Korset - avlyst eller umissande?
Kveldsgudsteneste med Torstein Jørgensen 18.februar

Korset - avlyst eller umissande?

Av: Stein Ødegård
Publisert: 06. Februar 2018
Gjev tradisjonell teologi om korset framleis meining? spør professor ved VID, Torstein Jørgensen. Er klassisk korsteologi ein konstant i kyrkja si lære, eller bør han nytolkast for å gje livsmeining for moderne menneske?

I Bryne kyrkje sundag 18.februar fortset kveldsgudstenesteserien:
«Kva betyr det at Jesus døydde på eit kors?».  Denne kvelden held Torstein Jørgensen føredrag.  Jørgensen er professor i kyrkjehistorie ved VID/Misjonshøgskulen, der han har vore tilsett sidan 1980.

I føredraget vil han koma inn på at korsfestinga av Jesus  er eit historisk faktum som ingen seriøse forskarar set  spørsmålsteikn  ved. Men kva var det dupare innhaldet i denne hendinga, sidan ho vart utgangspunktet for den verdsvide kristne kyrkja?   Gjev tradisjonell teologi om korset framleis meining i eit moderne samfunn med ei ny og annleis verdenstolkning enn den som prega antikken?   Er klassisk korsteologi  ein konstant i kyrkja si lære, eller bør han nytolkast  for å gje livsmeining for moderne menneske?
Tema for føredraget er: «Korset – avlyst eller umissande?»

I tilknytning til føredraget vert det eit  kunsthistorisk innslag om korset og bønnevandring med korsutstilling. Musikken står Per Olav Egeland for, saman med vakker fiolinmusikk av Henrik Nordtun Gjertsen. 

Fleire sakar:
Å gjøre noe for andre, gjør noe med deg!
Brynekyrkja søker nå flere frivillige medarbeidere. På vår profil på frivillig.no finner du kanskje en oppgave du ønsker å gå inn i. Å gjøre noe for andre, gjør noe med deg!
LES MEIR | 07. Mai 2018
Ernst Baasland i Brynekyrkja
Kveldsgudsteneste om håpet i korset
Ernst Baasland i Brynekyrkja
Sundag kveld 13.mai kjem Ernst Baasland til Bryne kyrkje.  Han rundar av våren sin kveldsgudstenesteserie:  Kva det betyr at Jesus døydde på eit kors.
LES MEIR | 26. April 2018

Kva skjer?
Les også:
Nytt flygel og konsert i Brynekyrkja
Forutan kyrkjeorgelet har Brynekyrkja i alle år hatt eit piano ståande framme i koret. Det har gjort nytta, men organisten, Per Olav Egeland, har i mange år sakna eit flygel.
LES MEIR | 08. Mai 2018
Seksuelle krenkelser i Den norske kirke
Gjennom #metoo-kampanjen har det den siste tiden blitt avdekket et omfang av seksuell trakassering som opprører oss. Det er nulltoleranse for seksuelle krenkelse i Den norske...
LES MEIR | 17. Januar 2018

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone