp.

To dagar tidlegare hadde ho fulgt han gjennom gatene.  Via dolorosa.  Smertenes veg.  Ho var der då folk håna. Då han hang der festa med naglar. Då døden tok han.  Ho såg alt.  Då den døde kroppen vart tatt ned, fulgde ho etter.  Ho måtte vita kor grava var. 

Kor mange timar fins der i tida mellom død og gravlegging, mellom dødsfallet og det siste farvel?  Det er uendeleg med tid – som går så altfor fort.  Tid til å tenkja.  Helst ikkje på ytre, praktiske ting – som å få hjelp med ein tung gravstein.  Men på det indre:  Korleis kunne ho få velta vekk steinen frå hjarta. Tid til å tenkja på livet sitt.  På at Jesus hadde løyst ho frå det ho var bunden av. Det var ho som hadde vorte levande av han som nå er død.  Ho hadde fått vera med i fylgjet hans.  Ho hadde fått ein plass å høyra til.  Heile livet sitt – historien sin, alt ho var – fekk kvila i hans gode blikk.

Så var ho framme.  Begynte å gjera klar blandinga av salve og velluktande oljer.  Men fekk aldri tatt dei fram.  Steinen var fjerna! Eit stort gapande hol i fjellet fortalde at noko var forandra.  Noko var ikkje som forventa.  Første tanke: Jesus var fjerna!  Ho hadde mista plassen der ho kunne pleia si sorg, sine knuste håp og døde lengsler.  Vart ho redd?  Sint?  Forvirra?  Ante ho eit helbreda og nytt håp?  Evangeliet fortel ikkje noko om det, bare at ho sprang.  Fekk farten opp. Nå vart vegen kort og tida kostbar. Ho sprang og fortalte det til Simon Peter og han som Jesus hadde kjær.  Johannes må det vera.  Og nå vart det fart på alt og alle.

Menn som spring
På kjent mannfolkvis spring dei om kapp til grava. Sjølv i møte med sorg og død ser det ut som karane prøver å imponera – eller konkurrera. Dei som to og ein halv dag tidlegare hadde krangla om kven av dei som var størst. Ja, det står rett og slett i teksten: ”Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang raskare enn Peter og kom først til grava”. Dei bøygde seg nølande inn i gravromet. Den eine raskast på foten, den andre minst redd for å trø over tabugrensa og gå inn og undersøkja, den første igjen kjappast til å tru.

Det står rett og slett: ”Han såg og trudde”.  Han hadde sett nok.  Det han såg + det Jesus hadde sagt + kjærleiken til Jesus er ei likning der det står tru bak = - teiknet.  Jesus har stått opp!  

Kanskje låg det ikkje eit snev av konkurransementalitet med Peter ein gong.  Det er bare påskemorgonstafett på same lag.  Johannes raskast på løpsetappen.  Peter på granskingsarbeidet.  Johannes på konklusjonen.  Den eldre og den unge i samspel.  Den impulsive sansaren og den tenkjande analytikeren.  Handlinga sin mann og refleksjonen sin mann.  Stafett, for nå har ting hast!  Nå er alt forandra! 

Stafett gjennom tida
Etter dei har mange sprunge. Med like forskjellige personligheter som dei. Med nyheten om den tome grava og budskapet om at Jesus lever.  Stafett gjennom historien.  Frå generasjon til generasjon, nasjon til nasjon, vitne til vitne, tidssone til tidssone kvar påskedag.  Ryktet har spreidd seg.  Ord har vorte tonar og kjernesalmar.  Deg være ære, Herre over dødens makt.  Vitnene såg det og sprang.  Nå vitnar me. 

I dag gjer me det med tonar.  Musikk som løftar og ber.  Stemme som nynnar og jublar slik det passar best. Me syng om den oppstandne og syng oss til håp om vår eigen oppstandelse.  Me syng oss til lettare steg over kyrkjegarden enn dei tunge og trege me elles ville hatt.  Eg skal ikkje sei at me spring – som dei første gjorde.  Men eg trur eg har dekning for å sei at påskemorgen slukker sorgen.  At vegen til mi eiga grav og til andre si grav er lettare å gå når eg trur at Jesus er oppstandelsen og livet.  At knuste håp og draumar er lettare å leva med, når det største av alle håp er levande.  Jesus ventar meg der framme, han går med meg på vegen.  Han lever!

Newton og magneten
Den store naturforskaren, fysikeren og astronomen Isaac Newton vart ein gong spurd om korleis støvet av eit menneske kan stå opp som ein ny kropp.  Uten å sei noko som helst fant Newton ein neve med jernspon, tømde alt på bakken og blanda sponet godt med jord.  Så fant han ein magnet, heldt han over blandinga, og vips var jernsponet samla på magnethodet.  Så sa den anerkjente vitenskapsmannen med stort alvor:  ”Han som ga det døde jernet ei slik kraft, skulle ikkje han makta å forena våre udødelege sjeler i ein forklara kropp?”

Ja, skulle han ikkje kunna det!  Han som har gitt alt liv!  Han som reiste Jesus opp frå grava!  Han som har sona for det som skiller oss frå liv hos Gud!

Kjære venner: Tru det.  Sats på det!  Midt i alle vonde farvel.  Med det tempoet du sjølv må ha for å vera trygg i trua og fast i håpet.  Ikkje alle er så kjappe som Johannes med å sjå og tru.

Mann og kvinne
Og ikkje alle er så merkverdig uforandra etterpå.  For Peter og Johannes avsluttar det heile med å gå heim!  Gå, ikkje springa.
Så gjekk læresveinane heim”.  Ferdig med det. Lagra ein plass i toppetasjen.  Klar for neste sak.  Snakk om enkle og ukompliserte karar!  

Då lurer eg på kva Maria Magdalena tenkte: ”Typisk mannfolk! Raskt på pletten der døden er og noko skjer, og så fort som muleg heim til fred og ro. Dei ser og trur, dei sørgjer og tek ansvar, og på eit blunk er dei ferdig med det og tilbake til kvardagen”.

Maria i sorg og håp
Maria Magdalena hadde det ikkje slik.
Det første ho gjorde var å søkja eit fellesskap.  Nokre å dela sorga og forvirringa med.  Og når dei var ferdig med sitt, var ikkje ho ferdig.  Ho måtte stansa ved grava.  Ho måtte gjera sorga sitt vanskelege arbeid.  Tårer.  Spørsmål.  Ny fase i sorga.  Først sorg over at Jesus var død.  Så sorg over å missa plassen der ho kunne gå og pleia sitt knuste håp.  Ei tom grav var ein umuleg plass å vera.  Korleis kunne ho finna ro og fred der til tenkja seg tilbake til det som var.  Til å dyrka fortida og minnene.

Og mens ho er i si sorg og bearbeidar dei med spørsmål og tårer slik alle sørgjande bør gjera, så kjem Jesus.  Så er han der, den oppstandne.  Seint går det opp for henne.  Men etterkvart er vissheten der.  Ho er kalt ved navn.  Ho har fått ei helsing om kor Jesus er på veg.  At hans Gud er vår Gud.  Og ho har fått eit oppdrag.  Den første som har fått det:  ”Gå og fortel”!

Ho hadde gått til ei grav med tunge steg. Nå skal ho springa frå ei grav med sine lettaste steg. Ho hadde kome med sine knuste håp og døde lengsler.   Nå er ho den første med det levande håpet som ikkje visnar.  Ho hadde slept seg fram i mørket til eit siste farvel.  Nå skal ho dansa inn i dagen med eit gjensyn bak seg, eit gjensyn framføre seg og Jesus ved si side. 

Nye steg
For, kjære venner: Påskedag og kristen tru er ingen trygg plass å søkja til for dei som vil mimra om det som var og pleia minnene om ei fortid som var betre enn nåtida.  Det må me aldri gløyma.  Trur me på oppstandelsen, så trur me på framtid, så trur me på nye veger, så trur me på lette steg, så trur me på gjensyn, så trur me at påskemorgon for alltid har forandra vegen til det siste farvel. 

Under nattverden får me alle syngja det, med Maria Magdalena sin eigen sang…
Nå skal me få nyta tonane av det.  Händel: I know that my Redeemer liveth.  Eg veit at min gjenløysar lever!

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017
Kva skal me gjera og venta på?
Lukas 3,7-18. Tredje sundag i adventstida 17.12.2017
Kva skal me gjera og venta på?
Guds ord er ikkje ferdig snakka når det er avlevert. Ordet er skapande. Ordet ventar respons. Det kjem frå Gud. Det skal tas imot og føra til noko.
LES MEIR Publisert: 18. Desember 2017
Evigheten og øyeblikka
Matteus 25,31-46. Siste sundag i kyrkjeåret 2017
Evigheten og øyeblikka
På dommens dag vert det ikkje spurt etter plass i kyrkjelandskapet eller dogmatiske teoriar og læresetningar, men etter kjærleik. Trua sin kjærleik som ser Jesus overalt der Jesus er å sjå.
LES MEIR Publisert: 27. November 2017
Vellukka eller salig
Allehelgensdag 2017. Matteus 5,1-12
Vellukka eller salig
Dei folka Jesus kallar salige, har ikkje vunne i livet si store lottotrekning eller karra seg opp klatrestigen eller bygd eit image som tyder på at her går livet på beine...
LES MEIR Publisert: 08. November 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone