Ein del av noko større

Ein del av noko større

Av: Bjørn Inge Hauge; Stein Ødegård
Publisert: 29. Juni 2018
Hausten 2018 vil Brynekyrkja ha fokus utover og oppover. Me vil sjå oss som del av noko større. Av ei kyrkje me høyrer til i. Av ei verdsvid kyrkje me kan læra så mykje av og gje gode bidrag til. Av ein Gud som opnar sin famn for alle som kjem til han.

Konkret har me ein kveldsgudstenesteserie med 4 kvelder som har tittelen: Møte som set spor. Me får viktige forteljingar om møte med menneske i andre deler av verda, og om livsforandring som har gjort inntrykk og kan berøra oss alle til tru og handling.


Misjonsutvalet inviterer til to misjonskveldar i september.  På den ein gjev Ketil Fuglestad innblikk i situasjonen i Nord-Korea. Det blir song av Frimenn. På den andre får me eksklusivt besøk av Ramazan Arkan, pastoren i Antalya evangelical church – kyrkja i Tyrkia som me har nytt misjonsprosjekt for.

På kyrkjelydsweekenden CAMP Tonstadli 14-16. september vert også temaet for helga "Ein del av noko større". Saman ønskjer vi å leggja til rette for at store og små får oppleva at vi er del av eit større fellesskap. 

I avslutninga av semesteret har me også bispevisitas saman med kyrkjelydane i Time og Undheim. Visitasen gjev oss eit høve til å analysera det me gjer, få tilbakemeldingar og inspirasjon frå Stavanger biskop og rådgjevarane hans.

For identitet og teneste, for tru, håp og kjærleik er det viktig å sjå seg som ein del av noko større.
Kom og ver med oss på dette!

Semesterprogram for hausten 2018 i Brynekyrkja finn du nedanfor.

 

Relaterte dokumenter
Fleire sakar:
Antalya Evangelical Church i Tyrkia
«Budskapet om tilgivelse og kjærlighet har jeg ikke møtt noe annet sted.»
LES MEIR | 08. Februar 2018
Leik og læring på Pinsefart
Dei siste vekene har me vore så heldige og hatt besøk av 19 ivrige og sprudlande 2. klassingar på Pinsefart i Brynekyrkja.
LES MEIR | 13. Juni 2018

Kva skjer?
Les også:
CAMP Tonstadli
Bli med på Brynekyrkja sin menighetsweekend CAMP Tonstadli 14 - 16. september 2018. Påmeldingen er igang!
LES MEIR | 14. Juni 2018
Å gjøre noe for andre, gjør noe med deg!
Brynekyrkja søker nå flere frivillige medarbeidere. På vår profil på frivillig.no finner du kanskje en oppgave du ønsker å gå inn i. Å gjøre noe for andre, gjør noe med deg!
LES MEIR | 07. Mai 2018

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone