Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14

Gå heim og kyss din kvardag

Publisert 28. Desember 2017
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig – seier Johannes – det sannaste me har sett av Gud.

Kyrkja er pynta umåteleg vakkert til glede og fest. Slik har også Johannes pynta evangeliet sitt med ein prolog som er verdslitteratur og Gudsmysterium.  Orda kan treffa oss sterkt.  Dei har gjort det med meg mange gonger.  Eg veit eg kan gle meg til juledag.  Orda om Ordet skal fylla dette rommet.  Dei skal fylla hjarte.  Dei skal tas med heim.  Ut i livet.

Prologen i glaskunst
Eg vil fortelja om enkelte sterke møte eg har hatt med desse orda. 
Eitt av dei var første gong eg såg glaskunsten til høgre i Bryne kyrkje sin fondvegg.  Dette veldige lyset som kjem frå skaparen sitt auga og når heilt ned og inn i alt mørkt.  Mørket har ikkje sjans til å overvinna det.  Det gjennomtrengande gule lyset fullt av sanning. Det varme røde lyset fullt av nåde.  Midt i det er bibelboka.  Ordet.  Det som var hos Gud og er Gud, og som nå vert opna opp.  Og når det skjer, då ser me ein person.  Ordet vert menneske.  Me får sjå i Jesus sitt ansikt  kven Gud er, kva Gud gjer, kva Gud vil.  

Prologen i kalligrafi
Eitt anna sterkt møte med Johannesprologen var då kona hadde vore i Amerika og kom heim med praktverket St.Johns bible. 
Evangelia i kunst og kalligrafi på pergament på gamlemåten, nyprodusert frå St.Johns Abbey and University i Minnesota.  Det er umåteleg vakkert og fint gjort.  I prologen til Johannesevangeliet stig Kristusskikkelsen fram frå teksten.  Ordet frå orda. 

Prologen i kontrastpoesi
Eit anna sterkt møte var boka «Jæren, himmel og hav
».  Foto av Jæren i stort format til tekstar av Helge Torvund.  Eg trudde eg skulle dåna då eg bladde opp s.42. Eit panorama av jærstranda som eg jo elska å koma tilbake til etter mykje skog og fjell i alle åra der sør og aust.  Så kom Helge Torvund sine ord til i skarp kontrast, heilt i tråd med den vannvittige kontrasten at Gud vart menneske. Større enn den vakraste naturopplevinga er inkarnasjonen: 

Gløym desse strendene!
Gå heim og dra aldri meir hit!
Desse roma er for store.
Desse bølgjene for veldige.
Sanddynene rører seg som kvinnekroppar i hundreårig søvn.
Gløym dette!
  Set strek over synet!

Gå heim til barna dine,
Til arbeidsbordet og
Det mulege!
Gå heim og kyss din kvardag.

Eller som ein annan har sagt:  Gjer som Gud i jula.  Bli menneske!

Viss me av ein eller anna grunn skulle få trong til å flykta litt frå verkelegheten, så vil det vera stikk motsett av juleevangeliet.  Gud går inn i vår kvardag.  Så heilt og fullt at han vert ein av oss.  Det siste me skal gjera er å gå ut av kvardagen, me skal gå heim og kyssa han – og dei som er i hop med oss i han.

Glimta som opnar kvardagen
Men me treng desse glimta som får oss til å sjå kvardagen i nytt lys
,  opna sansar og syn for det som er verkeleg, som er både nåde og sanning.  Så me går til kyrkja juledag.  Og Johannes tek oss med i Gudsmysteriet heilt frå æva av, til krybba i Betlehem, til dei som tek i mot og er fødd av Gud, til oss som akkurat nå kan leggja vår stemme inn i det store koret: «Vi såg hans herlegdom».

Det er ikkje tilfeldig at det er naturen og kunsten som opnar opp.  I glass.  I maleri.  I poesi.  I musikken som ikkje kjem til å sleppa oss når me skal heim og kyssa kvardagen.

Ordet og litteraturen
Og så Ordet då. Litteraturen. Ordet som strekkjer tanken vår og utfordrar viljen, ikkje bare følelsane. 
Og då er eg komen til det neste sterke møtet med juledagsteksten.  Den kom i auditoriet på Menighetsfakultetet.  Det var ei slags språkglede over å kunne lesa og forstå gresk første gongen.  For Johannesprologen var eit mesterstykke av enkelt språk og djup og stor teologi.  Orda om Ordet var ei åpenbaring både språkleg og teologisk.

Eg hadde begynt på teologien på MF etter Bryne gymnas.

Etter 3 år som mata vitet med kunnskap om naturfag og det menneskelege, skulle det byggjast på med kjennskap til bibelen og Gud i dei neste 6.  Det kunne ha vorte ein brå overgang, men vart ikkje opplevd slik.  Eit og anna var det nok som dirra i spenning, men i det store og heile fekk kunnskapane henga i hop og bretta seg inn i kvarandre.

Ein av grunnane var litteraturen.    Eg hadde kome på sporet av å gjenkjenna det ekte menneskelege i gymnaslitteraturen, anten me streva oss gjennom tungt og sårt og jærsk i Arne Garborgs “Fred” eller me lot oss fascinera av den enkle livskunsten til fiskeren Markus i Gabriel Scott si “Kilden”,  eller kampen mellom menneskevilje og gudsvilje hos Johan Falkberget og Sigrid Undset i “Den fjerde nattevakt” og “Kristin Lavransdatter”. 

På fakultetet var det ikkje vanskeleg å gjenfinna det sant menneskelege i Bøkenes bok.  Dei 66 bøkene var fulle av slikt.  I tillegg kom fascinerande djupdykk i orda om Gud og mennesket.  Det sterkaste vart prologen i Johannesevangeliet.  Eit aha.  Ein brubyggjar til den litteraturen eg kjende og hadde til gode å kjenna.  Ein døropnar med eit svimlande perspektiv på livet: 

 I opphavet var Ordet, og ordet var hjå Gud og Ordet var Gud….  Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, den herlegdomen den einbårne Son har frå Far sin, full av nåde og sanning.”

Det var ikkje vanskeleg å forstå at bibelen både dampa av det menneskelege og åpenbarte Gud.  For hovudbudskapet var han som kom og var det sannaste av alle menneske.  Og like mykje Gud.

Eit av desse orda i Johannesprologen seier det slik: “Det sanne lyset som lyser for kvart menneske, kom no til verda.”

Dei siste åra har handla mykje om sant lys. Religion og tru sin plass i det offentlege rom er heftig debattert.  Om tru gjer godt eller om religiøs fanatisme gjer vondt.  Kyrkjene vil gjerne vera lys og salt i verda, men strevar med måten.  Me søkjer veger å vera det på og speidar etter teikn på åndeleg lengsel for tida, om han er betydeleg eller ubetydeleg.  Vil Arne Garborg sine ord verta meir treffande igjen? Om å lengta titt der ut til fred, og tru at landet fyrst kan syna seg når sol gjeng ned?

Ærleg om lengsel og lys
Skal eg vera ærleg, og det skal eg jo, så er sikkert 
lengselen etter Gud mindre enn prestar og teologar og kyrkjefolk  likar å tru.  Derimot er lengselen etter det sant menneskelege rimeleg sterk og stor.  Det er heilt vanleg å høyra stemmar som er avvisande eller avventande til den kristne Gud, eller i alle fall til organisert kyrkjefellesskap.  Men eg høyrer knapt nokon sei at dei ikkje bryr seg om å vera eit sant menneske. Åndeleg interesse kan vera så som så, men menneskeleg interesse høg.  Religiøs praksis kan vera minimal eller privatisert, men sosial rettferdighetssans og eit engasjement for nødlidande og utsette kan vera sterk og minna mykje om det beste i kristen tru og diakoni sin praksis gjennom tidene.  Mange gjev uttrykk for tru, men slit med å finna plassen der trua får utfolda seg med glede og kraft.   Det betyr mykje for mange å vera eit sant menneske, å vera god, ærleg og heil ved.  Og det er med sorg dei fleste av oss må sei: “Eg er ikkje i eitt og alt det mennesket eg ønskjer å vera.”

Spør om Jesus!
For mange er Gud fjern eller kyrkja lite relevant og tillitvekkjande. 
Men spør om Jesus!  Sjå om det ikkje lyser opp ein fascinasjon!  I Jesus møter me eit menneske som var slik me alle ønskjer at me kunne vera.  Fascinasjon over Jesus er å gjenkjenna den respekten eg ønskjer å ha for andre og det hjartelaget som grip inn og reiser opp dei som ikkje har det godt.  Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode,  talte og handla med kraft.  Han var det sannaste av alle menneske, og samtidig – seier Johannes – det sannaste me har sett av Gud. 

Døropnar til sant lys
“Det sanne lyset som lyser for kvart menneske, kom no til verda.”
Nokre har sett det sanne lyset sin herlegdom og kan ikkje gløyma det!  For nokre er kunsten ein døropnar.  Litteraturen!  Musikken slik han får uttrykkja mysteriet i dag. Bildande kunst eller poesi og prosa som treff hudlause følelsar med sant lys, som lar oss ana det sannaste lyset. Salmer med kraft i seg. Om Gud og til håp.

For andre er det godheten si gåte som er døropnar.  At mørket ikkje kan overvinna lyset.  At det gode i livet og det gode gjort i Jesu navn og etter Jesu eksempel er større enn den mest ufattelege vondskap. Tenk for eit lys det ligg over praktisert godhet, når du kan tru at han stammar frå Gud – frå det sanne lyset!  Det gode si gåte med eit sterkare lys enn det vonde sitt gåtefulle mørke.

Det sanne lyset
Det sanne lyset….  
Me har vel alle erfaringar på at me fulgde eit lys som ikkje var sterkt nok.  Me betrudde oss til ein venn som ikkje viste seg tilliten verdig.  Me tok for gitt ei sanning som ikkje heldt.  Me kamuflerte kanskje til og med mørke planar med eit skjær av lys. Hjarta vart hardt når det skulle ha vore mjukt og veikt når det skulle ha vore fast.

”Det sanne lyset som lyser for kvart menneske, kom nå til verda.”

Jesus viste kva det er å vera sant menneske.  Han viste vegen for menneske som ikkje alltid klarer å vera sanne.  Ja, det aller største: Han kom med nåde.  Han ga retten til å vera Guds barn. Fødd av Gud. Og det bare ved å ta imot han som er det sanne lyset.

Gå heim og kyss din kvardag!
Gjer det! 
Fortset med det!  Du treng ikkje ein gong gløyma og setja strek over denne stunda og andre gode stunder.  Dei kan vera inspirasjon til å gå heim og kyssa din kvardag.  Vera menneske, slik Gud gjer i jula.  Vera Guds barn, slik Jesus er. Og gjer oss til!

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Kva skal me gjera og venta på?
Lukas 3,7-18. Tredje sundag i adventstida 17.12.2017
Kva skal me gjera og venta på?
Guds ord er ikkje ferdig snakka når det er avlevert. Ordet er skapande. Ordet ventar respons. Det kjem frå Gud. Det skal tas imot og føra til noko.
LES MEIR Publisert: 18. Desember 2017
Evigheten og øyeblikka
Matteus 25,31-46. Siste sundag i kyrkjeåret 2017
Evigheten og øyeblikka
På dommens dag vert det ikkje spurt etter plass i kyrkjelandskapet eller dogmatiske teoriar og læresetningar, men etter kjærleik. Trua sin kjærleik som ser Jesus overalt der Jesus er å sjå.
LES MEIR Publisert: 27. November 2017
Vellukka eller salig
Allehelgensdag 2017. Matteus 5,1-12
Vellukka eller salig
Dei folka Jesus kallar salige, har ikkje vunne i livet si store lottotrekning eller karra seg opp klatrestigen eller bygd eit image som tyder på at her går livet på beine...
LES MEIR Publisert: 08. November 2017
Rekkefølgenåde
Reformasjonsdag 29.10.2017 - Rom.1,16-17
Rekkefølgenåde
Nytt ord for dagen. Rekkefølgenåde. Nåden først. Ubetinga. Gjerningane etterpå. For menneske kan gjera uendeleg mykje godt, viss det bare slepp å gjera godt i eit strev...
LES MEIR Publisert: 29. Oktober 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone