Elias Blix, nasjonsbyggjar og salmediktar
Ny stor kulturkveld av historielaget og soknerådet

Elias Blix, nasjonsbyggjar og salmediktar

Av: Stein Ødegård
Publisert: 19. Februar 2018
Tysdag 27.februar kl.19 blir det ny salig blanding av føredrag, musikk og salmesong i Bryne kyrkje. Denne tysdagen står Elias Blix i fokus. Salmane hans. Historien om han og det han fekk bety som nasjonsbyggjar.

Jærklang saman med solistane Glenn Rugland, Randi Grødem, David Vigrestad Kristiansen og Leif Andrè Grødeland framfører eit utval av Blix sine salmar, velkjente i skule, kyrkje og nasjonale dagar og hendingar.

Hovudføredraget om Elias Blix vert halde av Anders Aschim.  Han er professor ved Høgskolen i Innlandet, Hamar og ved Høgskulen i Volda. Av fag er han teolog og historikar. Han har skrive biografien Ein betre vår ein gong. Elias Blix. Dette utgjorde hovuddelen av doktorarbeidet til Anders Aschim og er temaet for føredraget hans.

Her er kortversjonen:
Elias Blix kunne meir enn å dikte salmar. Han var professor i hebraisk med doktorgrad i semittiske språk. Han kunne ikkje berre sin Bibel, men også sin Koran - og han kunne Ibsens "Brand" utanåt. Saman med Ivar Aasen var han hovudmannen bak den første omsetjinga av Det nye testamentet til norsk. Og han var statsråd i den første norske regjeringa i eit parlamentarisk system, Venstre-regjeringa til Johan Sverdrup.

Etter ei pause med matservering får me eit miniføredrag ved Lars Ole Bergersen om kva songen som kulturskatt inneber i dag.  Tema: Songen som kulturberar.

Bryne kyrkje rommar mange.  Me ser gjerne fullt hus på denne godt innarbeidde årlege kulturkvelden.

Fleire sakar:
Digikirka.no - Ny nettstad for digitale sendinger frå lokalområdet
Digikirka er på lufta! God oversikt over sundagens direktesendingar.
LES MEIR | 23. April 2021
Sjå gudstenesta frå 25. april her
Det er ei stor glede og igjen kunne invitere til gudsteneste i Brynekyrkja. Det er altfor lenge sidan sist.
LES MEIR | 22. April 2021

Kva skjer?
Les også:
Konfirmasjonsgudstenester i Bryne kyrkje sundag 9. mai
Det blir 3 gudstenester denne sundagen. Kl 10:30, 11:45 og kl. 13:00
LES MEIR | 07. Mai 2021
I dag kan du sjå første episode av Søndagstanker på DigiKirka.no/sondagstankar.
Denne gongen med prost Lars Sigurd Tjelle
LES MEIR | 08. Mai 2021

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone