Hjarte i uroFoto: Johannes Kleppe
4.sundag i påsketida - Johannes 14,1-11

Hjarte i uro

Av: Stein Ødegård
Publisert 20. April 2016
Enkelte hus virkar større innvendig enn dei ser ut utanpå. Det er gode hus. Sånne kyrkjer er gode kyrkjer. Dei fleste menneske er slik, betydeleg større inni enn utanpå. La bare hjartet få ein større herre enn eigen uro: Jesus sjølv!

Uroleg hjarta.  Uro i hjarta.  Opprørte hjarte.  Det ser ikkje ut som det vert færre av dei. Om lønningar stig eller permitteringar og arbeidsløysa aukar.  Om sosial trygghet aukar eller krigar og gap mellom rik og fattig sender heile kontinent inn i flyktningekrise og usikker framtid.  Uroen i hjarta har ein lei tendens til å bare flytta på seg, sjå nye skyer i horisonten, velbegrunna og ubegrunna.  Hjarta vil lett uroa seg. 

Eit ”hjerte grepet av angst”, seier bokmålsutgaven av Jesus sine ord.  Det veit kanskje ikkje kvifor, heller.  For angsten veit så lite.  Frykten kan vita.  Frykt har eit objekt.  Eg kan vera redd for å dumma meg ut, redd for å missa arbeidet, ha frykt for å døy.  Men angsten har ikkje objekt.  Han er som ei klam hånd som grip om hjarterøtene og lammar.  Eller ein mildare utgave som gjer hjarta uroleg eller opprørt.

Høyrer de Jesus sitt svar?  2 svar til urolege hjarte:  ”Tru på Gud og tru på meg.”

Gudstru på retur?
Det er muleg at gudstru er på retur i samfunnet vårt. Kartleggingar som spør om kven som trur på Gud eller er personleg kristne, viser synkande prosentar.  På andre område ser Gud ut til å vera på veg inn.  I litteraturen for eksempel.

Kva skjer når gudstru har mindre plass i ein kultur?  På overflata skjer det tilsynelatande lite. Folk arbeidar, smiler, går på kjøpesenter, trimmar, elskar og lar seg underholda.  Men under overflata fins eit anna bilde:  Mange fortel om ensomhet. Vold og overgrep rammar stygt, depresjonar og psykiske lidelsar tappar krefter og livsmeining.  Noko av det indre er ikkje samstemt med det som kan sjå fint og vellukka ut på utsida.  Under overflata er det noko anna enn det som er oppå.  Har dette med minkande gudstru å gjera? Ikkje nødvendigvis, men faren er stor likevel.

Viss Gud er ute av synsfeltet, vert det vanskeleg å svara på dei heilt grunnleggjande spørmåla i livet:  Kor kjem me frå?  Kvifor er me her?  Kor går me hen?  Og kan me ikkje svara på dei, har me lite rammeverk til å gje livet meining når arbeidet forsvinn, venner sviktar, helsa skrantar, ulukke rammar, eller eg bare rett og slett ikkje får til å stå for mine eigne ideal.  I ein kultur som dyrkar berømmelse og det vellukka, så vert det ganske tøft å møta andre sine fasadar og livet sine draumar med sin eigen indre uro, som helst ikkje skal visa på utsida.

Det urolege hjartet
Tru på Gud og tru på meg,” sa Jesus.  Me treng det!  Det urolege hjartet treng det!  ”Det er uroleg inntil det finn kvile hos han som har skapt det”, seier kyrkjefaderen Augustin.  Trua på Gud gjev mennesket holdepunkt og retning i tilværelsen.

Det urolege hjartet dukkar særleg opp i brytnings- og endringstider.  Når samfunnet går i ein ny retning.  Når stabilitet i økonomi og arbeid og trygghet minkar.  Når globale utfordringar truar jorda og det gode livet si framtid.  Når kyrkjeutviklinga tek nye veger.  Mange av oss vakna opp til ein tysdag med uroleg hjarta.  Ein god prestekollega i Time melde at han måtte sei opp på grunn av ei utvikling han ikkje kunne stå inne for.  Utmeldingar kom til kyrkjekontoret.  Kyrkjemøtet formaliserte to ulike ekteskapssyn i kyrkja sine ordningar og liturgiar.  For nokre av oss hjelpte det veldig at det same kyrkjemøtet ga alle i kyrkja eit stort rom for leva i respekt med uenighet og å kunna fylgja samvittighetsoverbevisning i forhold til likekjønna samliv.  Mykje av uroen handlar om retningen og vegen vidare for kyrkja.  Med Tomas sitt ærlege spørsmål: Me veit ikkje kor vegen går?

Større ting enn det urolege hjartet
«Lat ikkje hjarta dykkar uroast», seier Jesus den siste kvelden han har med dei, før alt det usikre som står framføre. Seier han at me ikkje skal uroa oss?  Går det an?  Er det lurt?  Rett? 

Å ja, det er mykje uro me bare skulle fått lagt vekk, det er heft og unødvendig og bekymringar som aldri kjem til å slå til.  Me får ta han skikkeleg på ordet når det gjeld alt det der.

Men den uroen som betyr at me bryr oss så sterkt om andre, om Bibelen me har fått, om kjære, gilde mor kyrkje, om medmenneske, samfunn og jorda si framtid.  Alt det som hjarta må ha sin hellige uro for, viss det skal banka og vera mjukt og varmt.

Jau, til det seier han:  ”Tru på Gud og tru på meg,” Her er det større ting som held og ber enn ditt urolege hjarta.

Første kyrkjesundag med okkupasjon
På ein aprilsundag er det verdt å minna om voldsomt urolege tider og hjarte.  Den første kyrkjesundagen etter 9.april 1940 var det mange folk i kyrkjene.  Dei trong det i eit nyokkupert land. Alt var kaos. Norge var i full omveltning. Kongen var på flukt. Nordmenn som bare ønskte fred måtte fram med geværet og skyta for å drepa, for å redda landet og friheten. Landet var i total forvirring. Frykt og usikkerhet herja.  Mange visste ikkje kor dei nærmaste var. Om dei levde eller ikkje. Framtida var ei einaste floke av ubesvarte spørsmål. 

Veit de kva som vart lese i kyrkja den sundagen?  Kva som var kyrkja sitt budskap?  Det var denne kyrkjeårssundagen, med dette heilage evangeliet: "Lat ikkje hjartet dykkar uroast. Tru på Gud og tru på meg".

Ei utruleg helsing i ei uroleg tid.  Veka sine vanskelege hendingar var sjølvsagt boren med inn i kyrkjebenkene.  Uroen i hjartet. Og så kom helsinga frå Gud på kyrkja sin preikestol...  Det går an å tru på ein slik Gud!

Tru på Gud og tru på meg.”  Jesus held det i hop.  Ekte gudstru er Jesustru. Og når det skal seiast meir, så stavar Jesus trua med ordet håp. "I huset til Far min er det mange rom.  Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk?"

Tru på Jesus stavast håp.   
”I min Fars hus er det mange rom.”  Det kan fort bety at det er betydeleg større plass i himmelen enn det nokon kyrkje klarer å formidla på jorda.  Og det er nok ikkje himmelen det er manglar med.  Det får me fleire gode salmar om i dag.

Eg har vore inne i enkelte hus som virkar større innvendig enn dei ser ut utanpå.  Det er gode hus.  Sånne kyrkjer er gode kyrkjer.  Dei fleste menneske er slik, betydeleg større inni enn utanpå.  La bare hjartet få ein større herre enn eigen uro:  Jesus sjølv! Tru på Gud og tru på meg! 

Guds hjarte
Denne trua og dette håpet kviler på to pillarar.  Det eine er at Jesus har vist oss Guds hjarta.  Med orda han sa og livet han levde viste han oss Guds hjartelag.  Ingen var i utgangspunktet håplause.  Dei minst ventande tok han imot, besøkte, helbreda, reiste opp, ga nytt liv og ny verdighet.  Ingen var i utgangspunktet håplause.  Jesus viste oss Guds hjartelag. Han fortalde om Fars hus med mange rom, enklast forstått betyr det: rom for mange.

Den andre pillaren:  Han opna vegen til Guds hjarta.  Han fortalde ikkje bare om Fars hus med mange rom.  Han opna døra.  Han gjorde huset i stand.  Han betalte og sona for alt me stelte i stand når hjarta var så uroleg at dårlege val vart tekne i frykt, og når hjarta var så hardt at det vonde kvalte det gode.   Jesus ga livet sitt for alt i hop og sto opp grava.  Han er vegen, sanninga og livet! 

Visjon og basisverdiar
Denne veka i møte med media og kollegar og skuffa og glade folk måtte eg halda godt fast i det me har sagt i den nye visjonsbrosjyren til Brynekyrkja.  Det var rett og slett godt å bera det med seg som ein god basis å møta folk og situasjonar og framtid for kyrkja med

Sitat:  Kan ei kyrkje vera både «raus i mangfald» og «tydeleg i retning»? Både ha låge tersklar og vera sentral i innhald? «Den opne famns kyrkje» ønskjer å vera begge deler, og vi trur at det å ha Bibelen som basis og rettesnor, gjer det mogleg...
Guds ord er rettesnor for livet både i kyrkjelyden, familien og samfunnet. Å søkja rettleiing i Guds ord hjelper oss til å leva eit liv i tråd med Guds vilje, godt både for oss, den andre og verda.

At Brynekyrkja ønskjer å vera tydeleg i retning og raus i mangfald, gjev stort rom for å vera undervegs. Vi har ulike utgangspunkt og historie.  På den gode vegen med retning oppover, innover og utover, ønskjer vi at Guds ord skal vera ei kjelde til inspirasjon og hjelp i alle sider av livet.

Berre Gud kan gje vekst og utvikling i Brynekyrkja. Vår oppgåve er å be og arbeida slik at Guds Ord blir rett forkynt og gjort relevant for vår tid og for ulike aldersgrupper. Alle i kyrkja har eit ansvar for å gje Ordet rom, ta det forkynte Ordet til oss og prøva det i lys av Guds ord i Bibelen.

Om dette er me samla til gudsteneste på årsmøtedag.  Dette kan me vera felles om.  I dette kan me gå kvar våre gode små steg nærare Gud, nærare kvarandre, nærare samfunnet rundt oss.  Og i kjernen av alt.  Det er Jesus som har vist oss korleis me møter menneske rausare enn raust.  Det er han som veiledar tydeleg til sant og ærleg liv.  For trua vår er ein person:  Han er vegen, sanninga og livet.

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017
Kva skal me gjera og venta på?
Lukas 3,7-18. Tredje sundag i adventstida 17.12.2017
Kva skal me gjera og venta på?
Guds ord er ikkje ferdig snakka når det er avlevert. Ordet er skapande. Ordet ventar respons. Det kjem frå Gud. Det skal tas imot og føra til noko.
LES MEIR Publisert: 18. Desember 2017
Evigheten og øyeblikka
Matteus 25,31-46. Siste sundag i kyrkjeåret 2017
Evigheten og øyeblikka
På dommens dag vert det ikkje spurt etter plass i kyrkjelandskapet eller dogmatiske teoriar og læresetningar, men etter kjærleik. Trua sin kjærleik som ser Jesus overalt der Jesus er å sjå.
LES MEIR Publisert: 27. November 2017
Vellukka eller salig
Allehelgensdag 2017. Matteus 5,1-12
Vellukka eller salig
Dei folka Jesus kallar salige, har ikkje vunne i livet si store lottotrekning eller karra seg opp klatrestigen eller bygd eit image som tyder på at her går livet på beine...
LES MEIR Publisert: 08. November 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone