Inntrykk frå Sør-Amerika
Kveldsgudsteneste sundag 23.september

Inntrykk frå Sør-Amerika

Av: Stein Ødegård
Publisert: 19. September 2018
Nytt "Møte som set spor" i kveldsgudstenesta på sundag. Tonje Vilberg Bjerkreim - diakon i Gjesdal - kjem med inntrykk frå Equador, der ho har vore utsending for Misjonsalliansen. Ho fortel om barn ho har møtt, og fokuserer på ein Gud som hjelper.

I Bryne kyrkje denne hausten går ein kveldsgudstenesteserie som heiter  «Møte som set spor».  Forteljingar og inntrykk frå møte med menneske i andre deler av verda.

På sundag 23.september  kjem Tonje Vilberg Bjerkreim med inntrykk frå Equador, der ho og mannen Oddvar Bjerkreim har vore utsendingar for Misjonsalliansen.

Tonje Vilberg Bjerkreim (42) er nå diakon i Gjesdal. Ho vil fortelja om barn ho møtte i Ecuador. Barn med store utfordringar; dei var fattige, dei hadde eit handikap, og dei blei sett på som mindreverdige i samfunnet.

Tonje vil også fortelja om uredde hjelparar. Og om korleis vi som medmenneske kan  bera kvarandre.  Talen har tittelen: "Ein Gud som hjelper" 

Også denne kveldsgudstenesta vert det stille tid med bønnevandring og nattverd.  Og ikkje minst god musikk.  Musikarane i Elim Brass vil fylla kyrkja med tonar som gjer at sterke inntrykk og løfta stemning får veksla.  

Fleire sakar:
Digikirka.no - Ny nettstad for digitale sendinger frå lokalområdet
Digikirka er på lufta! God oversikt over sundagens direktesendingar.
LES MEIR | 23. April 2021
Sjå gudstenesta frå 25. april her
Det er ei stor glede og igjen kunne invitere til gudsteneste i Brynekyrkja. Det er altfor lenge sidan sist.
LES MEIR | 22. April 2021

Kva skjer?
Les også:
Konfirmasjonsgudstenester i Bryne kyrkje sundag 9. mai
Det blir 3 gudstenester denne sundagen. Kl 10:30, 11:45 og kl. 13:00
LES MEIR | 07. Mai 2021
I dag kan du sjå første episode av Søndagstanker på DigiKirka.no/sondagstankar.
Denne gongen med prost Lars Sigurd Tjelle
LES MEIR | 08. Mai 2021

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone