I alle tider er du
Juledag 2016 - Joh.1,1-14

I alle tider er du

Av: Stein Ødegård
Publisert 27. Desember 2016
Den som trur på Jesus som alt er skapt ved, trur på meining i tilværelsen, på håp for alt det skapte, på sant lys å følgja, på nåde å reisa seg i, på arbeid for rettferd og miljøvern, på engasjert misjon så stadig fleire får sjå hans herlegdom. Me får tru på ein så stor Jesus!

Prologen til Johannesevangeliet er ei reise i tid og rom, frå æva og fram til oss. Før tida, inn i ei bestemt tid, noko som gjeld alle tider.  Så då får denne julepreika fortsetja med nokre slike tidsreiser…

Nikea 325
Den første går til oldtidsbyen Nikea i år 325. Eit stort kyrkjemøte er lagt til byen. Biskopar og lærde menn har kome frå alle kantar der kristen tru har breidd seg så vide.  Dei har kome til Nikea på keiser Konstantin si befaling.

Blant dei mange tilreisande er også teologen og presbyteren Arius frå Alexandria i Egypt. Arius har eit spesielt syn på Jesus. Han meiner at Jesus ikkje var Guds Son frå evighet av, og dermed heller ikkje er av same vesen som Gud. Dette skal kyrkjemøtet diskutera.

Diskusjonen om Jesus sin guddommelege natur føregår både under sjølve kyrkjemøtet og ute i gatene. Motsetningane veks til rein oppstand i byen. Tilhengarane til Arius samlar seg i store demonstrasjonar mens dei roper ut budskapet sitt med taktfaste stemmar: Det var ei tid då han ikkje var. Det var ei tid då han ikkje var!  Slik protesterer dei mot det som slås fast som kyrkja si lære om Jesus sitt gudommelege opphav.

Slik var det den gongen. Spørsmålet om kven Jesus var, vekte strid og oppstand. Frontane var sterke og harde. Det tok lang tid før kyrkja samla seg om det som fekk uttrykk i den nikenske truvedkjenninga: Vi trur på ein Herre, Jesus Kristus, Guds einbårne Son, fødd av Faderen før alle tider, Gud av Gud, lys av lys, fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen. Ved han er alt vorte skapt. 

Jesustru i dag
Tilbake til vår eigen tid: Kor står denne Jesustrua i dag? Betyr denne gamle bekjennelsen noko for oss?  Betyr det noko for oss om Jesus er fødd, ikkje skapt, før alle tider?

Kan det vera at dette ikkje betyr så mykje for dei fleste av oss? Det er gjerne nok for oss å ha den menneskelege Jesus, den gode og barmhjertige, medmennesket, medvandraren, befriaren?  Kva tid høyrde me sist ein tale eller tenkte ein god tanke om at Jesus er født før alle tider? Den preeksistente Jesus, Sonen som er Gud av Gud, lys av lys, han som alt har vorte skapt ved?

Det er nok grunn til å spørja om vanlege kristne sitt bilde av Kristus er for lite og ikkje heilt vågar å tenkja i dei dimensjonene som den nikenske truvedkjenninga gjer.  

For tendensane er jo ganske tydelege.  Me går ikkje i demonstrasjonstog for trussetningar lenger.  Knapt nok for personar som vert forfulgde og lid for trua på Jesus.  Det skal ikkje så mykje strid i kyrkja til før me melder oss ut.  Eller grip den enkle muligheten med nokre tastetrykk på nettet.  Realiteten er at talet på dei som ønskjer å tilhøyra ei kristen kyrkje i vår kultur, er markant på veg nedover.  Det same er talet på dei som seier at dei trur på Gud, særleg i yngre aldersgrupper. Trenden er tydeleg. 

Kva då med dei som bekjenner kristen tru ope?
Er det slik at Kristusbildet er for lite?  At tida er komen for oss som trur, til å be om ein fornya visjon av Jesus.  At livet og tida sine utfordringar treng bildet av den mektige Jesus, Skaparen, Frelsaren, Befriaren, og ikkje bare forbildet eller det uskyldige barnet i krybba.

To Timebuar i 1906
Nokre vil protestera og har alt gjort det.  Tek me ei tidsreise tilbake 110 år, til 1906, så sit to kjende Timebuar i Oslo og skriv brev, privat og offentleg.  Arne Garborg har gitt ut boka «Jesus Messias» og Peter Hognestad anmelder ho i Dagbladet og Stavanger Aftenblad.  Stiftskapellanen i slottskapellet, han som snart vert prestelærar og biskop, slår fast at «Garborg teiknar Jesus berre som ein lærar, og ikkje som frelsar. Alt som gjer mannen frå Nasaret til Gud og sonar for synd skal vera seinare tillegg eller forfalskingar av evangeliet.»

Arne Garborg svarar slik i Dagbladet:  «Me som ikkje er Teologar, me veit Aarstale daa Jesus vart Gud…»  og siktar til Nikea.  Og Peter Hognestad seier det på sitt varme og klare vis til Garborg: «du hev havt ein annan livsgang enn eg.  Dei religiøse spursmaali hev lagt steinar i din veg som eg inkje hev funne i min.  Det kann vera at du no for tidi maa tyda Jesus for deg som du gjer, um du i det heile skal faa bruk for han.» 
Og så viser Peter Hognestad til Bibelen sitt tydelege vitnesbyrd og at dei eldste kjeldene vitnar om at dei kristne frå fyrste stund tilbad Jesus som Gud. Trua på Jesu guddom er festa i gudsåpenbaringa i bibelen, i truspraksis i kyrkja og ikkje til eit årstal i oldtidskyrkja.

Hebrearbrevet
Så då går tidsreisa vår til Hebrearbrevet, frå det første århundret, kanskje rundt 240 år før kyrkjemøtet i Nikea.  Hebrearbrevet opnar med ord om Gud som nå har talt endeleg til oss gjennom Sonen og sett han til arving over alt, for ved han skapte han verda!  Han som er ei utstråling av Guds herlegdom, biletet av hans vesen, reinsar for synd, ved høgre handa til Majesteten i det det høge.  Ingen liten Jesus!

Visdommen i Ordspråka
Og det går ei tidsreise tilbake til Salomo sine ordspråk.  I kapittel 8 skildrar ordspråka visdommen slik me har høyrt, med ord som passar til personar, ikkje til idear og saker.  Då desse orda vart skrivne og samla, kanskje ein gang på 700-tallet før Kristus, var det ingen som hadde høyrt om Jesus og om barnet i krybba.  Orda om visdommen var dunkle ord. Dei handla om det ufattelege gudsmysteriet. Før tida.  I opphavet.

Og så kjem Johannesevangeliet og seier noko liknande om Ordet som var i opphavet, hos Gud, og nå vart menneske i Jesus.  Og kyrkja begynte å sjå samanhengen mellom barnet i krybba og den hemmelege visdommen som skapte verda. Ingen liten Jesus, altså! Og nå sit me her 1.juledag 2016 og kan tenkja på dette:

Ingen liten Jesus!
Jesus har - og det er eit mysterium - alltid vore til og til stede.
Han har vore der i mysteriet som heiter Gud.
Han har vore i mysteriet som livet er, i naturen og skaparverket.
Og han har vore her, på vår jord. Han har leika her, og gleda seg med menneska. For nokre ord om inkarnasjonen!  Om ein stor Jesus. Ein nær Jesus!  Det er den leikande skaperguden som  kjem til oss, som eit barn i krybba.

Han har leika på den vide jord, snart skal han leika i Nasaret.
Han har gledd seg med menneske i det skjulte, snart skal han gle seg med oss menneske openlyst, i bryllupet i Kana og ihop med alle han har kome for å leita opp og gje håp og frelse.
Barnet i krybba er rett og slett det sanne lyset.  Det lyset som lyser for kvart einaste menneske og er Guds meining med alt som er til. Lyset som gjev liv.  Skarpt av sanning.  Varmt av nåde. Ingen liten Jesus!

Derfor måtte kyrkja ta kampen mot Arius sitt syn på 300-tallet og seinare mot alle standpunkt som vil gjera Jesus mindre enn han er. I dag, på denne juledagen, held me fast budskapet om at Jesus er det sanne lyset. Me bekjenner for kvarandre og for heile verda at Jesus Kristus i sin person er bærar av to naturer: Han er sant menneske og sann Gud.

Mysteriet og dogmet
Det var ikkje bare i 325 og i 1906 det var strid om Gud og truslæra.  Orda truslære og dogmer har ikkje spesielt god klang i 2016.  Mange har nok meir sans for mysteriet enn for dogmet og bekjennelsen.  Då kan det vera godt å tenkja på at trusbekjennelsen er eit vern om mysteriet.  Trusbekjennelsen kan ikkje fanga Gud i ord, men han kan halda fast at Gud er større.  Så me ikkje går rundt med ein liten Jesus, skapt i mitt hovud og forma etter mine behov. 

Bekjennelsen verner mysteriet!  Slik er det her i kyrkja i dag.  Mysteriet i trua får skina og funkla, tona og lyda.  Mysteriet når oss i musikken, i tonen frå himlen i folkemusikk, salmar og liturgisk song.  Me vil tilbe og lovprisa han som er Guds under. Me vil leva i musikken og opna for mysteriet.  Og så er det greitt å vita at den levande musikken har noter som held han fast og tek han uforfalska vidare, akkurat slik bekjennelsen vernar mysteriet, gjer Gud stor og mennesket ydmykt og truande.

Juledagsmysteriet seier dette: Jesus er sann Gud og sant menneske. Me kjem aldri så nær mennesket og aldri så nær Gud som me gjer i trua på Jesus.

Samtida sine utfordringar
For tidsreisene denne dagen landar her.  I samtida. Midt i tida sine utfordringar.  Der me treng og får tru på ein stor Jesus, ikkje ein liten.

Me lever i ei tid der menneskeverdet er utfordra, av krig, klimaendringar og fattigdom, av nedverdigande levekår som særleg rammar barn og kvinner og sender mange menneske på flukt.  Mange er utrygge, fortvila og møter stengde grenser og muligheter.

Frå kyrkja si side ser me dette slik med juleauge:
Å krenka mennesket er også å krenka Gud som skapte mennesket i sitt bilde, til uendeleg verdi og verdighet, han som kom som ein av oss og er sant menneske.

Når Gud viklar seg inn i våre liv og livsløp ved å verta eit sårbart menneske som oss, må me også vikla oss inn i kvarandre sitt liv.  Me kjem ikke unna å velja mennesket framføre systemet, dei svake framføre dei sterke, sjølv om kyrkja med det stiller seg lagleg til for hogg og kritikk. Gud har kome heilt ned.  Me trur på ein så stor Jesus.

Så stor at Jesus er her.  Så stor at han er der når me ser inn i glaskula mot dei tidene me er på reise inn i.  Kva står i glaskula? Den som Gud gjev til kjenne i evangeliet:

Til alle tider
Jau, at med å ta imot Jesus er du Guds barn, fullkomment og guddommeleg tilgitt og elska.  Med å ta imot Jesus, tek du imot han som har skapt deg og alt.  Jord, hav, himmel, alt som lever i luft og vatn og landjord, eit fantastisk biologisk mangfold det er ei stor synd å ta kverken på.  Med å ta imot Jesus er du frikjent i dommen og lever i lyset som mørket ikkje vinn over, heilt til han skal gjera alle ting nye.  Og det skal han gjera med like stor glede og leik som då han skapte første gongen.

Den som trur på Jesus som alt er skapt ved, trur på meining i tilværelsen, på håp for alt det skapte, på sant lys å følgja, på nåde å reisa seg i, på arbeid for rettferd og miljøvern, på engasjert misjon så stadig fleire får sjå hans herlegdom.  Me får tru på ein så stor Jesus!  Verken kyrkja eller verda treng mindre.
Kom tilbe han, Guds under!

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017
Kva skal me gjera og venta på?
Lukas 3,7-18. Tredje sundag i adventstida 17.12.2017
Kva skal me gjera og venta på?
Guds ord er ikkje ferdig snakka når det er avlevert. Ordet er skapande. Ordet ventar respons. Det kjem frå Gud. Det skal tas imot og føra til noko.
LES MEIR Publisert: 18. Desember 2017
Evigheten og øyeblikka
Matteus 25,31-46. Siste sundag i kyrkjeåret 2017
Evigheten og øyeblikka
På dommens dag vert det ikkje spurt etter plass i kyrkjelandskapet eller dogmatiske teoriar og læresetningar, men etter kjærleik. Trua sin kjærleik som ser Jesus overalt der Jesus er å sjå.
LES MEIR Publisert: 27. November 2017
Vellukka eller salig
Allehelgensdag 2017. Matteus 5,1-12
Vellukka eller salig
Dei folka Jesus kallar salige, har ikkje vunne i livet si store lottotrekning eller karra seg opp klatrestigen eller bygd eit image som tyder på at her går livet på beine...
LES MEIR Publisert: 08. November 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone