Sett ditt preg på kyrkja di

Sett ditt preg på kyrkja di

Publisert: 06. Mars 2019
Det er kyrkjeval (8. og) 9. september 2019. Kanskje du skal stille til val? Du er invitert til å vere med på å skape kyrkja i framtida!

I kyrkja skal det vere rom for alle. Eit stort rom. Høgt til taket. Sterkt fundament. Nye impulsar. Gode tradisjonar. Ulike meiningar. Ulike vegar til tru.

Kyrkja byggjer fellesskap der du bur. Vêr med å ta ansvar for fellesskapen og for kyrkja di!

Meir enn du trur

I Den norske kyrkja er det rom for mange meiningar, og det er rom for ulike vegar til tru. I trusfellesskapen er det rom for den trua du har og kanskje for meir enn du trur. Gudstenester, omsut for utsette menneske, dåp og trusopplæring, konfirmasjon og ungdomsarbeid, kor og kyrkjemusikk og aktivitetar for barn, viser eit mangfald av tilbod - og behov for eit mangfald av engasjerte menneske.

Kyrkja er til stades overalt i Noreg, og vil vere til stades i dagleglivet til menneske - og ved hendingane gjennom livet. Korleis vil du at kyrkja skal vere? Du har høve til å påverke ved kyrkjevalet. 

Ta ansvar for kyrkja di

Du trengst til den viktigaste oppgåva i dagens Noreg: Å skape sterkare fellesskap i bygd og by. Mange tendensar bryt ned fellesskapen mellom oss. Kyrkja treng engasjementet ditt for å motarbeide isolasjon og splitting. Kyrkja treng dine innspel til korleis vi kan framme respekten for Guds skaparverk. Kyrkja treng folk som kan sjå einskildmennesket, inspirert av korleis Jesus gav verdi til menneske han møtte.

Kyrkja di gjev mange kanalar for ditt engasjementet. I møta med folk i nabolaget ditt kan du bety noko med haldningane dine og det du gjer.

Ved kyrkjevalet skal det veljast 8000 medlemmar til å leie arbeidet til kyrkja gjennom sokneråd og bispedømmeråd. Ver med på noko stort: Sei ja dersom du vert spurd om å stille til val. Og gje stemma di på valdagen. Vi vil samarbeide for at fleire oppdagar det store og gode ved å gje av si tid til det som byggjer fellesskap.

Sett ditt preg på kyrkja di

To val

Ved kyrkjevalet kan du stemme på kandidatar til soknerådet og til bispedømerådet/Kyrkjemøtet.

Soknerådet leier verksemda til kyrkjelyden der du bur. Som medlem i soknerådet kan du ha stor innverknad på dei lokale oppgåvene og utfordringane i kyrkja di, og du kan sjølv fremje saker du trur på. Arbeidet til soknerådet og bispedømmerådet spenner over mange tema – m.a. barne- og ungdomsarbeid, miljø og rettferd, gudsteneste, musikk, misjon, og dessutan jus og økonomiforvalting

I kvart av dei elleve bispedøma er det eit bispedømeråd. Bispedømerådet tilset prestar og enkelte andre tilsette i kyrkja. Medlemmane av bispedømerådet er òg medlemmar av Kyrkjemøtet, det øvste organet i Den norske kyrkja.

Begge råda møtest 2-5 gonger i halvåret. Medlemmane vert valde for fire år.

Kandidatlister

Soknerådet skal oppnemne ein nominasjonskomité som skal nominere kandidatar til soknerådsvalet. Det er i tillegg høve for andre til å levere inn eigne kandidatlister innan 30. april 2019. Alle kandidatlister er sette opp i prioritert rekkjefølgje. 

Alle kandidatlister er sett opp i prioritert rekkjefølgje.

Til dei regionale bispedømmerådsvala vil det finnast lister frå ein nominasjonskomité (som består av éin medlem frå kvart prosti i bispedømmet etter avstemming i eit valmøte der kvart sokneråd sender sin representant). I tillegg kan det kome lister frå andre nomineringsgrupper. Slike grupper kan ved å registrere seg innan 2. januar, søkja om økonomisk støtte til arbeidet sitt.

Mangfald og fellesskap

Medlemmane i sokneråda og bispedømmeråda har ulik utdannings- og yrkesbakgrunn og mange er òg aktive på andre arenaer i lokalsamfunnet.

Kyrkja skal vere ein fellesskap der mangfald  er med på å gjera fellesskapen rikare. Uansett bakgrunn er engasjementet ditt ein styrke for kyrkja og kyrkjelyden der du bur.

Kyrkja di, valet ditt

Ved kyrkjevalet i 2015 sa 520 323 kyrkjemedlemmar meininga si om kven som skal styre kyrkja. Ca. 3,1 millionar nordmenn har rett til å stemme ved kyrkjevalet 8.-9. september i 2019.

Men kven skal du stemme på? Kanskje svaret er deg sjølv?

 

Besøk kyrkjevalet.no

Fleire sakar:
Folkehelse i kyrkje og kommune
Kveldsgudstenesteserie i Brynekyrkja hausten 2019
Folkehelse i kyrkje og kommune
Under bispevisitasen i desember 2018 kom det mykje skrøyt for samhandlinga mellom kyrkja og kommunen i Time.  Biskopen utfordra til å «halda på den gode kontakten med kommunen,...
LES MEIR | 03. Juli 2019
"Mysterie i trua er stort..."
Bibelkveldar i Brynekyrkja
"Mysterie i trua er stort..."
Denne hausten vil me ha fokus på trua som mysterium på Bibelkveldane i Brynekyrkja. Me vil gå inn i dette ut frå ulike vinklar, og klargjera hovedtema gjennom to innlegg kvar kveld.
LES MEIR | 25. Juni 2019

Kva skjer?
Les også:
Di stemme tel!
Tid og stad for førehandsrøysting til Kyrkjevalet
Di stemme tel!
Er du ein av dei 3,7 millionane som er medlem i Den norske kyrkja? Då er stemma di viktig i Kyrkjevalet! Når du stemmer, gir du ein tommel opp til den lokale kyrkjelyden...
LES MEIR | 29. Mai 2019
Ledig stilling som kyrkjelydsutviklar/dagleg leiar
Ønskjer du å vera med å leia ein kyrkjelyd i vekst og utvikling? Er du nytenkjande og ønskjer ei allsidig og utfordrande stilling i Den norske kyrkja? Time kyrkjelege fellesråd...
LES MEIR | 05. August 2019

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone