Kyrkjelydstur med tema Luther og Bach
6-13.september 2018, til byane der reformasjonen vaks fram:

Kyrkjelydstur med tema Luther og Bach

Av: Stein Ødegård
Publisert: 09. Januar 2018
Påmeldingsfristen 20.mars nærmar seg! Bli med på tur med fellesskap, kunnskap og opplevingar om reformasjonen som forma Europa.

Målsetting med turen er

  • å byggja fellesskap og forståing gjennom felles opplevingar.
  • å koma tett på Martin Luther sitt liv og betydning, historisk og i dag. Det blir besøk i Eisleben, Wartburg, Eisenach og Erfurt. 
    Ikkje minst bur vi 3 netter i Wittenberg.
  • å få ein smakebit på Johann Sebastian Bach, musikken hans og byane hans,  Eisenach og Leipzig.
  • å få kunnskap, innblikk og refleksjonar om dette som har forma kyrkje og samfunn så sterkt, og kva luthersk identitet kan innebera i dag.

Bryne sokneråd i samarbeid med Plussreiser er arrangør.

Reiseleiarar er Brit Frøyland, Guri Risa og Stein Ødegård. 
Påmelding til Brit Frøyland, Kjelabrotet 26, 4340 Bryne, epost: frbr@sus.no. Tlf. 97707961.

Meir om dagsprogram og pris i brosjyren under....

Relaterte dokumenter
Fleire sakar:
DNI 175 år - misjon og det jødiske folk
Israelsmisjonen i samarbeid med Bryne kyrkjelyd inviterer til samling om misjon med Svein Granerud, styreleder i Den Norske Israelsmisjon (DNI) i Bryne kyrkje 19 - 20. januar 2019
LES MEIR | 10. Desember 2018
Julevandring i Brynekyrkja
Fleire hundre ungar har fått oppleve juleevangeliet gjennom ei vandring mot Betlehem dei siste vekene. Alle barnehagane på Bryne blir invitert og nesten alle kjem på julevandringane,...
LES MEIR | 10. Desember 2018

Kva skjer?
Les også:
Jul i Brynekyrkja 2018
Det viktigaste vi gjer i julehøgtida er å fortelja den vakraste historia som finns – Evangeliet om den allmektige Gud som kjem nær oss, som barnet i krybba. I Brynekyrkja...
LES MEIR | 10. Desember 2018
Leif Andenes med band - les og spelar jula inn
Laurdag 22. desember kl. 19.30 er det tid for å setja seg ned i Bryne kyrkje.
LES MEIR | 05. Desember 2018

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone