Flisa og bjelken
9.sundag i treeiningstida 2016. Lukas 6,36-42

Flisa og bjelken

Av: Stein Ødegård
Publisert 18. Juli 2016
Ein vanleg forsvarsreaksjon: For å halda ut med meg sjølv, finn eg ein å la det gå utover. Andre sine fliser er veldig godt stoff for den som vil fortrengja sin eigen bjelke i auga.

Bror din og auga ditt.  Begge deler veldig nære og ganske så sårbare saker.  Bror min, dei heilt nære relasjonane.  Auga mitt, det første eg beskyttar. Me blunkar jo med ein gong ein fare truar.  Det er rein refleks å beskytta auga.  Det burde vel vera på same måten med å beskytta bror vår? For i dag gjeld det altså bror min og auga mitt, nært og sårbart. Det står høgt på livet si liste at det går godt med begge deler.

Bibeltekstane
Klokkaren har lese sterkt om bror min. Eg skal vera vaktaren og hjelparen hans, ikkje valda han livet, seier ei av dei første grunnforteljingane om menneskelivet i første Mosebok. 

Ver miskunnsame, seier Jesus i Lukas sin utgave av bergpreika. Ver miskunnsame eller barmhjertige” – slik daglegtalen helst seier det. Ver barmhjertige.  Døm ikkje.  La dommen liggja. Ikkje godta deg over andre si ulukke.  Fordøm ikkje.  La ver å sjå ned på andre eller rakka ned på nokon. Frys ikkje ut.  Ja, ikkje bare hald deg i skinnet for sånne nedvurderande holdningar og handlingar.  Vis aktiv godhet.  Gje, så skal du få.  Ver raus.  Ikkje sit og hald igjen verken på goder eller tilgivelse. 

Ver barmhjertige.  Det er sjølinnlysande at det er sånn det skal vera, sånn me vil vera, sånn me vil verta møtt.  Likevel måtte det ein Meister til for å formulera det, ei bergpreike for å slå det fast så det ga gjenklang, og ikkje minst eit levd liv som viste korleis dette kan praktiserast.  Det rystar og beundrar når Jesus ser bødlane sine inn i augene: ”Far tilrekna dei ikkje denne synda, dei veit ikkje kva dei gjer.”

Han sa det fordi han meinte at det var slik me skulle vera, fordi det var slik han elska oss fyrst.  Han sa det fordi det er slik Guds kjærleik er.  ”Ver miskunnsame, som Far dykkar er miskunnsam.”  Han sa det fordi medmenneska våre treng det, slik me snart skal syngja:  ”Noen må våke i verdens natt, noen må tro imørket, noen må være de svakes bror.” 

For det gjeld bror min og det eg skal vera for han.

Kva auga ser...
Og då må Jesus snakka om auga som ser.  For det kjem jo som kjent an på auga som ser.  Og kva auga ser og ikkje ser.

Ser det både utover og innover?  Ser det lettare flisa hos andre enn bjelken som stenger for innsyn i seg sjølv?  Er auga skarpstilt på alt det vil oppdaga der ute og blindt på syn innover? 

Eg – og fleire med meg – nøler ikkje lenge med synstest viss me føler brillene dimmest eller horisonten vert uklar eller armane vert lange av å halda avisa i rett avstand.  Me svir fort av kroner for å retta på det.  Men du verda som me nøler og vegrar oss mot å justera linsene som ser innover i oss sjølv.  Kroner til coach og psykiater sit meir fast enn dei som går til optikaren. Me er vel helst redde for å finna ut kor stor bjelken er, og trur det gjer for vondt å demontera han.

Så me vegrar oss.  Og då skjer eitt av to. Det eine er at bjelken får vera i fred og bare stengjer av synet innover.  Me oppdagar ikkje heilt det store landskapet inni oss, me kvier oss for å fylgja dei djupe tankane sine veger, me skjermer oss av frå sterke liden-skapar, me skjer av kontakten med følelsane våre, me ned-prioriteter det indre verdisystemet. Det indre romet vert for smått.

Det andre som skjer, viss eg er blind eller synsforstyrra på det auga som vender innover, er at eg alltid er nødt for å finna årsaken til følelsane mine i det auga som vender utover.  På grunn av bjelken i meg sjølv vert eg irritert over andre sine fliser.

Projeksjon
Ei kjent bok og film det siste tiåret heiter Drageløparen.  Om den afghanske gutten som skjemmest så over sin eigen feighet at han vert infamt stygg med den beste vennen sin som sto opp for han der han sjølv var feig.  Han feier vennen ut av huset og livet for å sleppa å verta minna om si eiga skam. Psykologane kallar det projeksjon, eg overfører på andre noko eg trøblar med i meg sjølv.  Eg kritiserer andre fordi det er noko som stikk og gjer for vondt i meg sjølv.  Ein forsvarsreaksjon.  For å halda ut med meg sjølv, finn eg ein å la det gå utover.  Andre sine fliser er veldig godt stoff for den som vil fortrengja sin eigen bjelke i auga.

Det hender nokon tenkjer at skal eg nokon gong få det godt, så må halvparten av dei eg omgås, skjerpa seg, og den andre halvparten skulle ha vore bytta ut med nokon  som var betre. Enkle løysingar fordi blikket bare vender utover mot andre sine fliser og ikkje innover mot eigen bjelke.

Å leita etter fliser
Så trur me altfor lett at ei forandring rundt oss vil skapa ei forbetring i oss.  Så ulmar destruktive tankar: Hadde eg bare vore gift med ein annan, hatt ein betre sjef, hatt ein annan jobb, hatt nokon som ordna opp for meg.  Så lett det er å hopa opp irritasjon over andre sine fliser i plassen for å leita etter bjelken som gjer meg irritabel, og får meg til å kikka etter andre sine fliser med veldig dårleg presisjon i blikket. 

Me kan det alle i dagleglivet.  På nokre samfunnsområde vert dette aktiviteter som ligg snublande nær.  I journalistikken kan det verta ei stor bragd å påpeika fliser i auga til dei som burde sjå klart. Når noko går galt i samfunnet, gjeld det å finna feilen fort og la nokon verta syndebukk eller bera ansvaret fort. I politikken kan det gå hardt for seg når identifisering av fliser er nøkkel til å framstå i betre lys med eigne saker. 

Me kjenner det frå teologiske debattar, der sakleg uenighet kan dreia over til å verta spørsmål om det eigentleg står rett til med gudsforholdet.  Nokon kan kjenna det vondt å sei meininga si, fordi andre framstår så skråsikre, med Gud og bibel i hånd.  I kyrkjelege fellesskap som i andre, kan redsel og frykt føra til nedsetjande kommentarar og harde ord.  Overalt er det slik: Har me ein bjelke som sperrar vegen innover frå auga til hjarta vårt, så vert me så altfor opptatte og ufølsomme med andre sine fliser.

Jesus har sagt det med eit sterkt og suverent bilde, det som psykologar og terapeutar har funne fine ord som projeksjon på: Flisa og bjelken.  Du ser det så enkelt og greitt.  Og forstår med ein gong at dømmesjuke og hykleri er smålege greier, med liten sjølvinnsikt innover og dårleg empati for bror min.  Det er vanskeleg å sjå seg sjølv sant i blikket innover.  Me er jo så redde for å verta forkasta.  Me tåler ikkje eit sant syn på oss sjølv utan at det er nådig og raust samtidig.

Det klarsynte og nådige blikket
Og då er det altså Jesus som seier dette. Det er han som ser sylskarpt og nådig i same blikk.   Det er han som ser med det klaraste blikket du kan ha.  Heilt utan bjelke i eige auga.

Det er Jesus som påpeikar bjelken i mitt eige auga.  Han som kjenner mitt indre betre enn nokon annan.  Han som veit kvifor eg er irritabel og lar det gå ut over ein annan med irritasjon. Han som veit kvifor eg er redd og beskyttar meg med å ta andre.  Han som veit kva eg slit med og får meg til å jakta på andre sine fliser. 

Han kjenner meg til bånns.  Og elskar meg ennå djupare.  Eg har ingen betre til å stella med augene mine. Enten det er rusk eller bjelkar i dei.  Me slepp ikkje til kven som helst når sånt skal fjernast.  Men eg slepp gjerne Jesus til når det er rusk og fliser og bjelkar i auga inn til hjarta mitt og utover mot bror min. Han er både nær nok og ekspert nok.  Og alternativet er ikkje godt. Rusk i auga må ut. Eg lever ikkje godt med det sjølv og andre er sikkert plaga av det før eg merkar plaga sjølv.

Eg slepp gjerne Jesus til.  For det som er heilt spesielt med han, det er at han har samla alle fliser og bjelkar gjennom alle tider og plasser, til eit kors som vart lagt over akslene hans.  Han bar det til Golgatahøgden alt.  Så stor er hans kjærleik.  Så mykje betyr det for han at me får fjerna bjelkane og rusket som hindrar oss i å sjå bror vår rett, som eit medmenneske, som ein venn, som ein som treng omtanke, forbønn, vennskap. 

Me er mange her i kyrkja som ber dette med oss til nattverdbordet. Me takkar han som har betalt og ordna opp for alle bjelkar og sårande blikk og ord.  Me kjem til han som stadig fjernar rusket i augene våre med kjærleg hånd, nådig blikk og tilgjevande ord. Han ber oss alle om å koma, me som er døypte i hans namn og ein gong vart reinsa fullt og heilt. På sundag ved nattverdbordet skal han reinsast ut, den bjelken som er vanskeleg å verta kvitt. 

For det er så viktig med bror min.  Eg skal sjå han utan å leita etter fliser, bare fylgja han på vegen gjennom livet inn i det evige. Me skal målast med same mål: Jesus sin nåde.  Den åleine!

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017
Kva skal me gjera og venta på?
Lukas 3,7-18. Tredje sundag i adventstida 17.12.2017
Kva skal me gjera og venta på?
Guds ord er ikkje ferdig snakka når det er avlevert. Ordet er skapande. Ordet ventar respons. Det kjem frå Gud. Det skal tas imot og føra til noko.
LES MEIR Publisert: 18. Desember 2017
Evigheten og øyeblikka
Matteus 25,31-46. Siste sundag i kyrkjeåret 2017
Evigheten og øyeblikka
På dommens dag vert det ikkje spurt etter plass i kyrkjelandskapet eller dogmatiske teoriar og læresetningar, men etter kjærleik. Trua sin kjærleik som ser Jesus overalt der Jesus er å sjå.
LES MEIR Publisert: 27. November 2017
Vellukka eller salig
Allehelgensdag 2017. Matteus 5,1-12
Vellukka eller salig
Dei folka Jesus kallar salige, har ikkje vunne i livet si store lottotrekning eller karra seg opp klatrestigen eller bygd eit image som tyder på at her går livet på beine...
LES MEIR Publisert: 08. November 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone