Nytt flygel og konsert i Brynekyrkja

Nytt flygel og konsert i Brynekyrkja

Av: Tekst Helgedagen
Publisert: 08. Mai 2018
Forutan kyrkjeorgelet har Brynekyrkja i alle år hatt eit piano ståande framme i koret. Det har gjort nytta, men organisten, Per Olav Egeland, har i mange år sakna eit flygel.
Dette vart formidla vidare til soknerådet som saman med organisten sette ned ein flygelkomité etter påske i 2017. Fylgjande personar har sete i komitéen: Hilde Hanevik, Jostein Tollaksen, Per Olav Egeland og Håkon Urstad. Dei fekk i oppdrag å samla inn pengar og kjøpa flygel til kyrkja.
 
No er dei snart i mål, og Helgedagen kontakta Håkon Urstad for å høyra om arbeidet som er gjort. Korleis har innsamlingsarbeidet gått, Håkon?
 
Over all forventning, må eg seia. Me hadde eit budsjett på 350 000 kroner, og i desse dagar har me nok passert 320 000. Dei siste tusenlappane reknar me med å få inn den 27. mai. Då skal koret Jærklang framføra “Visst skal våren komme”, og inntektene frå konserten skal gå til flygelet. Det vert innviing av instrumentet rett før konserten.
 
Ein av grunnane til at flygelet snart er på plass, er sjølvsagt dei to store gåvene me fekk frå Sparebanken Sør og Sparebankstiftinga Time og Hå. Men ein må heller ikkje gløyma alle små og store bidrag frå konsertar og enkeltpersonar som har kome gjennom heile det siste året! Har ein bestemt seg for kva instrument ein skal kjøpa?
 
Ja, me har landa på eit Yamaha flygel c7x - for å vera heilt nøyaktige. Det skal vera eit kvalitetsinstrument som kyrkja verkeleg skal få glede av i åra som kjem!
 
Kva vil eit nytt flygel ha å seia for Brynekyrkja og kyrkjelyden?
 
Utruleg mykje. Med dette instrumentet kan me i endå større grad enn før ha fokus på song og musikk i gudstenestene og det kyrkjelege arbeidet. Det vil òg utvida tilbodet til kultur- og konsertlivet i Brynebyen og i Time kommune.
 
Så du ser verkeleg fram til Jærdagshelga og innviinga av det nye flygelet?
Ja, heile komitéen tykkjer det er stas at me kan markera dette som eit ledd i Jærdagsfeiringa. At me saman med koristane i Jærklang kan invitera til ei storhending i Brynekyrkja denne siste søndagen i mai, ser me verkeleg fram til! Og hugs: her må ein vera tidleg ute for å sikra seg billett!
 
 
Nytt flygel og konsert i Brynekyrkja
 
 
Ja, søndag den 27 mai, Jærdagshelga, skjer det ei storhending på Bryne. Då skal koret Jærklang, saman med songarar som har vore med på dette før, framføra korverket “Visst skal våren komme”. Teksten er skriven av diktarpresten Eyvind Skeie og tonesett av musikarvenen hans, Sigvald Tveit.
 
I “Visst skal våren komme” tek Eyvind Skeie utgangspunkt i apostelen Johannes der han sit på øya Patmos, forvist og fengsla. Det er urolege tider, dei kristne er jaga og for følgde. Då får Johannes si openberring. Han ser eit kosmisk drama som går føre seg, eit drama som handlar om dom og undergang. Men midt i dette mørket, ser han ein ny himmel og ei ny jord stiga fram i all sin venleik. Hanser den store Meisteren, Lammet, han som er begynnelsen og enden - den store redningsmannen.
 
Gjennom songane og musikken prøver forfattarane å levandegjera denne visjonen og dette håpet. Dei vil visa at dette ikkje berre er eit håp for fangen Johannes på øya Patmos i Egeerhavet, men gjeld like mykje for oss i dag! Det gjev mot til å leva og tru på ein oppstanden Kristus! Dei 12 songane legg vekt på håpet og trøysta. Håpet er at ein dag skal alt som er urettferdig, kaldt og hardt i verda, verta borte. All smerte, sorg og sakn skal ikkje vera meir. Det vonde skal forsvinna, og nytt liv spira fram.
 
Det er songsolistar frå vår eigen kommune som er med koret denne kvelden. I tillegg kjem Brynejenta Ragnhild Thu Austnaberg heim frå Oslo. Ho hadde ei av hovudrollene i “Like til Betlehem” som Jærklang framførte for nokre år sidan.
 
Musikarane er henta frå staben i kyrkja, i tillegg til unge, dyktige talent frå Kulturskulen. Me trur og håper at denne maikvelden i Brynekyrkja skal verta magisk, på alle vis.
 
Kom, opplev musikk, tekstar og lytt til det flotte, nye flygelet som skal innviast denne søndagen!
 

 

 

 

Fleire sakar:
Prosjektleiar «Ung i Time» 100% stilling
Ønskjer du ei utfordrande og nytenkjande stilling i Den norske kyrkja? Likar du å tenkja nytt? Likar du å arbeida med nye prosjekt? Ønskjer du å driva ungdomsarbeid på...
LES MEIR | 18. September 2018
24 HOURS FESTIVAL
24 HOURS FESTIVAL
3.- 4. november 2018
Går du i 6. eller 7. klasse? Bli med på eit kjekt døgn med mange ulike aktivitetar, i og utanfor hallen. 24 hours er ein festival som gir ei unik oppleving av livsglede,...
LES MEIR | 28. September 2018

Kva skjer?
Les også:
Inntrykk frå ledsagerprogram i Betlehem
Kveldsgudsteneste 21.oktober kl.19
Inntrykk frå ledsagerprogram i Betlehem
Brynekyrkja sin kveldsgudstenesteserie «Møte som set spor» får førstkomande sundag forteljingar og inntrykk frå Vestbredden/Palestina. Jon Aarsland vil fortelja frå ein 3 månadar...
LES MEIR | 15. Oktober 2018
Kirken inviterer til dåp! Men invitasjonen kommer ikke lenger i postkassa
Fra 1. oktober 2018 får ikke lenger Den norske kirke vite når medlemmer får barn. En 400 år gammel ordning opphører, og kirken kan dermed ikke lenger sende ut invitasjon til dåp til nyfødte.
LES MEIR | 04. Oktober 2018

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone