Knallstart!
Johannes 2,1-11. 3.sundag i openberringstida 2017

Knallstart!

Av: Stein Ødegård
Publisert 24. Januar 2017
«Knallgod start å begynna i eit bryllup» sa ein i gudstenestegruppa. Me tenkte på at det er slik Jesus begynnar gjerninga si og startar å visa kven han er. Knallstart. Å koma med gleda og berga ho.

«Knallgod start å begynna i eit bryllup» sa ein i gudstenestegruppa.  Me sat i dåpssakristiet med tekstsamtale og tenkte på at det er slik Jesus begynnar gjerninga si og startar å visa kven han er.  Knallgod start.  For bryllup er glede, Jesus kom og kjem med glede, og bergar gleda når ho held på å gli over i flausen.  Bryllup er kjærleiken sin fest, starten på eit nytt livsavsnitt, konkret og herleg i livet til 2 personar og 2 storfamiliar.  Og bryllupsfesten med gleda og kjærleiken er den viktigaste metaforen, kjerneillustrasjonen både i GT og NT når kjærleiken mellom Gud og menneske skal skildrast, når det skal inviterast inn, når Gud i si glede og sin kjærleik seier:  «Kom for alt er ferdig!» 

Glede
Festen og gleda er viktig i bibelen.  Det står mykje om glede. Skildringar, oppfordringar, erfaringar.  Om glede som vert ny.  Om glede som er forankra i Gud og overlever i fengsel og krevande livssituasjonar.  Me snakka i gruppa og eg seier det nå:  At me ber på tradisjonar frå det mørke fastland som har løfta alvoret høgare enn gleda, det seriøse over det løgne, livsfornekting og forsakelse over livsglede og alvorleg diskutert om vinen i Kana var alkoholfri eller at «Dette liga me inkje».  Kanskje er mykje av dette passè, og enkelte pendlar har svingt over i det uansvarleg livsnytande.  Men som ein sa: «Me kan ikkje bare ha det godt, me må ha det litt løye også.»  Så takk og pris for kyrkjeløva som gjer det lett å smila!  Og me som trur på ein levande Jesus som forvandlar: Kanskje har han gjort noko med kar som sto tome etter det gamle gravalvoret på Jæren, og fylt dei opp med ny glede utan at alle i kulturen anar kor den nye og betre gleda kom i frå. Det er mykje glede, liv og fest i kyrkjene. Meir enn mange anar.

Tekstane i dag løftar i alle fall fram gleda.  Gleda då Gud skapte.  Gleda i håpet og det som skal fylla alt når alle ting vert nye.  Jesu vilje til å gje folk glede.  For han, sentrum i trua, introduserer seg sjølv og det han vil gjera, med å delta i gleda sin fest og gå inn under overflata og gje folk ny glede ved å berga ein fest.

"Sjå, eg gjer noko nytt!"
Det minner om orda i Jesaja 43,19, der profeten helsar frå Gud med desse orda: «Sjå, eg gjer noko nytt!»  Den setningen får vera overskrifta over budskapet i dag.  «Sjå, eg gjer noko nytt!» 

Sjå føre dykk Gud si glede i opphavet, i den skapande prosessen.  Han er komen til fullføringa av skaparverket, desse som skal likna han og bera hans bilde. Dei skal stå i ein relasjon til han, til kvarandre, til skaparverket med bevissthet, språk, vilje, kjærleik. Mann og kvinne som skal bli mange og ta del i den fortsatte skapinga som er Guds.  Han såg at det var «svært godt».  Med desse to.  Denne kjærleiken.  Skapningar og fellesskap med tru, med håp, med kjærleik. 

«Sjå, eg gjer noko nytt!»  Og han gjorde det.  Det var svært godt!  Og gudstenestegruppa føreslår at dette er briller me skal sjå skaparverket og kvarandre med, slik Gud gjer.  Overmåte godt!  Gjer det!  Sjå på kvarandre!  Test smilet!  Kjenn på gleda!  I Brynekyrkja er me til for kvarandre.  Ein liten refleks av Gud som ser kva som er svært godt.  Av heile verda som syng halleluja både med og utan Edvard Hoem sin tekst og Henning Sommerro sin melodi.  Og slik skjer det fortsatt.  Skaparen si glede.  Jesus si glede. «Sjå, eg gjer noko nytt!» 

I dag ser me han i Kana.  Første gong offentleg.  Første gong han viser herlegdommen sin og skapar tru, for dei som har sett teiknet.  Første gongen han grip inn og hjelper folk som har kome i ei knipe, slik han ofte gjer.  Første gong evangeliet fortel oss om ei konkret hending som Jesus gjorde, ei som peikar på kven han er og stadig gjer.

Alt kan skje!
For der Jesus kjem, der kan alt skje! «Sjå, eg gjer noko nytt!» Tome kar kan fyllast med vatn og verta til 600 liter med vin!  Overflod og god omsorg.  Alemayehu i gruppa fortel om bryllup i Etiopia der det kan koma fleire tusen. Om festen i Kana var så stor, veit me ikkje.  Men me veit at Jesus hjelper folk, at han berga ein fest i Kana og at han seinare tørrla mange som låg under for rus. Han berga ein ekteskapsinngåelse i Kana og hjelpte seinare mange til å elska, æra og vera trufaste om dagane vart vonde.  «Sjå, eg gjer noko nytt!»  er visst hans program.

I dag kan me tenkja på desse 4 situasjonane:  «Sjå, eg gjer noko nytt!» 

1) når ressursane er tømde....

Når det har gått galt, når flausa er der, vinkannene er tome, våre planar og ønskje har stanga hovudet mot veggen, eigne krefter er oppbrukt, det menneskeskapte er tomt. Jesus venta til det var heilt slutt på vinen, han brukte dei skåltomme kara til å skapa det store underet. 

Er det kan hende for å seia at han ikkje er komen for å reparera og lappa og leggja til det som manglar i våre ressursar.  Me som er vande med å tenkja at det er dei flinke i klassen som vert premierte, dei vellukka som håvar inn, me treng å snu om på verdiane våre.  Nåde og under skjer ikkje på toppen av vår innsats.  Eg ser ikkje føre meg at Gud grip inn med helbredelsar og velsignelsar på toppen av ei sterk tru.  Eg trur ikkje at skikkeleg liv er vegen til Guds hjarta og Guds nåde.  Det er mine tome hender og Jesu naglemerka hender og ingenting anna som opnar vegen for Guds nåde.

Tome vasskar sto liksom og venta der i Kana.  Hadde dei vore i bruk, så hadde dei sagt noko om menneske som treng å reinsa seg for å vera reine for Gud.  Men nå får Jesus dei til å vitna om noko nytt.  Ei ny tid.  Ikkje fylt med krav og det som me sjølv må ta hånd om i livet.  Men med evangeliet sin nåde. Eit under av ein gave frå Gud.

Då er det rom for sannhet. Å snakka dønn ærleg om livet vårt.  At kara våre kan verta så skrekkeleg tome.  At det kostar bare meir å lata som eg har noko eg ikkje har.  At det er mykje som ikkje fungerer og lukkast og går lett i hop i livet.  Det er både tungt og falskt å gå rundt og kamuflera koss det står til.  Det er så mykje betre å stilla dei tome kara til disposisjon for Jesus, for nåden, for han som elskar uansett kva eg får til og ikkje.

Tome kar og vatn til vin.  Eit ufatteleg under når ressursar er tome. Det er bryllupet i Kana.  Og det er noko som hender.  «Mysteriet i trua», seier me før nattverden.  Om han som gjer vatn til vin, og som gjer vin til sitt blod og tilgjeving for synd. 

«Sjå, eg gjer noko nytt!» 
2) Når ei bønn tek Jesus inn i ei utfordring..

Maria seier nokre ord til Jesus, ord som viser kva ekte bønn er:  ”Dei har ikkje meir vin.”   Ein særdeles nøktern måte å uttrykkja eit fakta og eit håp i ein vanskeleg situasjon.  Ingen oppramsing av gode grunnar for at nå må du gripa inn, Jesus.  Eller ferdige løysingar om korleis det kan gjerast. Situasjonen er nok. Det er nok å seia det som det er.  For Jesus har hjartelag og veit kva som er best.

Det er ein underleg dialog mellom mor og son. Maria er forventningsfull på ein respektfull måte.  Jesus markerer noko, ikkje avvisande, men han set ei grense mellom mor og sonen som nå skal inn i ein ny fase av livet.  Slike samtalar kjenner mange til. Ikkje alltid er dei så fredelege som her. Men når me tenkjer at Jesus er Guds son, ikkje bare Maria sin son, vert samtalen også nydelege ord om bønn.

Det er mange bønner som har lukka Jesus inn i eit vanskeleg livsproblem også her i Bryne.  Me veit godt at mange bønner ser ut til å mangla svar, og det er ikkje lett for nokon kvar.  Men eg veit også – og me er mange som veit – at det har skjedd under, og at ting har lagt seg til rette på ein utruleg måte etter ei bønn.  Og at det har skjedd meir når mange var felles om å be om det.

Bønna opna for Jesus, og for å oppdaga det han faktisk gjer. Han me bed til, er han som utførte vinunderet i Kana på 5 enkle, konstaterande ord.  Dei har ikkje meir vin
Det er som om han vil sei det tredje: «Sjå, eg gjer noko nytt!» 

3) Når gjerninga får skje i det skjulte....

Mange fekk ikkje vita kor vinen kom ifrå. Ikkje før seinare. Jesus hadde eit tydeleg ønskje om å ikkje driva offentleg PR.  Show og blest er ikkje hans arena.  Annonserte under er ikkje hans måte. Oftast gjer han si gjerning i det skjulte. Det er ikkje sensasjonane som spreier hans herlegdom i verda. Det er døden på korset og oppstandelsen frå grava som er grunnlag for den livshjelpa han vil gje. Der er hans time komen. Og det var den han ga eit glimt av med underet i Kana

«Teikn» kallar Johannes det.  Teikn som peikar på noko større, noko me godt kan vera forvitne og nysgjerrige på å finna ut av.
Teikn på kven Jesus er.
Teikn på kven han vil hjelpa og bry seg om.
Teikn på gudsriket si store glede, på festen som er og som kjem med overflod av goder og gleder.

«Sjå, eg gjer noko nytt!» Og dette trekkjer han oss inn i.  For han gjer det nye…

4) Når levande tru gjer Jesus offentleg kjent....

Nokon spreidde og spreier nyheten om Jesus. Dei ser og erfarar. Dei vitnar og fortel om det han har gjort i det skjulte i Kana og openlyst på korset. «Sjå, eg gjer noko nytt!» 
Forvandla liv vitnar.
Tome kar har vorte fylt.
Bønner har fått svar.
Ærlege liv veit at han har handla og at eg skal få svara og dela.

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017
Kva skal me gjera og venta på?
Lukas 3,7-18. Tredje sundag i adventstida 17.12.2017
Kva skal me gjera og venta på?
Guds ord er ikkje ferdig snakka når det er avlevert. Ordet er skapande. Ordet ventar respons. Det kjem frå Gud. Det skal tas imot og føra til noko.
LES MEIR Publisert: 18. Desember 2017
Evigheten og øyeblikka
Matteus 25,31-46. Siste sundag i kyrkjeåret 2017
Evigheten og øyeblikka
På dommens dag vert det ikkje spurt etter plass i kyrkjelandskapet eller dogmatiske teoriar og læresetningar, men etter kjærleik. Trua sin kjærleik som ser Jesus overalt der Jesus er å sjå.
LES MEIR Publisert: 27. November 2017
Vellukka eller salig
Allehelgensdag 2017. Matteus 5,1-12
Vellukka eller salig
Dei folka Jesus kallar salige, har ikkje vunne i livet si store lottotrekning eller karra seg opp klatrestigen eller bygd eit image som tyder på at her går livet på beine...
LES MEIR Publisert: 08. November 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone