Å møta menneske der dei er
Kveldsgudstenesteserien startar

Å møta menneske der dei er

Av: Stein Ødegård
Publisert: 16. August 2018
Sundag kveld  26 .august startar ny kveldsgudstenesteserie i Bryne kyrkje. Serien er kalla «Møte som set spor». Først ut i serien er Brit Signe Fuglestad og fokus er på inntrykk frå Afrika. Me får viktige forteljingar om møte med menneske i andre deler av verda, og om livsforandring som har gjort inntrykk og kan berøra til tru og handling.

Brit Signe gjorde teneste som misjonær for NLM frå 1976 - 1986 og 2007 til 2012 i Etiopia. Saman med mannen, Ketil,  var ho engasjert i bygdeutviklingsarbeid med budsjett frå Kirkens Nødhjelp i dei to kommunane, Konso og Yavello, ca 60 mil sør for Addis Abeba.  Dette er område som ofte har vore ramma av tørke og påfylgjande hungersnød.  Hovedvekt i arbeidet  var skog-og fruktreplanting, vegarbeid og ulike  vannprosjekt.   Brit Signe fortel om dei Viktige prinsippa i arbeidet:  å bruke lokal arbeidskraft, lokale reiskaper og ha godt samarbeid med bondelag og lokale styresmakter.

På gudstenesta vil ho fortelja om møte med enkeltmenneske som har gjort inntrykk, og kor viktig det er å ta del i dei oppgåvene som dukkar opp og som ein har tru for at ein kan bidra i.  Føredraget har tittelen: «Å møta menneske der dei er.»

Som vanleg på kveldsgudstenester vert det godt med musikk, denne gongen med mykje tonar frå det nye flygelet.  5 Elevar frå Vågen videregående deltek, to songarar, 2 pianistar og ein cellist. Det kan fort bli ein vakker og viktig kveld i kyrkja.

Fleire sakar:
Digikirka.no - Ny nettstad for digitale sendinger frå lokalområdet
Digikirka er på lufta! God oversikt over sundagens direktesendingar.
LES MEIR | 23. April 2021
Sjå gudstenesta frå 25. april her
Det er ei stor glede og igjen kunne invitere til gudsteneste i Brynekyrkja. Det er altfor lenge sidan sist.
LES MEIR | 22. April 2021

Kva skjer?
Les også:
Konfirmasjonsgudstenester i Bryne kyrkje sundag 9. mai
Det blir 3 gudstenester denne sundagen. Kl 10:30, 11:45 og kl. 13:00
LES MEIR | 07. Mai 2021
I dag kan du sjå første episode av Søndagstanker på DigiKirka.no/sondagstankar.
Denne gongen med prost Lars Sigurd Tjelle
LES MEIR | 08. Mai 2021

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone