Ernst Baasland i Brynekyrkja
Kveldsgudsteneste om håpet i korset

Ernst Baasland i Brynekyrkja

Av: Stein Ødegård
Publisert: 26. April 2018
Sundag kveld 13.mai kjem Ernst Baasland til Bryne kyrkje.  Han rundar av våren sin kveldsgudstenesteserie:  Kva det betyr at Jesus døydde på eit kors.

Baasland treng ingen lang presentasjon.  Han er godt kjend – som biskop i Stavanger bispedømme frå 1998 til 2009 – og før det som professor i Det nye testamentet ved Menighetsfakultetet i Oslo. Tema for talen hans er: «Håpet i korset.» 

Nokre stikkord frå det me kan venta fokus på:

  • Korset - det som gjer kristentrua forskjellig frå alle andre livssyn og religionar
  • Korset - det beste svaret på det evige spørsmålet om meininga med livet. 
  • Håpet i kristentrua – blir det forstyrra av tanken om fortaping?
  • Det mest sentrale i kristen tru må stadig sjås frå nye synsvinklar.

Musikken på denne kveldsgudstenesta er det Dagfinn Egeland som står for. 
Han er mykje brukt som songsolist i distriktet, og har i det siste mellom anna turnert med noko av kjernestoffet til Bjørn Eidsvåg.

«Kveldsgudstenesta vil også ha eit kunsthistorisk innslag om korset , og stille tid med nattverd og bønnevandring med korsutstilling.

Fleire sakar:
Å gjøre noe for andre, gjør noe med deg!
Brynekyrkja søker nå flere frivillige medarbeidere. På vår profil på frivillig.no finner du kanskje en oppgave du ønsker å gå inn i. Å gjøre noe for andre, gjør noe med deg!
LES MEIR | 07. Mai 2018
Antalya Evangelical Church i Tyrkia
«Budskapet om tilgivelse og kjærlighet har jeg ikke møtt noe annet sted.»
LES MEIR | 08. Februar 2018

Kva skjer?
Les også:
Nytt flygel og konsert i Brynekyrkja
Forutan kyrkjeorgelet har Brynekyrkja i alle år hatt eit piano ståande framme i koret. Det har gjort nytta, men organisten, Per Olav Egeland, har i mange år sakna eit flygel.
LES MEIR | 08. Mai 2018
Seksuelle krenkelser i Den norske kirke
Gjennom #metoo-kampanjen har det den siste tiden blitt avdekket et omfang av seksuell trakassering som opprører oss. Det er nulltoleranse for seksuelle krenkelse i Den norske...
LES MEIR | 17. Januar 2018

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone