Di stemme tel!
Tid og stad for førehandsrøysting til Kyrkjevalet

Di stemme tel!

Publisert: 29. Mai 2019
Er du ein av dei 3,7 millionane som er medlem i Den norske kyrkja? Då er stemma di viktig i Kyrkjevalet! Når du stemmer, gir du ein tommel opp til den lokale kyrkjelyden din, og du er med på å bestemme kven som skal leie den framover.

Korleis hadde lokalsamfunnet vårt sett ut utan kyrkja? Korleis ville landet vårt vore utan ei folkekyrkje? Kyrkja er til stades over alt i Noreg. Den tek del i kvardagsliva våre og ved større og mindre hendingar i livet. I sorga og festen, i trøysta, songen, leiken og gleda. Kyrkja er open for alle, frå vogge til grav. Kyrkja har rom for deg!

Korleis vil du at kyrkja skal vere? Ved Kyrkjevalet 9. september har du høve til å påverke: På same tid som det er val til og kommunestyre og fylkesting og i eit vallokale like ved, kan du også stemme fram kven som skal leie kyrkja på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Du kan også stemme på førehand frå 10. august til 6. september.


To val
Kyrkjevalet er to val: Du kan stemme på kandidatar til soknerådet og til bispedømeråd og Kyrkjemøtet. 
Til soknerådsvalet har ein gjeng flotte medlemer sagt ja til å vere kandidatar til soknerådet og leie kyrkjelyden dei fire neste åra. Dette er eit fleirtalsval, der du har høve til å gje inntil tre kandidatar ei ekstrastemme. Kandidatane med flest stemmer blir med i rådet.

Ved val til bispedømeråd og Kyrkjemøtet i Stavanger bispedøme stiller Bønnelista, Nominasjonskomiteens liste og Åpen folkekirke lister. Dette er eit forholdstalsval, der den endelege samansetjinga av rådet speglar både kor mange stemmer som gjekk til kvar enkelt liste og til kvar kandidat. Veljarane kan gje ekstra stemme til tre kandidatar og i tillegg flytta over inntil tre namn frå andre lister til den lista dei stemmer på.
Kvart av dei elleve bispedøma i landet vårt har eit bispedømeråd. Rådet tilset blant anna prestar og leier bispedømet saman med biskopen. Medlemene av bispedømerådet er også medlemer av Kyrkjemøtet, det øvste representative organet i Den norske kyrkja.


Tid og stad for kyrkjevalet

Førehandsrøysting:

Ein kan førehandsrøyste til kyrkjevalet i perioden 10. august til 06. september 2019.
For Bryne, Time og Undheim sokn vil det vera mogleg å førehandsrøyste på Time kyrkjekontor kvardagar frå kl 09.00-14.00, torsdagar fram til kl 18.00.
Husk å ta med valkortet!

Valgting:
Val til sokneråd og bispedømmeråd måndag 9. september
Bryne stemmekrets: Måndag 9.sept. kl 09.00-21.00, Time rådhus, Arne Garborgsveg 30, Bryne
 

Velkommen til Kyrkjevalet 2019!

Les meir om kyrkjevalet og kandidatane på https://kirken.no/valg/

Relaterte artikler
Fleire sakar:
 Diakon i Time - 100 % fast stilling
Vi har ledig 100% fast stilling som diakon og søkjer etter ein person som kan leie det diakonale arbeidet i dei tre sokna på ein god måte i åra framover.
LES MEIR | 09. April 2019
Konfirmant 2020
Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkommen til konfirmasjon i kyrkja.
LES MEIR | 16. Mai 2019

Kva skjer?
Les også:
Pinsefart i Brynekyrkja!
I mai har Brynekyrkja vore så heldige å hatt besøk av ni 2. klassingar på Pinsefart.
LES MEIR | 05. Juni 2019
På Sporet av Jesus for 4. klassingar
Har du nokon gong lurt på kven Jesus var og kva han hadde å seia for menneska han møtte? Dette fekk i alle fall 22 born svar på etter å ha vore med på «På Sporet av Jesus» på Undheim på laurdag!
LES MEIR | 18. Juni 2019

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone