MEDARBEIDARFEST 2018

MEDARBEIDARFEST 2018

Av: Bryne kyrkjelyd
Publisert: 17. Januar 2018
Fredag 16/3 inviteres medarbeidarar i Bryneyrkja til fest! Tradisjonen tro sett staben si æra i å gjera stas på våre kjære medarbeidarar i kyrkja.

Fredag 16/3 inviteres medarbeidarar i Bryneyrkja til fest! Tradisjonen tro sett staben si æra i å gjera stas på våre kjære medarbeidarar i kyrkja.


I tilleg til å by på seg sjølve i upåklageleg service, og innslag av ymse underhaldande art - dekkjar me bord med mat levert frå Kjøkkenet på Bryne.

Rosinen i pølsa er plateaktuelle John Gravdal som snart er ute med ny kassett. Me gler oss og frydar oss for at han tek med seg gitaren og framførar song og musikk som seg hør og bør. Og ikkje nok med det. Me får også besøk av viseduoen Uppstad og Waade, som har underholdt og forundra publikum i alle slags samanhengar og samfunnslag sidan 2006. I Rogaland er dei best kjent fra NRK Rogaland med sangen Regn fra lyktestolpar. Dei har tre heilaftens forestillingar bak seg: "Gullbrød og Sirkus" (2006), Fedre På Felgen (2009/10) og Nye Norske Nederlag (2012).


Kvelden vil ha eit program akkurat nok til å fylja dei to timane som er sett av denne kvelden: Frå kl.20-22.

Du treng ikkje gå og ottast, men du må melda deg på!
Det kan gjerast på fleirne vis:

Alt.1: Tast 51 77 03 77 på telefonen din. Be om å få snakka med Elisabeth.

Alt.2: Skriv eit elektronisk brev til elo@time-kyrkja.no

Alt.3: Send ei tekstmelding (SMS) til 481 27 481

Invitasjonen gjeld medarbeidarar og følge.

Meld deg på innan mandag 12/3

MEDARBEIDARFEST 2018

 

 

 

Relaterte lenker
Fleire sakar:
Prosjektleiar «Ung i Time» 100% stilling
Ønskjer du ei utfordrande og nytenkjande stilling i Den norske kyrkja? Likar du å tenkja nytt? Likar du å arbeida med nye prosjekt? Ønskjer du å driva ungdomsarbeid på...
LES MEIR | 18. September 2018
24 HOURS FESTIVAL
24 HOURS FESTIVAL
3.- 4. november 2018
Går du i 6. eller 7. klasse? Bli med på eit kjekt døgn med mange ulike aktivitetar, i og utanfor hallen. 24 hours er ein festival som gir ei unik oppleving av livsglede,...
LES MEIR | 28. September 2018

Kva skjer?
Les også:
Inntrykk frå ledsagerprogram i Betlehem
Kveldsgudsteneste 21.oktober kl.19
Inntrykk frå ledsagerprogram i Betlehem
Brynekyrkja sin kveldsgudstenesteserie «Møte som set spor» får førstkomande sundag forteljingar og inntrykk frå Vestbredden/Palestina. Jon Aarsland vil fortelja frå ein 3 månadar...
LES MEIR | 15. Oktober 2018
Kirken inviterer til dåp! Men invitasjonen kommer ikke lenger i postkassa
Fra 1. oktober 2018 får ikke lenger Den norske kirke vite når medlemmer får barn. En 400 år gammel ordning opphører, og kirken kan dermed ikke lenger sende ut invitasjon til dåp til nyfødte.
LES MEIR | 04. Oktober 2018

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone