Gull i det som brast
Kveldsgudstenesteserie våren 2019

Gull i det som brast

Publisert: 04. Januar 2019
Ny serie med kveldsgudsteneste i Bryne kyrkje startar sundag 27.januar. Serien har fått tittelen: «Gull i det som brast», og er inspirert av den japanske krukkekunsten med å reparera knust keramikk. Det som har gått sund, vert sett saman ved bruk av gull. Velkomen til kveldsgudstenester med erfaringar frå livet, glimt inn i keramikarar sin verkstad, god musikk og stille tid med lystenning og nattverd.

Keramikk og kveldsgudstenesteserie
Gjennom våren i kyrkja får me møte med fleire kunstnarar, og ønskjer å dela tankar om det sårbare og skjøre livet, og om «gullet» som kan gje livet verdi og retning og gjera det heilare.  «Gull i det som brast» vil handla både om konkrete livserfaringar og om det sentrale i kristen tru.  Det knuste treng ikkje bli det mislukka, heller det mest verdifulle.

På sundag vil Anne Marit Opstad, som står bak Vind Keramikk på Gudmestad, fortelja om den japanske krukketeknikken kintsugi og ha med aktuell keramikk. Ståle Ree er først ut av personar som deler ei livserfaring av noko som hjalp vidare i livet. Og John Gravdal står for musikken, saman med organist Per Olav Egeland.

Gravdal har dei siste åra markert seg som ein heilstøpt artist og låtskrivar, som frontfigur i bandet Johnny Red and the Prayerhouse People. I april 2018 slapp John Gravdal soloplaten Of Love and Death, under artistnamnet Johnny Red.

Gull i det som brast


Kveldsgudstenesta har også stille tid med nattverd og vandring til bord med tekstar, keramikk og symbolhandlingar og lystenning.

 

PROGRAM:

27.01 / Då livet brast

Ståle Ree og Anne Marit Opstad

Musikk: John Gravdal

 

03.03 // Å akseptera Guds veg

Gunnar Bjorland Stone

Musikk: Maciej Stroynowski

 

31.03 /// Nåde i det mislukka

Liv Fevang

Musikk: John Josefsen

 

18.04 //// Kvelden før det brast

Kristin Kvamme

Musikk: Pasjonsmusikk

 

12.05 ///// Vegen, sanninga og livet

Venche Gya

Musikk: Jærklang

 

Musikalsk ansvar: Per Olav Egeland / Tekstmeditasjon/liturg: Stein Ødegård / Bønnestasjonar: Heidi Stand Harboe

Gull i det som brast

BRYNEKYRKJA - DEN OPNE FAMNS KYRKJE

ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning


 

 

 

Fleire sakar:
Misjonskveldar i Brynekyrkja hausten 2019
Misjonsutvalet i Brynekyrkja inviterer til to arrangement hausten 2019. Bli betre kjend med Brynekyrkja sine misjonsprosjekt. Pastor Ramazan frå Antalya Evangelical Church kjem...
LES MEIR | 22. Mai 2019
Allegro
Nytt kor for alle i 3. - 7. klasse.
LES MEIR | 10. Mai 2019

Kva skjer?
Les også:
Konfirmant 2020
Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkommen til konfirmasjon i kyrkja.
LES MEIR | 16. Mai 2019
 Diakon i Time - 100 % fast stilling
Vi har ledig 100% fast stilling som diakon og søkjer etter ein person som kan leie det diakonale arbeidet i dei tre sokna på ein god måte i åra framover.
LES MEIR | 09. April 2019

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone