Vi ønskjer å drive ei sunn kyrkje på alle område, også økonomisk. Faste gjevarar gjer det mogleg for oss å ha tryggleik og betre oversikt på økonomien. Brynekyrkja ønskjer å invitera deg med på å gje fast til barne og ungdomsarbeidet vårt.
Det er fint å vera vanlege folk i heilt vanlege liv som ønskjer å trø inn porten til liv i overflod. Rett og slett vera gjevarar, me som har fått så mykje.
Å leva med etterretningsmelding frå påskedag: Me ser at død og mørke og vondskap får herja. Me forstår ikkje at slikt skal få så tak i verda anno 2024. Men me er gitt ein kunnskap om at seieren alt er vunnen. Virkningane er synlege nok i verda. Alltid vil ingenting vera som før!
Eg kneler i kyrkja. Eg kneler ikkje bare for jord og plantar, men for Gud. Ikkje bare i mold og på gras, men ved altarbordet. Ærefrykt for jorda og livet og det vanlege og det heilage er uttrykt i same type handling. Eg kneler.
I ein portal til tru? Ei oppleving av natur eller kultur og musikk som dreg oss inn til den store skaparen. Eller det aldeles ubegripeleg store å verta foreldre til eit lite gudsunder med mine gener og trekk. Eller godhet og hjelpande hånd...