Tårnagenthelg i Brynekyrkja

Tårnagenthelg i Brynekyrkja

Publisert: 13. Februar 2019
Fredag 26. januar var over 30 tårnagentar samla på Bryne for ein kveld med oppdrag og spenning i kyrkja!

Dei fekk høyra om Den Miskunnskamme Samaritan, læra korleis me kan vera agentar for Gud ved å vera gode mot kvarandre, fekk politibesøk som fortalte om fingeravtrykk og DNA, fekk gå opp i kyrkjetårnet, ta agentstyrkeprøve, pynta agentdikt og mykje meir. I tillegg nøyt med herlege pizzabollar som foreldre hadde baka til kvelden.

Men då kvelden var omme var framleis ikkje det viktige bodskapet dei skulle finna ferdig. Det viste seg nemleg at Løva hadde funne det siste, og tok det med til agentane på gudstenesta på sundagen. Og bodskapet vart då til slutt: «Eg er med dykk alle dagar».

Takk til alle tøffe tårnagentar som ville koma, og tusen takk til alle foreldre og frivillige som stilte med pizzasnurr, som kjøkkenhjelp og som gruppeleiarar under kvelden. Det sett me stor pris på!

Så då er det berre å seia takk for denne gong 3. klassingar og tårnagentar, så vonar me at me sjåast at til neste år!

Og hugs: Gud er med dykk alle dagar!

Fleire sakar:
Misjonskveldar i Brynekyrkja hausten 2019
Misjonsutvalet i Brynekyrkja inviterer til to arrangement hausten 2019. Bli betre kjend med Brynekyrkja sine misjonsprosjekt. Pastor Ramazan frå Antalya Evangelical Church kjem...
LES MEIR | 22. Mai 2019
Allegro
Nytt kor for alle i 3. - 7. klasse.
LES MEIR | 10. Mai 2019

Kva skjer?
Les også:
Konfirmant 2020
Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkommen til konfirmasjon i kyrkja.
LES MEIR | 16. Mai 2019
 Diakon i Time - 100 % fast stilling
Vi har ledig 100% fast stilling som diakon og søkjer etter ein person som kan leie det diakonale arbeidet i dei tre sokna på ein god måte i åra framover.
LES MEIR | 09. April 2019

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone