Liv Fevang og John Josefsen i kyrkja
Kveldsgudsteneste 31.mars

Liv Fevang og John Josefsen i kyrkja

Av: Stein Ødegård
Publisert: 13. Mars 2019
Det er ALLTID for tidlig å gi opp! Det går an å bli glad igjen! Liv Breivikås Fevang deler frå sine livserfaringar 31.mars i kveldsgudstenesteserien «Gull i det som brast».

Sundag 31.mars i Bryne kyrkje blir det nye møter om det skjøre og sårbare livet, i kveldsgudstenesteserien «Gull i det som brast».  Temaet er inspirert av den japanske krukkekunsten med å reparera knust keramikk. Det som har gått sund, vert sett saman ved bruk av gull. 

På sundagskvelden vil Liv Breivikås Fevang fortelja frå sine livserfaringar.

Liv er erfaringsformidlar og sjukepleiar. Etter 14 år som ufør, jobbar ho nå som undervisningsansvarleg konsulent med erfaringskompetanse i Forsknings og Undervisningsenheten i Klinikker Psykisk Helsevern på SUS.

Ho er mor til 5 søner, og har mista 2 av dei. Ein døde på grunn av sjukdom, og eldstemann døde heilt plutseleg i 2013. I tillegg har ho opplevd traumer frå tidleg barndom.

Liv vil dela noko av historien sin, fortelja om då Gud blei borte, og korleis det i dag er muleg å leva vidare.  Det er ALLTID for tidlig å gi opp! Det går an å bli glad igjen!

Musikken i kveldsgudstenesta står Per Olav Egeland og John Josefsen for.  Josefsen er multikunstnar, keramikar og instrumentutviklar.  Blant anna leikar han seg med atskillege kreative krysningar av gitar og kjente reiskapar i ei bondehand.  Han spelar munnspel, bass og gitar i ulike band prega av jazz og blues. I kyrkja vil han bidra både musikalsk og med erfaringar som kunstnar, som ser verdiar i det som andre kan rekna for lite verd.

Kveldsgudstenesta har også stille tid med nattverd og vandring til bord med tekstar, symbolhandlingar og lystenning.

Fleire sakar:
Digikirka.no - Ny nettstad for digitale sendinger frå lokalområdet
Digikirka er på lufta! God oversikt over sundagens direktesendingar.
LES MEIR | 23. April 2021
Sjå gudstenesta frå 25. april her
Det er ei stor glede og igjen kunne invitere til gudsteneste i Brynekyrkja. Det er altfor lenge sidan sist.
LES MEIR | 22. April 2021

Kva skjer?
Les også:
Konfirmasjonsgudstenester i Bryne kyrkje sundag 9. mai
Det blir 3 gudstenester denne sundagen. Kl 10:30, 11:45 og kl. 13:00
LES MEIR | 07. Mai 2021
I dag kan du sjå første episode av Søndagstanker på DigiKirka.no/sondagstankar.
Denne gongen med prost Lars Sigurd Tjelle
LES MEIR | 08. Mai 2021

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone