Kors på halsen - om unge og korset
Kveldsgudsteneste 15.april

Kors på halsen - om unge og korset

Av: Stein Ødegård
Publisert: 09. April 2018
På sundag kjem familiearbeidar Åslaug Lindland i Nærbø, Varhaug og Ogna kyrkje og vil snakka om «Kors på halsen» - om korset som gjev identitet, tru og håp til barn og unge. Saman med "Millenium lovsangsteam" blir det ein kveld med viktig formidling og fellesskap både for unge og godt vaksne.

Den viktigaste utfordringa for kristen tru framover?  Forfattaren Edvard Hoem formulerte dette slik då han var i Bryne kyrkje for eit år sidan: «Korleis fortel me våre barn og barnebarn kva det betyr at Jesus døydde på eit kors?»

Så dette handlar kveldsgudstenester i Brynekyrkja om denne våren.  På sundag er nettopp  unge og formidling om korset i fokus.  Familiearbeidar Åslaug Lindland i Nærbø, Varhaug og Ogna kyrkje vil snakka om «Kors på halsen» - om korset som gjev identitet, tru og håp til barn og unge.

Åslaug har arbeidd i Den norske kyrkja i Hå kommune i 24 år.  Ho har vore med og starta opp 24 Hours festivalen med 450 barn som samlast i eit døgn i Loen.  Ho er spesielt oppteken  av å formidla  bibelforteljingar på ein kreativ måte slik at dei kan favna alle generasjonar gjennom drama, sang og dans. Ho skriv og lagar dramastykka sjølv,  og har – må ein seia – drive stort og godt i utvikling  av trusopplæringsopplegg og praktisk formidling  av evangeliet til barn og unge.

Musikken på denne kveldsgudstenesta er det unge folk som står for.  «Millenium lovsangsteam», aktive i bedehuskirken vil gjera dette til ein kveld der unge og godt vaksne kan gje og få mykje av kvarandre. 

Kveldsgudstenesta vil også ha eit kunsthistorisk innslag om korset , og stille tid med nattverd og bønnevandring med korsutstilling.

 

Fleire sakar:
Å gjøre noe for andre, gjør noe med deg!
Brynekyrkja søker nå flere frivillige medarbeidere. På vår profil på frivillig.no finner du kanskje en oppgave du ønsker å gå inn i. Å gjøre noe for andre, gjør noe med deg!
LES MEIR | 07. Mai 2018
Antalya Evangelical Church i Tyrkia
«Budskapet om tilgivelse og kjærlighet har jeg ikke møtt noe annet sted.»
LES MEIR | 08. Februar 2018

Kva skjer?
Les også:
Ein del av noko større
Hausten 2018 vil Brynekyrkja ha fokus utover og oppover. Me vil sjå oss som del av noko større. Av ei kyrkje me høyrer til i. Av ei verdsvid kyrkje me kan læra...
LES MEIR | 29. Juni 2018
CAMP Tonstadli
Bli med på Brynekyrkja sin menighetsweekend CAMP Tonstadli 14 - 16. september 2018. Påmeldingen er igang!
LES MEIR | 14. Juni 2018

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone