Flyktningar og møte som set spor
Kveldsgudsteneste 18.november

Flyktningar og møte som set spor

Av: Stein Ødegård
Publisert: 13. November 2018
På sundagskvelden deler Ivar Johannessen av sine inntrykk frå møte med flyktningar, som har sett spor.  Og eit møte med vårt samfunn som har sett spor i ein flyktning. 

Førstkomande sundag avsluttar hausten sin kveldsgudstenesteserie i Brynekyrkja.  Etter inntrykk frå personar som har reist ut og møtt menneske i andre deler av verda, vert det denne gongen inntrykk knytta til det å koma til Norge.  Og Bryne. 

Ivar Johannessen vil dela av sine inntrykk frå møte med flyktningar som har sett spor.  Og eit møte med vårt samfunn som har sett spor i ein flyktning.  Korleis det er å koma til ein ny, framand kultur, nytt klima, annan religion, og skapa seg eit liv her.

Ivar Johannessen er frå Stavanger, utdanna teolog, har jobba i Det norske misjonselskap i 14 år, som misjonær og med utviklingsprosjekt. Han flytta til Bryne for over 20 år sidan, og har arbeidd med norskopplæring for vaksne frå 1999. Nå  er han lærar i grunnskule for vaksne. 

Også denne kveldsgudstenesta vert det stille tid med bønnevandring og nattverd.  Og ikkje minst god musikk frå trompeten til Henrik Helgeland og  song av Jan Albert Øglænd.

Fleire sakar:
DNI 175 år - misjon og det jødiske folk
Israelsmisjonen i samarbeid med Bryne kyrkjelyd inviterer til samling om misjon med Svein Granerud, styreleder i Den Norske Israelsmisjon (DNI) i Bryne kyrkje 19 - 20. januar 2019
LES MEIR | 10. Desember 2018
Julevandring i Brynekyrkja
Fleire hundre ungar har fått oppleve juleevangeliet gjennom ei vandring mot Betlehem dei siste vekene. Alle barnehagane på Bryne blir invitert og nesten alle kjem på julevandringane,...
LES MEIR | 10. Desember 2018

Kva skjer?
Les også:
Jul i Brynekyrkja 2018
Det viktigaste vi gjer i julehøgtida er å fortelja den vakraste historia som finns – Evangeliet om den allmektige Gud som kjem nær oss, som barnet i krybba. I Brynekyrkja...
LES MEIR | 10. Desember 2018
Leif Andenes med band - les og spelar jula inn
Laurdag 22. desember kl. 19.30 er det tid for å setja seg ned i Bryne kyrkje.
LES MEIR | 05. Desember 2018

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone