Ansikt til ansikt med anna tru
Kveldsgudsteneste treeiningssundag 22.mai 2016 - Apg.17,22-34

Ansikt til ansikt med anna tru

Av: Stein Ødegård
Publisert 22. Mai 2016
Han har gjort ansikt til ansikt-inntrykket som gjer at dei nå er lyttande til den talen som seinare har vorte rekna for eit mønster i kommunikasjon, i misjonstale, i dialog med andre om kristen tru.

Ansikt til ansikt.  Blikk møter kvarandre. Personar møter kvarandre. Religionar møter kvarandre. Tru møter tru.  Og tankar og følelsar kan lesast av i ansiktet sine linjer:  Frykt, usikkerhet, nysgjerrighet, lyst til å læra, ønskje om å gje den andre noko som er viktig og verdifullt for deg.

Me har ønska at denne kveldsgudstenesteserien skulle bidra til at me møter den andre og det andre mest muleg ekte, ope, respektfullt, lærevillig, fordomsfritt og engasjerande.

Mønsterkommunikasjon
Nå får me ein av bibelen sine kjernetekstar om dette. Han er lesetekst i dag på treeiningssundag.  Sjå føre dykk situasjonen:  Paulus er på si andre misjonsreise.  Han har ført evangeliet om Jesus ut av Midt-austen og Asia.  Han har kryssa grensa til Europa med evangeliet.  Han kjem til det kulturelle og filosofiske senteret i Aten.  Førsteinntrykket er å verta rysta over det religiøse mangfoldet og alle gudebildene.  Andreresponsen er å gå i samtale.  Dielegeto er det greske ordet om det som Paulus dreiv med. Snakk folk i mellom.  Samtale. Dialog.  Ein type samtale med monoteistane i synagogen.  Ein annan type samtale med polyteistane og filosofane på torget.  Me kan lett sjå det føre oss.  Det er ansikt til ansikt.  Ikkje noko du skriv via eit papir.  Ikkje lange talar.  Ikkje monolog, enetale.  Ikkje før du vert spurd av dei som vil vita kva slags lære du kjem med.  Då kjem monologen, men han er dialogisk i innhald. Samtaleprega.  Han er ansikt til ansikt med realitetar, med tilhøyrarar, med Gud som me alle står til ansvar for, og som nå har vist sitt ansikt på ein ny måte.

Paulus vert teken med til den fysiske høgda Areopagos og til institusjonen Areopagos, rådet av dommarar, vise og lærde som styrer utviklinga i Aten.  Han har gjort ansikt til ansikt-inntrykket som gjer at dei nå er lyttande til den talen som seinare har vorte rekna for eit mønster i kommunikasjon, i misjonstale, i dialog med andre om kristen tru.

Areopagostalen
Då steig Paulus fram for Areopagosrådet og sa:

«Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse. For då eg gjekk omkring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg eit altar der det stod skrive: ‘For ein ukjend Gud’. Det som de tilbed utan å kjenna, er det eg forkynner dykk. Gud som har skapt verda og alt som i henne er, han som er herre over himmel og jord, han bur ikkje i tempel som er bygde med hender, og lèt seg ikkje tena av menneskehender, som om han skulle trenga noko, han som gjev liv og ande, ja, alt til alle. Av eitt menneske har han skapt alle folkeslag, han lét dei busetja seg over heile jorda, og han sette faste tider for dei og grenser mellom bustadene deira. Det gjorde han for at dei skulle søkja Gud, om det kunne lukkast for dei å leita seg fram til han og finna han. Han er då ikkje langt borte frå ein einaste ein av oss. For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: ‘For vi er hans slekt.’ Er vi då Guds slekt, må vi ikkje tru at guddomen liknar eit bilete av gull eller sølv eller stein som menneskekunst eller mennesketanke har forma. Gud har bore over med dei tidene då folk var uvitande. Men no byd han at alle menneske, kvar dei så er, skal venda om. For han har fastsett ein dag då han vil dømma verda med rettferd, og til det har han innsett ein mann. Det har han stadfest for alle med å reisa han opp frå dei døde.»

Men då dei høyrde om oppstoda frå dei døde, var det somme som spotta, men andre sa: «Vi høyrer deg gjerne tala meir om dette ein annan gong.» Så gjekk Paulus frå dei. Men det var nokre som heldt seg til han og kom til tru. Mellom dei var Dionysios frå Areopagosrådet og ei kvinne som heitte Damaris, og nokre andre.

Ansikt til ansikt
Ansikt til ansikt.  Med dei som har invitert Paulus hit.  Med dei storslåtte tempelbygningane, med verdensarven på Akropolishøgda på kortaste avstand. 

Kva gjer Paulus? Korleis møter han dei som har invitert han? Kva fortel dette gudsordet frå Bibelen til oss i våre møter med andre som ennå ikkje deler trua vår. På Bryne i 2016.  Kva holdningar og kva bodskap er bibelsk og eigna i våre ansikt-til-ansikt-møter?  

Først 4 raske punkt om Paulus: Korleis møter han dei som nå vil lytta til det han vil sei.

Paulus møter dei med:

  1. Respekt for det dei er stolte av.
    Bygningane som kneisar vakre mot himmelen og tanke- bygningane som formar seg til idear, tilbedelse og litteratur.  Det er verdensarv alt og Paulus anerkjente respektfullt at det var atenarane sin stolthet og arv.
     
  2. Ein genial observasjon til nå inn med.
    Han fant tilknytningspunktet som vekte interessen deira, dette alteret for ein ukjent gud, denne opninga for at det var noko meir å søkja enn alt det som atenarar hadde skapt og funne til nå.
     
  3. Trua på at alle er skapt av same Gud og ber i seg ein viss gudskunnskap og ein nødvendig gudslengsel.
    Han etablerer eit felles vi i trua på skaparen.  Han formidlar eit gudsbilde som løftar Gud høgt over dei imponerande templa og mykje nærare enn det som alle altera og den regulerte kultiske praksisen legg opp til.  Så nær at det bare er å kjenna etter og reflektera over at det er i Gud me alle lever og rører oss og er til.  Han er fortsatt skapar, i menneskelivet og i historien.  Paulus koplar rett og slett kristen skapartru til deira eigne observasjonar og diktarar.  Det er gjenkjenning og felles vi og hjelp til å utvikla djupare og betre kunnskap om Gud.
     
  4. Trua på at menneske sin lengsel etter Gud og Guds veg til oss alle har eit møtepunkt. Dette møtepunktet er eit ansikt, ei hending i historien og ved historien sin slutt, som kallar til å venda om.
    Og slik forkynner han regnskapet og dommen, Kristus og oppstandelsen.  Frimodig og klart.  Og tilsynelatande avslappa i forhold til mottakinga.  Han trur på Den heilage ande, ikkje på supermisjonæren.

Om våre ansiktsmøte
Oss då?
Me som får dette som eit ord til oss nå.  Om ansikt-til-ansikt-møtene med den andre og det andre?

Det vert ingen god samtale utan respekt.  Å sjå ned på eller bare oversjå det som andre held kjært, kan ingen vinna på.  Eg har lyst å læra heile livet av Paulus sin genuine interesse for andre sitt liv og andre sin kultur.  For den er kobla med bønna om at  DHÅ skal visa veg.  Så me oppdagar altaret for ein ukjent Gud eller ein diktar eller andre ting som ledar til eit godt spørsmål, ein veg inn til tankar som strekker seg på ny og hjarta som opnar ei ny dør.

For kristne trur på den treeinige Gud.  At Guds Ande leiar.  At Gud har skapt alle menneske med like store verdi.  At Gud har gitt fornuft og kulturoppdrag som gjer at den andre har sett og funne noko eg har godt av å få del i. Den andre ber uansett på ein viss gudskunnskap, ein viss felles etikk og deler av eit menneskesyn det går an å byggja nye og gode bruer på.

Og aller mest ber kristne med seg Kristus.  Den andre sitt ansikt er ein aktuell eller potensiell bror i Kristus.  Og det grunnleggjande møtet i livet er møtet med Kristus.

Paulus og evangeliet kallar til å venda om.  Å venda meg ifrå meg og mitt til han som har berging og frelse på den store oppgjersdagen.  Og før det vil han overausa meg mi si oppstandelseskraft.  Med nåde for alle svik og synder.  Med håp når bekymringane vil svartmala møtet med dei andre.  Med tru på alt det me får ansikt til ansikt. Det me nå får bekjenna.  Trua på den treeinige Gud som Paulus møtte atenarar med, og me får bera med oss i våre møter ansikt til ansikt.

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017
Kva skal me gjera og venta på?
Lukas 3,7-18. Tredje sundag i adventstida 17.12.2017
Kva skal me gjera og venta på?
Guds ord er ikkje ferdig snakka når det er avlevert. Ordet er skapande. Ordet ventar respons. Det kjem frå Gud. Det skal tas imot og føra til noko.
LES MEIR Publisert: 18. Desember 2017
Evigheten og øyeblikka
Matteus 25,31-46. Siste sundag i kyrkjeåret 2017
Evigheten og øyeblikka
På dommens dag vert det ikkje spurt etter plass i kyrkjelandskapet eller dogmatiske teoriar og læresetningar, men etter kjærleik. Trua sin kjærleik som ser Jesus overalt der Jesus er å sjå.
LES MEIR Publisert: 27. November 2017
Vellukka eller salig
Allehelgensdag 2017. Matteus 5,1-12
Vellukka eller salig
Dei folka Jesus kallar salige, har ikkje vunne i livet si store lottotrekning eller karra seg opp klatrestigen eller bygd eit image som tyder på at her går livet på beine...
LES MEIR Publisert: 08. November 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone