Inntrykk frå ledsagerprogram i Betlehem
Kveldsgudsteneste 21.oktober kl.19

Inntrykk frå ledsagerprogram i Betlehem

Av: Stein Ødegård
Publisert: 15. Oktober 2018
Brynekyrkja sin kveldsgudstenesteserie «Møte som set spor» får førstkomande sundag forteljingar og inntrykk frå Vestbredden/Palestina. Jon Aarsland vil fortelja frå ein 3 månadar lang observatørpost i Betlehem.

Brynekyrkja sin kveldsgudstenesteserie «Møte som set spor»  får førstkomande sundag forteljingar og inntrykk frå Vestbredden/Palestina.
Jon Aarsland vil fortelja frå ein 3 månadar lang observatørpost i Betlehem. 

Til vanleg er Jon Aarsland familieterapeut og leiar av familievernkontoret i Sør-Rogaland – og av og til tilfeldig prest i ulike kyrkjer.  Arbeidet høyrer til i den diakonale greina i kyrkja. Å hjelpa menneske over kneika i  utfordringar i familien, parforholdet, sorga.  Han seier det er krevjande, men veldig meiningsfullt.

våren 2017 hadde han permisjon frå jobben, og budde 3 mnd i Betlehem, som er ein del av Vestbredden/Palestina. Kirkenes verdensråd har ledsagarar i Palestina som observerer og støttar kristne som bur i området.  Ledsagerteama er synleg til stades i Betlehem og på sjekkpunkt i sikkerhetsmuren, som Israel kallar han, eller okkupasjonsmuren, som palestinarar kallar han.  For dei som lever liva sine innanfor muren, er det viktig at nokon ser korleis dei lever.  Like viktig kan det vera for dei av oss som bed og håpar på betre løysingar og vilkår enn dagens.

I Brynekyrkja vil Jon Aarsland fortelja om møte med personar i området som sette spor.  Også denne kveldsgudstenesta vert det stille tid med bønnevandring og nattverd.  Og ikkje minst god musikk frå elevar i Time kulturskule. 

Fleire sakar:
Digikirka.no - Ny nettstad for digitale sendinger frå lokalområdet
Digikirka er på lufta! God oversikt over sundagens direktesendingar.
LES MEIR | 23. April 2021
Sjå gudstenesta frå 25. april her
Det er ei stor glede og igjen kunne invitere til gudsteneste i Brynekyrkja. Det er altfor lenge sidan sist.
LES MEIR | 22. April 2021

Kva skjer?
Les også:
Konfirmasjonsgudstenester i Bryne kyrkje sundag 9. mai
Det blir 3 gudstenester denne sundagen. Kl 10:30, 11:45 og kl. 13:00
LES MEIR | 07. Mai 2021
I dag kan du sjå første episode av Søndagstanker på DigiKirka.no/sondagstankar.
Denne gongen med prost Lars Sigurd Tjelle
LES MEIR | 08. Mai 2021

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone