Dåpsskule i Brynekyrkja

Dåpsskule i Brynekyrkja

Publisert: 11. April 2019

Våren er i gang og tradisjonstru har det votre arrangert Dåpsskule i Bryne Kyrkje. Gjennom tre samlingar har ni 1. klassingar fått læra om Sakkeus og Jesus som ville vera venen hans, om dåpen og kvifor me døypar oss, og om påskebodskapen og Jesus som gav sitt liv for oss.

Me har laga både kjøleskapspuslespel, maleri og sokkerdokker, teikna og leika, og hatt høgtlesing om dei tre venene Tuva, Stian og Erlend i boka «Tre i eit tre».

Heile dåpsskulen vart avslutta med eit påskedrama under gudstenesta på sundag 7. april der alle dåpsskuleborna var med og gjorde ein kjempe god jobb!

Tusen takk til alle foreldre som kunne bidra med baking og som praktisks hjelp, og ikkje minst tusen takk til alle dåpsskuleborna som ville ta turen til Bryne Kyrkje å vera med på Dåpsskulen!

Dåpsskule i Brynekyrkja
Fleire sakar:
Di stemme tel!
Tid og stad for førehandsrøysting til Kyrkjevalet
Di stemme tel!
Er du ein av dei 3,7 millionane som er medlem i Den norske kyrkja? Då er stemma di viktig i Kyrkjevalet! Når du stemmer, gir du ein tommel opp til den lokale kyrkjelyden...
LES MEIR | 29. Mai 2019
 Diakon i Time - 100 % fast stilling
Vi har ledig 100% fast stilling som diakon og søkjer etter ein person som kan leie det diakonale arbeidet i dei tre sokna på ein god måte i åra framover.
LES MEIR | 09. April 2019

Kva skjer?
Les også:
Pinsefart i Brynekyrkja!
I mai har Brynekyrkja vore så heldige å hatt besøk av ni 2. klassingar på Pinsefart.
LES MEIR | 05. Juni 2019
På Sporet av Jesus for 4. klassingar
Har du nokon gong lurt på kven Jesus var og kva han hadde å seia for menneska han møtte? Dette fekk i alle fall 22 born svar på etter å ha vore med på «På Sporet av Jesus» på Undheim på laurdag!
LES MEIR | 18. Juni 2019

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone