24 HOURS FESTIVAL

24 HOURS FESTIVAL

3.- 4. november 2018
Av: Bryne kyrkjelyd
Publisert: 28. September 2018
Går du i 5, 6 eller 7. klasse? Bli med på eit kjekt døgn med mange ulike aktivitetar, i og utanfor hallen. 24 hours er ein festival som gir ei unik oppleving av livsglede, sett i ramme av aktivitetar, musikk, forkynning og utfordringar, der Jesus vert eit naturleg midtpunkt. Alle 6. - 7. klassingar i Time kommune er velkomne 3.- 4. november 2018.

Programmet i løpet av døgnet vil veksla mellom hovudsakleg aktivitetar og sceneprogram kalla «stage», som består av musikk, dans, samtale, kreativ forkynning, leikar og konkurransar. I tillegg vert det pressa inn litt mat og litt søvn, men bare så vidt.

Kontaktpersonar:

Trusopplærar i Time/Undheim, Ragnhild Hanssen, 990 22 872
Trusopplærar i Bryne, Mari Ask Helland 922 67 251
 
Invitasjon vert sendt ut. Påmelding på www.time-kyrkja.no
 
Fleire sakar:
Misjonskveldar i Brynekyrkja hausten 2019
Misjonsutvalet i Brynekyrkja inviterer til to arrangement hausten 2019. Bli betre kjend med Brynekyrkja sine misjonsprosjekt. Pastor Ramazan frå Antalya Evangelical Church kjem...
LES MEIR | 22. Mai 2019
Allegro
Nytt kor for alle i 3. - 7. klasse.
LES MEIR | 10. Mai 2019

Kva skjer?
Les også:
Konfirmant 2020
Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkommen til konfirmasjon i kyrkja.
LES MEIR | 16. Mai 2019
 Diakon i Time - 100 % fast stilling
Vi har ledig 100% fast stilling som diakon og søkjer etter ein person som kan leie det diakonale arbeidet i dei tre sokna på ein god måte i åra framover.
LES MEIR | 09. April 2019

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone