"Mysterie i trua er stort..."
Bibelkveldar i Brynekyrkja

"Mysterie i trua er stort..."

Publisert: 25. Juni 2019
Høyr undervisninga frå bibelkveldane i Brynekyrkja hausten 2019


_

«Mysteriet i trua er stort..»

Det er eit slags framhald av det som var tema sist haust: «Trua sitt univers». Me vil fokusera på det underfulle, det rystande og det tiltrekkjande i trua: «Mysterium tremendum et fascinosum». Når Gud gir seg til kjenne, får mennesket ei kjensle av å stå på heilag grunn, og samstundes kjenner det seg dregen mot Gud. Vår tru, slik me fastheld den i dei tre trusartiklane, har skjulte dimensjonar og skjulte, underfulle skapar. Den svenske teologen Agne Nordlander omtaler Korsets Mysterium som «- et mysterium som både skal forklares, utlegges og bli forstått, og på samme tid verken kan forklares eller begripes fullt ut, men skal tilbes og lovprises.» 


Salmisten undrar seg over skaparverket, og seier: «Når eg ser din himmel,… kva er då eit menneske – at du hugsar på det,-« (Sal 8).
Jesus seier til sine læresveinar: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane (mysteriene) om Guds rike.» (Luk 8,10).
Apostelen Paulus seier om dei som tener i kyrkja at: «Dei skal eiga mysteriet i trua i eit reint samvit.» (1 Tim 3,9) Ja, «..mysteriet i vår gudstru er stort.» (v. 16). Vårt samfunn med Kristus og med kvarandre blir stadig omtalt som noko underfullt, ein ufaffeleg relasjon.


Avgrensing
Samstundes med at trua blei omtalt som noko mysteriøst, tok ein i oldkyrkja avstand frå «mysterie-religionane». Dei la vekta på sære opplevingar og menneskesentrert religiøsitet. I den kristne trua derimot tilbad ein Skaparen, Frelsaren og Anden som gir det sanne livet.

Desse vil stå for undervisinga:
Bård Mæland, prorektor VID/MHS, prof. ST.
Anna Rebecca Solevåg, prof. ved VID/MHS.
Stein Ødegård, cand. theol frå MF, Sokneprest i Bryne.
Kjetil Aano, tidl. misjonær og gen.sekr. i NMS, prost i DnK.
Joar Haga, amanuensis ved VID/MHS.
Jens Olav Mæland, tdl. lærer ved Fjellhaug Skoler og prest i DnK.

 

Undervisingsmateriale
Det vil bli delt ut undervisingsmateriale undervegs. Me trur mange vil ha stor nytte av Bibelkveldane, og me ønskjer at bibelgrupper og foreiningar legg sine samlingar til desse

Det blir høve til spørsmål.
Kaffipause mellom innlegga

 

PROGRAM

24. september kl. 19.00 - 21.15
Vår kristne tru som ‘mysterium’
Ei bibelteologisk innføring i korleis dette perspektvet trer fram i Bibelen.
Jens Olav Mæland

Skaparverket som noko ufatteleg og fascinerande. Kva er eit menneske at du kjem det i hug?
Bård Mæland

8. oktober kl. 19.00 - 21.15
Kristi forsoningsverk – eit mysterium! «.. eit mysterium, Guds løynde visdom.»
Anna Rebecca Solevåg

Kristus og kyrkja – eit stort mysterium!
Kyrkja er meir enn det me sansar – også lokalt.
Stein Ødegård

22. oktober kl. 19.00 - 21.15
Der får me del i Guds mysterium!

Om gudstenesta som staden der Guds mysterium kjem til oss og skaper tru og liv.
Kjetil Aano

Truserfaring og kristen mystikk.
Om korleis «våre fedre» avviste spekulativ mystkk,
og samstundes la vekt på ekte truserfaring.
Joar Haga

Relaterte dokumenter
Fleire sakar:
Har du vært med på gudstjenester via skjermen de siste ukene?
Undersøkelse om gudstjenesteopplevelse på skjerm.
LES MEIR | 29. Mai 2020
12Hours festival og Skjærgårds Live Time
LES MEIR | 29. Mai 2020

Kva skjer?
Les også:
Velkommen til gudsteneste i sommar
Endeleg kan me invitera til opne gudstenester. Inntil 200 personar med 1 meters avstand. Me må fortsatt registrere namn og telefonnr. Ta gjerne med lapp for å gjere registreringa raskare og enklare.
LES MEIR | 22. Juni 2020
Misjonsprosjekta i Brynekyrkja
Ver med og hugs våre venner lengre sør!
LES MEIR | 04. Mai 2020

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone